Leif Wikøren Nilsen

Giverglede

Når velstanden veks, gjev ein mindre. Statistisk sett.

Bjerkreimsbuen gjev godt til både Fasteaksjon, misjon, naudhjelp, og mykje anna. Lokalt engasjement som Window of Hope, Gadjiwan, utbygginga på Misjonshuset bør også nemnast. Samstundes høyrer me at fleire av dei store misjonsorganisasjonane slit. Rekneskapstal, statistikk og konsumprisindeks viser at det vert gjeve stadig mindre til veldedige formål. Viljen til å hjelpe synast ikkje veldig stor inne på Løvebakken heller. Kva skjer? Eg kom over ein artikkel som fortel at det etter 11. september 2001 blei ein markant nedgang i gåver til mange veldedige organisasjoner i USA. Det blei sagt at dette hadde ein naturleg samanheng med at mange ga til organisasjonar som hjalp ofra og familiane deira. Privatøkonomien til mange romma ikkje både dette nye og det gamle. Då kom det også ein reflektert kommentar som kan verke som eit korrektiv til mange av oss også: ”Viss gåvene reflekterer at folk har ein meir anstrengt økonomi no, kvifor gjekk då ikkje gåvene tilsvarande opp då økonomien vaks?” I Mark 12, 41-44 står det at Jesus sette seg og såg korleis folk la penger i tempelkista. Mange rike gav mykje, står det, og så var det ei fattig enkje som la i to småmyntar, nokre få øre. Jesus løftar fram enkja. Ho ”gav av sin fattigdom”, seier Jesus, ”alt det ho skulle leve av”. Det er eit tankekors at me, som slår oss for brystet og kallar oss verdsmeistrar i bistand, gjev stadig mindre i forhold til vår velstand. Eller tar eg feil? Er ikkje økonomien i Noreg og i Bjerkreim framleis i vekst?

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..