Leif Wikøren Nilsen

Faste

Den rette faste

Det er fastetid. Jesus er opptatt av måten me faster på. I Matt 6 seier Jesus: «Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Når du fastar, skal ingen sjå at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.»

Fasten er altså ikkje eit mål i seg sjølv. Fasten handlar meir om vårt forhold til Gud. Den får oss til å sjå kven me er – og kven Gud er. Ikkje minst framover til påskeunderet.

Faste kan handle om å setje av tid til bøn. Men det er mykje som stel av vår tid, vår konsentrasjon, vårt hjarte – slik at me ikkje lenger klarer å pleie vårt forhold til Gud. I denne fastetida kan det då vere på sin plass å prøve seg sjølv – og kanskje avstå frå noko av det som tar av vår tid og vår oppmerksomhet. Så kva tek eigentlig av vår tid og vår oppmerksomhet i dag? Eg har lyst til å slå eit slag for at mobilar og sosiale media skal spele ein litt mindre plass i liva våre.. For.. er ikkje det rett faste anno 2016? ..altså å skru av mobilen? Til fordel for å vere til stede for oss sjølve.. for nesten.. og for Gud.

Fortsatt god faste .. og etter kvert .. ein velsigna påske

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..