Leif Wikøren Nilsen

Kven er den største i himmelriket?

Typis menneske å krangla - også om det å vera størst i himmelriket?

Matt 18, 1-6.10-14

    1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

    5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.

    10 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.

12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.

prolog: typisk menneskleg å krangla om å vera størst..

Det hadde starta ganske uskuldeg.. Men det e jo gjerna sånn det starte. Det var bare ein diskusjon. Philip hadde tenkt høgt om at samaritanarane ville få ein større og viktigare plass enn i himmelen enn det mange før hadde trudd. Eg trur'kje dei blir *så* viktige, seie Peter, Dei har'kje det som ska te. Og dermed var diskusjonen i gang. Kver og ein av dei tolv hadde deira meininga om «kven som ville bli den største i himmelriket»:

Ville farisearane bli viktigst? Dei va jo veldig nøye på å holda orden på alle slags regla og bud. Dei passa nøye på alt mulig blei gjort, overholdt og fulgt opp. Ingen blei gløymt av dei.

Ellar kanskje det ville bli dei skriftlærde..? De kjente jo dei gamle tekstene ut og inn - heilt ned til minste lille tøddel av ein bokstav. Ja, dei konne til og med sitera eit bibelstykke eller eit passande bibelvers til einkvar anledning; til ein kvar livssituasjon.

Nei, seie Tomas, Eg har større tru på Sanhedrin, Det høyeste råd, dei har det som trengs. De kan greia ut om alle mulige slags teologiske spørsmål. Den tillitten dei har fått her på jord, komme heilt klart til å bli eit speilbilde av deira plass i himmelrik.

Men hallo då, gutta.. Kå med oss? Og alle snudde seg mot Johannes. Kå med oss som har gått fra hus og heim og arbeid og familie for å følga Jesus? Kå med oss? Og tanken slo ned i einkvar Akkurat... kanskje me! Og mens dei kikka rundt på dei andre Og kanskje *eg* vil ver den heldige som har den aller aller beste plassen i himmelen.

Men så må Matteus rista på hovudet. Han reise seg og protestere på heile diskusjonen.. Nei, detta e bare synsing, ønsketenkning og vill gjetting. Det e bare ein som kan sei det, og det e Mesteren sjølv. Eg vil hellar spør Jesus!

Ikkje lenge etter flokka dei tolv seg rundt Jesus. Og så spør dei ham: Kven av oss... *kremt* Kven er den største i himmelrik? .. Alle holde pusten. Kven vil han sei? Jakob, Johannes, Andreas, Peter? Kanskje Judas Iskariot som har fått ansvar å passe på pengekassa? Ellar vil det bli nogen heilt andre..?

Men Jesus kikke over gata. Der var det ein liten gut - og Jesus roptar han bort til seg. Gutten kommer og grip tak i ei av fingrene til Jesus. Jesus stille ham midt mellom alle. Og så seie Jesus til dei tolv: dokke vil veta kven som e den største i himmelrik.. vel, svaret e at det e den som e som eit lite barn .. som denna gutten her.

Jesus smile te gutten, og gutten smile tilbake. Han forstår ikkje heilt kå Jesus og dei prate om, men har skjønner at nok til å forstå at Jesus har løfta ham fram. Gjort ham til noko stort. Dei tolv kikke på Jesus - og på gutten - og på kverandre. Kå? protestere dei Eit barn? Missforstod du spørsmålet? Men Jesus forklare: Om dokke ikkje e villige å venda om og bli som små barn, så kjeme dokke ikkje inn i himmelrik. Den som gjer seg sjølv så liten som detta barnet, den e størst i himmelrik.

Kven e største i himmelrik? Denna fortellinga fekk dei første kristne, disiplane, apostlane og kristne opp gjennom historia te å tenka og fundera. Dei små barna blei gjort til eksempel for oss voksne. Ikkje fordi dei e nusselege (mange barn e bare heilt skjønne, spør ei kvar mor eller far, bestemor eller bestefar), men i Bibelen står det ikkje om nogen sånn kvalitet som ska få oss opp i himmelen. Det e hellar ikkje det at barne kan så møje, nei, mesteparten av kunnskap og visdom ligge forran. Men barnet har nokre kvalitetar som me som voksne lett har missa - nokre kvalitetar som eg trur Jesus vil halde fram - på samme måte som det lille barnet midt mellom læresveinane.

1) nokre kvalitetar ved barnet

Barnet har ein naturleg evne til å undre seg over alt og ingen ting. Har du sett eit barn på julafta når det ser alle presangane som ligg under treet? Øynene blir store som tallerkna, munnen e vid åpen, og fingrer og hender klør ette å finna pakkane som tilhøre den. Ja, for dei minste barna e glinsande papir og gulltrådar meir enn nok te å opphalde dei i timar. Men det e ikkje bare ved jul at du kan sjå barnets evne til å undre og glede seg over livet. Går du ein tur med eit lite barn, finne det snart ein stein, ein kvist, eit blad, ein maur, ein mark, ei bille - SJÅ PAPPA ! Kå mange gonge har eg ikkje fått høyrt det. Og eg som e vaksen har missa mykje av denne evnen til å under og glede meg over slike ting. Eg sette meg ned og smile og ser, eg sjønne ikkje heilt kå som e så stort med den slimete marken - kan me ikkje hellar sleppa den mauren ned - før den krype inn under jakkeermet ditt - eller? Nei, barn har ein fantastisk evne til å undre seg og glede seg over verdens små og store mirakler.

Slik tror eg Gud vil at me skal ver. Det hadde gjort noge grunnleggande med oss om me hadde hatt ein sånn respekt og undring og glede over kå Gud har skapt, den verden han har satt oss i, om me ikkje bare var likegyldige. Eg prise meg lykkelig for at eg bur i Bjerkreim der i hvert fall litt av denne undringen leve vidare hjå bøndene og respekten for dyrka jord, kulturlandskap og storslåtte berg, fjell, nabber, elvar, vatn og alt. Byggjefelt treng ikkje ta dyrkingsjord; drikkevatn treng ikkje stengja får gardsbruk rundt storavatn; ja eg vil våga meg til å sei at vindkraft er 1000 gonger betre enn radioaktiv atomkraft, eller svart kull, olje og gasskraftverk. Frå barnets undring, glede og respekt for skaparverket, er det kort veg til den neste barnlege kvaliteten eg vil løfta fram; nemlig den grunnleggande

barnlege tillitten. Du har sikkart opplevd at barn kan hoppa opp i foreldrenes arma - vel vetande at de ikkje vil sleppa en. Ein forelder kan kaste eit barn opp i lufta, og gripa det igjen, te frydefulle hvin. Ikkje ein einaste gong tenke barnet «lure på kom ville skjedd dersom pappa, ikkje tok imot meg, lot meg falla rett ned på gulvet? -- På samme måte som barnet stole på foreldrene, sko me og ha stolt på Gud. Ein liten fortelling:

Ein mann falt utføre ein kant og klarte bare så vidt å få tak i ei rot som stakk ut ein halvmeter nedenfor kanten. Mannen skreik etter hjelp: «Hallo? E det nogen der?» Etter nogen øyeblikk, høre han ein stemme: «Detta e Gud. Stole du på meg?» Takk og lov, Gud, Ja sjølvsagt stole eg på deg.» «Stole du verkelig på meg?» «Ja, ja, Gud, du veit at eg stole på deg.» Då seie Gud: «slipp rota..» Det blei ein pause før mannen ropte opp igjen: «E det nogen andre enn deg der oppe?»

Sannheten e at me norske og rike og trygge menneska e så vant me å stola på okke sjøl, at det å stola på Gud, det.. det kan ver ein formidabel oppgave.. Men det e altså idealet som Jesus stille opp midt blandt oss..

Den neste barnlege kvaliteten som med fordel kan bli holdt fram for oss, e barnets evne til å bare ta imot. Å ta imot e noge av det mest naturlege for eit barn. Mat, klær, seng å sova i, omsorg, ei hand å holde i; alt det barnet treng å gjør e å ta imot, evt bare *ta*. Me voksne derimot, me e så vant med at om me ska få någe, så må me enten gjør okke fortent til det, f.eks eg gjer min arbeidskraft, og så får eg løn ei gong i måneden. Ellar ein har arbeidd seg opp rettighetar, så ein får utbetalt pensjon. Nokre har klart å vonne ein eller anna gullbillett i livet; kanskje ein har vunnet ein konkuranse, ein tevling, eller ein e ein grunder som var på rett plass til rett tid; og på den måten har fått te salt i maten. Men tenke ein sånn om Gud, så blir alt så mye vanskligare. Alt me kan møta Gud med; e ein barnsleg tillit der det bare er å ta imot. Ta imot Guds nåde. Ta imot tilgjeving. Ta imot einkvar Guds gave.

Den siste barnlege kvaliteten eg vil løfta fram i dag, e barnets evne til å tilgje. Har du nogen gong bedt barnet ditt om å be «om forlatelse»? Dei fleste har på eit eller anna tidspunkt måtta snakka strengt til sin pode; lært det noge oppdragelse; i det en ber barnet om å sei «om forlatelse». Dei fleste har mange sånne erfaringa. Og i møte med barn, skjer det noge heilt fantastisk i så måte. Barn e nemlig villige til å tilgje.

Sjå på barn som leke; til og med om de blir såra av andre sine ord og handlinga, og erklære for heile verden at «Eg *hate* deg Ellen! (Eller Truls) Eg vil ALDRI leka med deg igjen!» Men alt det tar for Ellen (eller Truls) e å sei «om forlatelse».. Og så e de tebake igjen, venna, bestevenna, det e som om det aldri har vore noge problem i det heila. Ja, til og med hende det at Ellen (eller Truls) ikkje ei gong trenge å sei «om forlatelse»..

Jesus knytta vår tilgjeving, til vår egen evne til å tilgje andre. «Forlat oss vår skuld, slik me og tilgjev våre skuldnarar.» I Matt 6, 14-15 seies det ennå sterkare: For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar. 

2) ta imot barn i Jesu namn - Leo Tolstoy

* andakten er lang nok... men kanskje neste gong..?

3) Jesus kom for å frelsa det som var tapt - trusopplæringa i dag er å ta tilbake kristendommen

* andakten er lang nok... men kanskje neste gong..?

Så lat oss ikkje krangle om kven som er størst i himmelrik. Lat oss heller undre oss over det fantastiske at me er skapt og plassert her på jord, at me no er her i Bjerkreim, med kverandre. Me er villet og elsket av Gud. Ja, han betalte den største pris for at me skulle få vere med Gud i all æve i himmelrik. Så lat oss også i barnleg tillet stole på Gud. Ta imot Guds gode gåver. Tilgjev kvarandre. Alt i barnleg tillit til Gud og nesten vår.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..