Leif Wikøren Nilsen

Kva er bibellesing?

Går det an å finne nye formar for bibellesing tilpassa nye tidar?

Bibelen var fyrst skrive på rullar - ikkje så ulikt som ein rullar teksta på eit moderne nettbrett. Kristne i ur-kirka hadde behov for mange kopier av dei heilage tekstene. Snart kom bokformen (codex) med perm og ark. Er Bibellesing det å lese i slike Bibelrullar og Bibelbøker?

Opp gjennom historia har det skrevne ordet ikkje vore tilgjengeleg for folk flest. Ja, folk flest kunne ikkje ein gong lese. Difor hugsa man på Bibelord, man lærte seg bibelhistoriar utanatt, og man gjenfortalte det man hadde høyrt. Er Bibellesing å høyre og fortelle historia slik vidare?

Eller det å ha eit Bibelvers skrive på eit smykke, ei krukke, eit bilete? Denne bibelbruken kan likne på talismaner.. små teikn på kven ein trur på, kanskje for hjelp, kanskje for velsigning.. på synlege og mindre synlege plassar i hus eller på klede. Er det Bibellesing?

Gudstenesten sine ledd har alle røtter til eit eller fleire Bibelvers. Er sjølve gudstenesten - og gudstenestens orden ein form for Bibellesing?

Sjølve Bibeltekstene har opp gjennom blitt utlagt og prekt over på utallige måtar. Historiar har blitt plausibelt utbrodert. Her på G3-gudstenesten i september fortalte eg mellom anna om røverane på krossen. «Gestas spotta Jesus og Dysmas bad om forbøn», fortalte eg. I Bibelen er desse røvarane namnlause. Eg er ikkje den fyrste til å gje røvarane namn. Prester og predikantar og folk elles har for eksempel lurt på røvarane: Kva skjedde? Kva slags røvara var dei? Kan dei ha samband med andre fortellingar i Bibelen? -- Er Bibellesing å fortelle slikt over og rundt opplysningane me finn i Bibelen?

Bibeltekstene har i nyare tid blitt gjenfortalt gjennom nye medier. Frå illustrasjonar til teikneseriar og frå dramatisering til julespel. Og me finn filmar som Jesus frå Nasareth, Prinsen av Egypt og Noah. Også desse fortellinane tar utgangspunkt i Bibelen, men for å tilpassa seg formatet og lærretet og kritikarar og publikum, vert det utbrodert over og rundt Bibelopplysningane. Er dette Bibellesing?

Svaret på alt dette må være eit «ja». Alt dette er forskjellige døme på Bibellesing. Eg kunne nemt mange fleir dømer. Men dette høyrest sikkert allerede no rotete ut. Kva skjer med orginal fortellinga? Og difor er det fint å kunne gjøre to ting man også gjorde på reformasjonens tid. Man gikk til kildene (ad fontes). Og man holdt fram Skriften alene (sola scriptura).

Ja, det er fint med alle utleggingar, filmar og julespel, men les og bli kjent med orginalen. Ikkje la Bibelen sjølv forsvinne i alle de andre fantastiske Bibellesingar me omgjer oss med.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..