Leif Wikøren Nilsen

Ser du deg tilbake?

Om å bryte opp for å følgje Ham

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det 9. kapitlet:

    Medan dei gjekk etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil følgja deg kvar du så går.» Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

    Til ein annan sa han: «Følg meg!» Men mannen svara: «Herre, lat meg først få gå heim og gravleggja far min.» Då sa Jesus til han: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.»

    Det var ein annan òg som sa: «Eg vil følgja deg, Herre, men lat meg først få seia farvel til dei der heime.» Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og så ser seg tilbake, er skikka for Guds rike.»

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Innledning / apéritif

Har du nokon gong prøvd å rømme hjemmefra da du var liten? Har du pakka sekken, henta niste på kjøkkenet, opna ytterdøra? - Kanskje du lot det bli med tanken? Kanskje snudde du ute på gata? For det er ikkje lett å bryte opp med det kjente og gå inn i det ukjente – om ein er aldri så sint på mor eller far.

Jesus møtte mange mennesker på sin veg. Han ba mange om å bryte opp og følgje ham. Men ikkje alle synes det er like lett.

Me møtte tre slike i Bibelteksta me las.

Det var ein som hadde sett kå Jesus gjorde av mirakler og mektige gjerningar. Han seie han vil følgje Jesus. Men Jesus kjenne hjarta, viljen og tanken. Vegen saman med Jesus blir ikkje som å overnatta på finaste hotell eller å innlosjera på det største herskapshus. Viss ein vil følgje Jesus må man gjere rekning med «å sove ute; møte motstand; gjøre hardt arbeid».

Ein annan vil og følgje med Jesus, men ser seg tilbake; far hans er gamal. Kanskje sjuk. Og kan døy snart. Og difor vil han ikkje bryte opp. Enno.

Også ein siste nølar; han vil seie farvel til dei der heime. Han svarar omtrent slik: «jau, eg kjeme på samlinga du snakke om»; men når dagen kjem – e han ikkje der likavel.

Me blir utfordra av Jesus i dag. Men det kan vere nifst og vanskeleg å stå så og si «ved ytterdøra» og gje slepp på det ein er kjent med / livet som har vore – og gå framover / inn i ukjent fremtid / og endre kursen.

Det e omtrent som ein kaptein..

..på eit skip som såg framover i natta og ser eit svakt lys langt fremme i leia der han skal kjøre. Med ein gong sende han beskjed over radio om at dei må endra kurs «10 grader sør». Men etter eit par sekunda komme det svar: «Nei. Endre din kurs 10 grader nord». Då blir denne kapteinen sint og seie: «Kem trur du at du er? Du må endre din kurs 10 grader sør. Eg e kaptein!». Hvorpå det svare: «Det e lika fullt du som må endre din kurs 10 grader nord – eg e ein sjømann». Og nå blir denna kapteinen ordentleg sint og sende ein krass tredje beskjed: «Du må endra din kurs 10 grader sør med en gang – eg er eit stort krigsskip!».  Fornøyd med seg sjølv og kva slags inntrykk han må ha gjett frå seg, venta kapteinen på kå slags svar det ville komma denne gongen. Og så komme det tredje svaret: «Du må endre din kurs 10 grader nord med en gang – eg e eit fyrlys på eit skjær».

Det fins mange mennesker som vil ha full kontroll på livet sitt; og mennesker som for ein kvert pris vil ha det sånn som dei alltid har hatt det; mennesker som på ulikt vis e som kapteinen på krigsskipet.

Men Jesus e som fyrlyset. Han står fast. Midt i natten; midt i stormen; midt i all uro i verda – og han har alle gode grunner til å be oss om å endre kursen; ikkje styra unna; men følgje han; og våge å stole på Ham frå nå og til evig tid.

Det var ei gruppe med unge prestestudentar..

.. som ein haust skulle på ein utenlands studietur kombinert med teambuilding. Planen var at dei skulle lære litt om sjømannskirka sitt arbeid i syden – og at dei skulle bli betre kjende med seg sjølve og kverandre. Før dei reiste lagde læraren eit kors av to biter drivved; eit kors dei fekk beskjed om at dei skulle ha med seg kor dei enn var. «Eg vil at dokke skal hugse på Jesus, kva han gjorde og kvifor han gjorde det; på denne turen. Kor enn dokke går, skal dokke ta med dokke dette korset.» Studentane såg litt på kvar andre – litt usikre på denne planen – men dei gjekk nå med på det og drog krossen med seg: Inn i taxi-bussen, gjennom sikkerhetskontrollen på flyplassen og med bussen til sjømannskyrkja. Krossen blei med dei vidare der dei hadde undervisning og omvisningar og samtalar om sjømannskyrkja sitt forskjellige arbeid blant norske turistar og blant ulike norske arbeidara og familia i utlandet. Krossen var med når det vart undervist om korleis sjømannskyrkja gjennomfører konfirmasjonsarbeid og når dei besøkte den lokale katolske kyrkja. Og når dei var på stranda fekk krossen stå og passe på handkleder og solkrem mens studentane kjølte seg ned. Og når dei gjekk ein tur om kvelden og såg på livet og når dei gjekk på restauranten fekk krossen stå attmed.

Studentane hadde fyrst vore litt flaue over å ta med seg krossen, men krossen blei snart ein del av identiteten. Den viste kvar dei høyrte til, minna dei om kvifor dei var der; om at dei alltid kunne følgja Jesus.

Avslutning / punch line

Til slutt; Ja. Det finst mange mennesker som av ulike årsakar må bryte opp. Sultne. Krigsherjede. Skadde. Flyktningar. Dei aller aller fleste kan fortelje at det er vanskelig – det å bryte opp. Det e vanskeleg å ikkje sjå seg tebake. På det som ei gong var. Gjennom krossen gjev Jesus alle ein retning, ei framtid og eit håp «inn i ukjent framtid». Ein er ikkje nødt å være flyktning for å følja Jesus. Eller misjonær. Eller prest. Alle kan gjøre lurt og klokt å styre livet framover slik fyrlyset Jesus visar. Og undervegs vil ein oppdage at Jesus er eit trygt og fast punkt å orientere seg ut frå. Eg meine ikkje at me bokstavlig talt skal ta eit stort kors med oss på familiesamankomstar, på skule eller jobb eller opp på stand på marken; men eg snakke om å ta med seg «trua på Jesus» kor enn ein går. Det startar kanskje først som ein utfordring; men etter kvert er det ein Guds kraft som gjev ein retning, ein framtid og eit evig håp.

ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Lat oss vedkjennast vår heilage tru:

Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen.

Leif Wikøren Nilsen © 2016
Bibelselskapet,  Bibel 2011, Nynorsk

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..