Leif Wikøren Nilsen

Eg kallar dykk vener

Kalla til å bere frukt: Elsk kvarandre!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 15. kapitlet, vers 13-17:

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Innledning / apéritif

He du någen gong spilt eit spel der det skulle velgast ut eit lag? Eller kanskje du har fått ein invitasjon til ein fest, ein åremålsdag, eller kva... Då veit du at det føles godt - å bli valgt ut - å få vere med - å bli inkludert - å vere invitert.

Men kanskje det er mer naturlig for deg å hugse på dei gongene du ikkje blei valgt.. dei gongene du ikkje fekk invitasjonen.. då du stod igjen.. Kansje sist.. kanskje flau.. kanskje skuffa.

Sånn e det i livet. Men då e det og godt å vide at du har fått ein spesiell invitasjon. Av Jesus. Det e ein invitasjon te å ta eit oppgjør med det som e vondt og gale i livet. Det handle om å få starta med blanke ark. Kver dag.

I kyrkja seie me det sånn:

Heilage Gud, himmelske Far, sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har såra deg med tankar, ord og gjerningar og kjenner den vonde lyst i hjarta mitt. For Jesu Kristi skuld, ha tol med meg. Tilgjev meg alle mine synder, og gjev at eg må ottast og elska einaste deg.

1 «Eg har valt ut dykk», sa Jesus

Ja. Når me lese orda i Bibelen, ser me at Jesus tala til læresveinane sine. Men orda var ikkje berre meint for dei. Orda er til oss alle; kvert menneske; over heile jorda; og gjennom alle tidar. Me har alle denne invitasjonen. Store som små. Unge som gamle. «Eg har valt ut deg», seier Jesus.

Nå høres det kanskje ikkje så eksklusivt ut. Men invitasjonen er fortsatt fantastisk. For du er ikkje gløymt. Du holdes ikkje utanfor. Du er hugsa på. Av Jesus. Orda -og innhaldet i dei- er retta - også til nettopp deg.

Så er kvar og ein av oss er utvalt av Jesus. Og me kan bestemme oss. Nå er det sånn at somme seier «ja» - og somme seier «nei» til Jesus. Men uansett kan er det sånn at ingen kan rose seg med at dei sjølve tok initiativet. Det var Jesus som først kom til oss. Han valte ut deg. Det er difor Han som har tru på oss. Dette vidunderlege startar hos Han.

Ja, det kunne ikkje vore anderledes. I syndvedkjenninga erkjenner me at me er syndige menneske; menneske som feile om og om igjen. Orda om at me har «såra Gud» ligg nok litt langt inne for ein del menneske. Ein eg traff argumenterte mot heile syndvedkjenninga og sa: «men eg kjenne meg ikkje sånn. Det e ikkje sånn at eg går rundt og gjør vondt. Eg gjør i all hovedsak gode gjerninger. Nei,» fortsatte han, «eg trur heller det er sånn at eg i trua ikkje lenger trenge å be om tilgjeving - for den har eg fått allerede. Ein gong.» Eg hadde ein lang prat med mannen. Pdes er det rett at Jesus døde ein gong for oss. Det er gjort opp. Det e ferdig. Men pdas er det også slik at me ennå lever i denne verda - og livserfaringa vår fortel at det er slik at me stadig faller og om og om igjen må komme tilbake til Jesus; leggje av oss det me har gjort gale - og få tilgjeving på nytt.

Men midt i dette så er det vidunderleg at

2 Jesus fortsatt kaller oss for venene sine

Det var mange mennesker rundt Jesus også for 2ooo år siden. Han kalla ikkje alle for vener. Og ikkje alle som han hjalp - på forskjellig vidunderleg vis - var venene hans. Men læresveiene kalla han for vener. Dei var der - så godt dei kunne - alltid.

Du ser: ein ven er ein som blir hos deg - også når alle andre går. Ein ven er ein som er der i gleder og i sorger; i medgang og i motgang. Den ultimate vennen er sjølvsagt Jesus. «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine, » stod det (v13). Alle me andre har våre svakheter; våre begrensninger. På samme måte var det svakheter hos kvar og ein av læresveinane omkring Jesus. Dei strakk ikkje alltid til. Det var på tross av sine svakheter kalla Jesus dei for sine vener.

«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min, » sa Jesus

Og sånn er det med oss også. Det er ikkje sånn at me alltid er den perfekte vennen. Verken i vårt forhold til Jesus - eller med våre medmenneske. Men er me sanne vener, prøver me så godt me kan. Me gjer våre «ja» tilbake til han som først kalla oss. Og sjølv om me frå tid til anna svikter Jesus og nesten vår, er det ein nåde som er verksom; ein guddommeleg nåde som gjør at me på tross av våre svakheter fortsatt er venene til Jesus, ja, meir enn det. Han har gjort oss til «partnere» i Gudsriket. Me skal saman med Jesus virke Gudsriket på jord. Ikkje fordi me er så fortreffelige. Nei. Men på tross av vår fortreffelighet.

Korleis?

3 «Eg sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer: Elsk kvarandre!»

Biletet med frukta kjem frå avsnittet før dagens tekst. Jesus seier: «Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt».

Frukttrær og busker kan bere frukt, men for at det skal bere god frukt og mykje frukt som er god, er det viktig at det blir stellt. Sånn er det med frukttrær og bærbusker - sånn er det med vinranker - og sånn er det med oss som høyrer Jesus til. Me trenger å være nær Jesus; la Gud og Hans ord vise oss kvar me skal gå; kva me skal gjere. «Sjå her er eg, send meg, » syng me i ein god gammel salme etter mønskter av kallinga av Jesaja.

For tida kan det virke som om det er om å gjere å først elske kvarandre - og så la Guds ord innrette seg etter det. Men det er andre vegen. Gjennom å gå tett saman med Jesus - å la Hans Ord lede våre steg - så vil me oppdage at kun då berer me ei frukt - som varer. Det er sånn i grunnleggande barneoppdragelse også: skal barnet få alt det det peker på? ..alt det det begjærer? Eller er det ikkje gode foreldre sin plikt - i kjærleik til barnet - å styre at det ikkje skal vere godteri i staden for middag fx? Sjølvsagt..

Avslutning / punch line

Jesus har utvalgt nettopp deg. Heller ikkje du er gløymt. Du kan gje ham eit «nei» eller eit «ja». Og som utvalgt av Jesus er også du ein av hans vener; hans «partner» i selskapet «Guds rike». Målet for Gudsriket er vekst og utbredelse «til jordens ender». For å nå det skal me bære god frukt. Få «syndenes forlatelse». Elsk kvarandre! Ikkje med ein kjærleik etter våre eigne innfall, men slik han først har elska oss.

I nattverda i dag deler me frukta av Jesu verk på jord. Han døde og stod opp for at kvar den som trur, skal ha evig liv. Og me tar del i det. I tru. Og i tru går me så ut til vår gjerning der me er sett. Og der skal me sjølv vere med å bera fram denne frukta som varer: Elsk kvarandre. 

ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Lat oss vedkjennast vår heilage tru:

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen.

Leif Wikøren Nilsen © 2016
Bibelselskapet,  Bibel 2011, Nynorsk

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..