Soknepresten om kyrkjeval
Det er val i kyrkja. Til sokneråd og bisperåd. Valet blir halde samstundes som det er val til kommunestyre og fylkesting. Demokrati og solidaritet er viktige verdiar både i kyrkja og i samfunn elles.
I dei kommande 4 åra er det blitt varsla ein kyrkjereform. Kyrkje og stat skal skiljast. Det er dei som blir valgt inn i råd og styre nå som skal få tillit og makt til å meine noko om dette - på vegne av alle. Vidare er det eit fantastisk arbeid som blir gjort ”på kvart eit nes” i det ganske land. Men det er ikkje sjølvsagt at dette vil vare ved. Trusopplæring, sjelesorg, møter i kvardag og i høgtider, gjennom hele livet. Ønskjer me at dette skal bestå på same nivå som i dag? Vil me styrkje det? Eller vil me vere kyrkje for dei få spesielt interesserte? Soknerådet, som du kan vere med å velje, blir sett til å vere med å styre og forvalte alt dette også.
Så eg vonar at du som har stemmerett i Bjerkreim, også vil nytte stemmeretten din. Me treng eit godt sokneråd med brei tillit – til alle dei oppgåver og spørsmål som ligg framover. Bruker du ikkje stemmeretten, kan du knapt klage etterpå... Godt val.