Leif Wikøren Nilsen

På vegne av Gud

Om å synleggjere det Gud allereie har gjort

Det hender at eg som prest vert spurd om å vere «skriftefar». Kan hende det er nokon som har noe uoppgjort med ein annan – eller i forhold til seg sjølv. Og så vil ein gjere opp. Funksjonen min som prest er då å vere «skriftefar».

Martin Luther skriv i ei av hans 95 teser at ingen kan tilgje verken synd eller skuld. Men det ein kan gjere er å synleggjere det Gud allereie har gjort (fritt omskrive frå den 6. tesa). Og det er jo fint. Det kjennest godt - ikkje berre vite at Gud tilgjev - men og å få høyre, sjå og oppleve Guds nåde fysisk tilstade.

Ein del av mi sjølvforståing som prest, ligg i nettopp det å ha ei slik haldning. Om nokon vil at ha skriftemål, vigsel, gravferd, sjelesorg, velsigning, bøn, dåp, nattverdd eller ei preike eller kva som helst, så kan eg aldri gjere noko anna enn å synleggjere det Gud allereie har gjort, sagt og lova for oss.

Slik også nå når me skal feire jul. Me veit me har røde dager på kalenderen fordi me feirer at Jesus blei født. Men ein kan og ta turen til kyrkja; for å oppleve juleevangeliet – i ord, songar, preike, bøn, felleskap og velsigning. Ikkje fordi me trur at Gud er avhengig av at me skal vere tilstade, men fordi me då kan oppleve det Gud allereie har gjort: Han blei menneske, Gud ble født blant oss. I ham har kvar den som trur, frelse og glede.

Så sjåast vi i kyrkja då. God jul.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..