Leif Wikøren Nilsen

Sommartanker

Om å fylgja etter Jesus. Kvar dag.

I Luk 9, 23-26 står det: Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne? For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom»

Eg hadde dette bibelordet på russekortet mitt i si tid. Eg var ”credoruss”. Bibelordet både var og er ein realitetsorientering for meg. ”Å ta krossen opp”, fortel at livet er hardt arbeid. Sjølvsagt gjeld det uavhengig om ein fygjer etter Jesus eller ei. Men for den som fylgjer etter Jesus er dette hardt arbeid i lys av å ha ein himmel i vente. No som ferien står for døra er det verdt å hugse på dette. Ein tek ikkje ferie frå kristennamnet. Å vere kristen er ikkje eit arbeid, eit verv, eit skulefag. Å fylgje etter Jesus er noko ein er – dagleg – og heile tida – det vere seg der ein er; i familien, på arbeid eller på hytta, på ein leir, på eit stevne eller på ein gudsteneste. God sommar.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..