Leif Wikøren Nilsen

Dom og frelse

Nytt kyrkjeår startar fyrste sundag i advent og i år kjem den sundagen 27. november. I sundagane før det, er det vanleg at me møter nokre tekstar i kyrkja som handlar om dommen over det onde og det vonde. Ei av desse tekstene finn me i Jes 51, 11-12.

Jesaja stod fram i Israel omkring 700 år f.Kr. Forfallet hadde prega gudsfolket lenge. Og dommen var at dei skulle bli tatt til fange og ført bort til Babylon. Og så skjedde. I 70 år var dei der. Og i denne tida forkynte Jesaja eit nytt bodskap; frelsa er nær - folket får vende tilbake til sitt eige land. I tillegg løftar Jesaja perspektivet: det er ikkje dødelige menneske ein treng å frykte. Men Gud.

Bodskapen Jesaja forkynn, er og eit førebilete på heile frelseshistoria. I Edens hage var mennesket ulydig mot Gud. Og Guds dom var at mennesket ble adskilt frå Gud. Heile skaparverket er merka av fallet; i kampen for tilværa, for å kunne mette seg og overleve. Og mennesket har etter kvart jakta på velstand, og i dag ser me den moderne søkinga etter eigen lykke. I alt dette finst det fortsatt ein lengting i oss: etter verden slik den fyrst var meint å vere. Og heldigvis er Guds miskunn større enn hans dom. Til jorda sendte han Jesus som tok på seg all vår skyld og dom, og da han døde uskyldig, ble vegen tilbake til Gud opna igjen. Vår dødsdom er i trua på Jesus gjort ugyldig.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..