Leif Wikøren Nilsen

Ein merkeleg pilegrimssommar

Så nær var dei skatten som varer i all æve

Vel overstått sommer.

Har du også merka at det har vore ein merkeleg sommar? Eg tenke ikkje på været. Nei. Men eg har sett mennesker som går nesten som i søvne. Med nasen ned i mobilskjermen. Eg har t.d sett dei vandra mellom bedehuset på Bjerkreim og på veg til skulen. Dei har gått heilt bort til kyrkjeporten. Men ikkje innanfor. Bjerkreimsnytt viser at det har vore få gudstenester og møter i sommar. Likevel har uvanleg mange vore interessert i nettopp desse plassane.

Så kvifor ein slik søvnig pilegrimsvandring? Jo. Det har visst komme eit nytt mobilspel. «Pokémon Go», heiter det. På bedehus og ved skulen er det visst blitt «pokéstops» som tilbyr ymse bonusar. Og kyrkjeporten har blitt til en virtuell gym-sal der pokémon trenar, kjempar og sloss. Eg må innrømme at eg har testa det ut eg og. Kan ikkje ver uvitande om dette. Det skjer jo mellom anna ved kyrkjeporten. Og eg må innrømme at det er litt gøy. Luft, sol og bittelitt trim får man også. Men eg kan ikkje seie at eg er jublande glad for at bedehus og kyrkjeporten har blitt virtuelle spille-stoppar. Men men.

Kva skal man så sei? På ein måte kan eg heldigvis sjå ein parallell mellom dette spill-fenomenet og det kyrkje og bedehus står midt oppe i.

I Ef 6, 12 står det: For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

Det finst ein kamp. Og striden er altså til dels «uhandgripeleg» i begge tilfeller.

Så har eg tenkt litt til. Er det ikkje slik folk alltid spring? Ein jagar øyeblikkets innfall og forlystelse, eller penger, berømmelse og eige ego. Det forsterkast ved at denne gongen er jakten aldeles virtuel. Dette finst ikkje. Det er eit fiktivt spel. Tidsfordriv. Og likevel har det tatt verden med storm. Bjerkreim også.

Og så er dette spelet også ein motsetnad til kva kyrkja står for. Ja, ein leitar /utanfor/ bedehus. /utanfor/ kyrkjer. og finn det som falmar og forsvinn og blir til inkje. Kor lenge vil denne farsotten vare? Og så veit ein ikkje at ein på vegen etter øyeblikket var så nær noko større. Så nær. Så nær. Ein skatt som varer til evig tid. Den var bare eit par små steg unna.

Matt 13, 44-46 Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren. Like eins er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vakre perler. Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte henne. 

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..