Leif Wikøren Nilsen

Veit du kvifor me har gudstenester på sundagen?

Kvifor ikkje på måndagen? Fredagen? Eller laurdagen? Det er eit bevisst val som ligg bak.

Det tredje bodet seier at me skal halde kviledagen heilag. Kviledagen er den 7. dag i veka. Av gamalt er det laurdagen (sabbaten). Jødane held denne heilag mellom anna med å gå i synagogen, halde gudsteneste, nettopp på denne dagen. Så kvifor ikkje me?

Jesus lærar oss ei gong at menneske ikkje er til for kviledagen si skuld, men at kviledagen er til for menneske. (Mark 2, 27) Det er eit viktig poeng, men ikkje grunnen til at me har gudstenester på sundagen.

I evangelia kan me lese at Jesus stod opp den fyrste dagen i veka. Dei kristne fortsette å kome i synagogene på laurdagen, men sundagen begynte snart å overskygge sabbaten i betydning. Kvar sundag blei ein liten påskedag. Ein festdag. Og kvile og helligdagsbestemmelsene flyttet man frå laurdagen til sundagen.

Utan Jesu død og oppstanding, er vår tru ingen ting, 1 Kor 1, 18. Å feire gudsteneste på sundagen, første dag i veka, er ei Guds kraft, ei understreking av kjernen i vår tru. Me treng sundagen, ein kviledag, 1 av 7 dager då me kan slappe av frå vår tids mas og kjas. Me treng sundagen for å alltid minnast på Jesu oppstandelse påskedag. Me treng sundagen for å samlast. Om ordet. Og som samfunn. Som kristne.

Fortsatt god påske!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..