Leif Wikøren Nilsen

Tankar om treeiningstida

Treeiningstida er den lengste tida i kyrkjeåret

Treeiningstida er den lengste tida i kyrkjeåret. Den startar søndagen etter pinse (treeiningssøndag) og varar fram til advent.

Sjølve treeininga er den tredelinga me finn i Bibelen omkring Gud. Han er Far, Son og Heilag Ande. Og kvar av desse har kvar sine karakteristiske trekk. Mellom anna omtalast dei som Skapar, Frelsar og Trøystar i salme 239 i Norsk salmebok. Eller; ein kollega formulerte seg om lag slik: Anden viser oss Sonen så me blir kjent med Far.

I treeiningstida skal me veksa i tru og gjerning; me lærer både Gud, nesten og oss sjølve betre å kjenne.

I overgangen mai/juni er det konfirmasjon i Bjerkreim. For mange er livet fram til konfirmasjon og vaksen alder, prega av mellom anna opplæring i den kristne trua. Mange ulike lag, foreiningar og aktivitetar i Bjerkreim tek del i dette på ulikt vis.

Nokre har den oppfatning at ein i overgang ungdom/vaksen alder skal ta eit forvel med kyrkja. «No får ein klara seg sjølv.» Men det er sjølvsagt ikkje slik. Den lengste tida i livet er for dei fleste av oss nettopp dette vaksne livet. Det er no me verkeleg kan kjenne kva det vil seie at Faderen er vår Skapar, Jesus vår Frelsar og Anden vår Trøystar. Difor vil eg oppmode deg til å halde fast på det du har blitt lært opp til gjennom dåp, ulike trusopplæringstiltak, undervisning, konfirmasjon og alt Gud har gjeve deg. For nettopp dagen i dag – det er den første dag i resten av ditt liv.

God sommar og treeinighetstid

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..