Leif Wikøren Nilsen

Kor mykje er eit menneske verdt?

Kor mykje er du verdt for Gud?

I Bjerkreim kostar ein full barnehageplass 2.405 kr pr månad i foreldrebetaling. Inkludert andre satsar, endar foreldre opp med omkring 37.400 pr år. Og det er berre 15% av det ein barnehageplass faktisk kostar. Frå eit barn er 1 år til det byrjar på skulen (5 år) kostar eit barnehageplass 1.25 millioner kroner. Er det så mye eit menneske er verdt?

I Bjerkreim får skulane budsjettert om lag 41 millioner kr kvart år. Dette går til bygningar, leikeplassar, løn, drift, skulebøker og mykje anna. Om lag 300 elevar skal gå 10 år kvar på skulen i Bjerkreim. I utdanning kostar difor kvart barn Bjerkreim kommune 1, 37 millioner kr. Er det så mykje eit menneske er verdt?

Oljefondet gjekk nett over 7.000 milliardar kroner. Det er 1, 35 millioner kroner pr nordmann. Er det så mykje me er verdt?

I media har det vore omtale av og diskusjon om legemidlet Perjeta som gir i snitt 15, 6 måneder lengre levetid for pasienter med brystkreft. Men helseforetaka og legemiddelprodusentane er ikkje samde om prisen for medisinen. Legemiddelprodusenten har på eit tidspunkt krevd så mykje som 1, 85 millioner kroner for kvart vunne leveår. Mykje meir enn det norske myndigheter har sett som maks-grense. Er det tilbud og etterspørsel, eller kanskje denne maksgrensa bestemmer kor mykje eit mennesket er verdt?

Eg er lært opp til at me ikkje kan sette prislappar på menneske. Likevel: Kor mykje er me verdt for Gud?

Me feirar i desse tider påske. Det er den tida me ser at Gud elska verda så høgt at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3, 16. For Gud er du så mykje verdt...

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..