Leif Wikøren Nilsen

Kom mai du skjønne milde

Travelt og kvile

Det er mykje som skjer i mai i Bjerkreim, som vanleg. Det yrer av lam på gardane, trea begynner å grønast og graset veks. Kyrkjeleg skjer det også mykje; det er alt frå helgetorsdag til 17. mai, pinse og konfirmasjon. Travelt var det også for Jesus og læresveinane hans til tider. Mark 6, 30. Jesus ville då at dei skulle dra til ein aud stad, vere åleine og kvile seg. Mark 6, 31. Men då dei kom fram, hadde folk allereie funne ut kvar dei skulle, og samla seg. Kvilestaden blei nok ein arbeidsstad. Mark 6, 32-34.

Når livet er slitsamt, er det viktig å ta seg tid til å hente seg inn igjen – få nytt fotfeste – bli lada opp igjen. Nye oppgåver kjem. Det veit me. Men i Jesus, kan Han gjere til og med det som er lite og veikt til stor velsigning. For oss sjølve og for nesten. Mark 6, 35-44. Så kom du mai – du skjønne milde.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..