Leif Wikøren Nilsen

År sidan.. framleis aktuell?

2 år til reformasjonsjubile

Laurdag den 31. oktober var det på dagen 498 år sidan ein viss Martin Luther fann fram hammar og spikar og spikra opp arket med 95 tesar på kyrkjedøra i Wittenberg. 31. oktober 1517 var den offisielle starten for reformasjonen. Me i Noreg er alle eit resultat av den – om enn på noko ulikt vis.

Eg var med prestane i bispedømmet på studietur i overgangen september / oktober og fekk friska opp gammal kunnskap: Kven var han Luther? Kvifor desse tesene? Kva betyr reformasjonen? Martin Luther? Denne delen av vår kyrkjelege arv? Kva betyr dette for oss i dag? Me blei også utfordra: korleis kan me i Bjerkreim vera med å markera 500-års-jubileum for reformasjonen om 2 år? Eg har fått nokre tankar; eg vil prøve å gje vidare noko av arven vår i tida framover. Eg trur du vil finne det høgst dagsaktuelt framleis. Her er eit døme:

Når Jesus sa: ”Vend om!” (Matt 4, 17), ville han at heile livet til den truande skulle vere ei omvending. Omvendinga kan ikkje berre vere ei tidsavgrensa innvendig omvending. Ei slik innvendig omvending er ikkje godt for noko. Ei sann omvending er varig og synleg i den truande sitt liv. (Fritt omskrive frå den 1. og 3. tesa).

Er det slik at me som einskildmenneskje, og som samfunn, gjer det gode? Eller tåler me den urett som ikkje rammer oss sjølve, så altfor altfor vel? Tenk berre: ..krig.. ..flyktningar.. ..fattige.. ..sjuke.. Så lat oss då leva liv som står i stil til omvendinga!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..