Leif Wikøren Nilsen

Godt nytt år!

Nye moglegheiter

Tenk - eit nytt år! Det gamle er over og «lagt bak oss». Høgtid skal etterfølgjast av kvardagar. Nye dagar, nye mulegheiter. Alf Prøysen sa noko om «blanke ark og fargestifter». Og tema for nyttårsaftan i kyrkja er gjerne kring dette. Å leggja det gamle bak seg. Starte med nytt mot, nytt håp, nye mulegheiter. For eksempel med teksta frå Jeremia 29, 11: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.» Ein ny start! Det gamle er borte. Noko nytt kjem.

I jødisk tradisjon kan ein finne ein del av dei same tankane, mellom anna i «Forsoningsdagen» («Yom Kippur»). Det er den store dagen ein angrar, vedkjenner og gjer opp sine synder med Gud, jf 3. Mos 16.

Også Martin Luther skreiv at «ein kvar omvendt kristen har rett til full tilgjeving av synd og skuld» (fritt frå den 36. av Luthers 95 teser).

Eg tenkjer at det er godt å ta med seg slike tankar ved overgangen til eit nytt år. Flaum og dårleg vêr vil me helst gløyma. Mistak og feilgrep likeeins. Samstundes er det nokre ting me tar med oss. Flyktningstraumen har prega 2015 og vil etter alt å døma prega 2016 også. Menneskepåførte endringar på naturen vil vere ein del av kvardagen vår nå også. Likeeins låg oljepris og mykje meir. Korleis handtera alt dette inn i eit nytt år? Ikkje med å gløyme eller å oversjå. Men med å velje å gjere dei rette vala, dei rette handlingane, til rett tid. «Me treng mot til å gjere noko med det me kan gjere noko med. Og samstundes akseptera dei ting me ikkje kan forandre.» (fritt frå «sinnsrobøna»).

Med dette ønskjer eg dykk alle eit riktig godt og velsigna nytt år.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..