Leif Wikøren Nilsen

Varer jula heilt til påske?

Nei! For derimellom kommer faste!

Og me går inn i fastetida samstundes som skulen startar sin vinterferie. Som om det ikkje er nok. Det er også Valentinsdag den fyrste sundagen i faste. Valentinsdagen er kjærleiksdagen. Med raude roser og gåver. Kanskje ein middag for to. Med levande lys. Og varme hjarter.

Teksta for fyrste sundag i fastetida kan virke som ein motsetnad til valentinsdagen. Teksta er frå Matt 26, 36-45 og der finn me forteljinga om Jesus som bed i Getsemane. Men så slår det meg at bøna i Getsemane også er ei kjærleikserklæring. Det er ei kjærleikserklæring med Gud som avsendar og oss menneske som mottakar. «For så høgt elska Gud verda» at han ikkje ei gong sparte sin eigen Son – for mi og di skuld.

Guds kjærleik er altså ikkje erklært over eit måltid mat, men gjennom tårer, blod, kors og død. Og i denne tankemessige spagaten, ligg fastens hemmelighet.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..