Leif Wikøren Nilsen

Vær førebudd! Bli funnen!

Kva er den hemmelige sammenhengen mellom dagens tekst og barneleiken «gjemsel»??

Det står skrive hjå evangelisten Matteus i det 24. kapitlet, vers 35-44:

    35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen. 37 Som i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 I tida før storflaumen åt og drakk dei, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle. Slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem. 40 Då skal to menn vera ute på marka; éin blir henta, éin blir att. 41 To kvinner skal mala saman på kverna; éi blir henta, éi blir att.

    42 Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem. 43 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva tid på natta tjuven kom, så ville han vaka og ikkje la han bryta seg inn i huset. 44 Difor skal de vera førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

    Matt 24, 35-44

Slik lyder Herrens ord.

Eg valgte å ta utfordringa: ikkje velge bort teksta, men sjå kå me alle kunne lære av denne teksta i år; vaksne, born, dåpsfølge, Lys Våkne og alle.. Preika/manuset er meint å fungere interaktivt med årets Lys Våken deltakara. Me utførte ein omgang med «gjemsel». Gjenstanden Bjerkreim skule har i skulegarden er ein «vennebenk» - der dei som vil ha nokon å leike med, kan sette seg. Då er det ein utfordring for alle dei andre elevane å sjå etter om det sit nokon der - og «gå og ver ein ven». Historia med Ernest blei dramatisert mens eg las. Og heilt te slutt (uten forvarsel) telte me alle til 20 for å så springe ned i kyrkja og peike på alle «fant deg!». Tilbakemeldingane eg fekk etterpå var at omtrent slik «det var ei vanskeleg tekst - men gjennom «gjøymsel» og historia kom poenget likevel godt fram.» Tommel opp til Lys Våken deltakarane !

Innledning / apéritif

Du har sikkert lekt gjemsel en del gonge opp gjennom livet. Det e ein spennande utendørsaktivitet ikkje minst nå om hausten om kvelden i skumringa. Reglane er omtrent uendra frå då eg var ung. La meg sjekka det

Du – når dokke leke gjemsel, kossen e reglane?

Ok. Så viss du har ‘an så står du f.eks her?

Og så skal dei gjøyma seg mens du telle te 20?

Og når du har telt te 20 så ska du finna dei andre?

La oss prøva…

Intervju med 3 av dei som gjøymte seg:

Kossen va det å leika detta?

Va det spennande å sjå om hu klarte å finna dokke?

Dersom hu ikkje hadde funne dokke.. kossen hadde det vore?

Ja eg veit at det finst litt forskjellige regla rundt gjøymsel sånn at det kan bli både «boksen av» og «politi og røvar» og anna. Uansett: Det e eit par ting som alltid e helt sikkert i gjøymsel:

¤ Den som har ‘an, kjeme! heilt sikkert! Må bare tella ferdig.. og den som har ‘an, kjeme om ein e klare eller ikkje
¤ Og sjølv om ein ikkje prøve å bli tatt – e det ikkje gøy om leiken e ferdig før du e tatt..

Lite visste eg då eg va liten - at denna leken har møje til felles med dagens Bibeltekst..

1 I Bibelen visste dei ikkje kå ti Jesus sko koma igjen.. men dei visste at han sko komma igjen..

Ernest Shackleton var en av dei som på begynnelsen av 1900-tallet utforska landområdan rundt sydpolen. Hans ekspedisjona leda fram til at nordmannen Roald Amundsen nådde polpunktet i 1911. Under ein av ekspedisjonene hans ble han nødt å etterlate en del av mannskapet sitt på ei øy med det merkelige navnet «Elefantøya».

Ernest forlot dei på Elefantøya, men planen var sjølvsagt å henta dei seinare igjen og ta dei med tilbake til England. Men Ernest blei forsinka. Veldig forsinka. Og då han kom tilbake hadde isen lagt seg og han kunne ikkje komme inn til øya.

Tre ganger prøvde han å nå øya, men isen hindra han kver gong. Først på fjerde forsøket kom han gjennom og fant en trong passasje. Til sin overraskelse var mannskapet klare til å dra. På bare noen øyeblikk var de om bord og båten kunne dra ut igjen den trange leia med is på begge sider.

Ernest spurte manskapet han henta «kossen kunne dokke vera så klare?» «Me visste ikkje når du ville komme tilbake» «men me vissta *at* du ville komma» «kver morgon, rulla me saman soveposane» «og pakka utstyret» «for tenk! Kanskje var detta dagen du ville komma!»

På same måte: Jesus vil at me skal forbereder oss på ein evighetsreise saman med ham. Det blir ikkje som om han telle te 20. Men me kan vera heit sikre: Ein dag komme han! Og då må me vera forberedt; Lys Vakne; så me kan vera med til «Himlens lyse land»

2 Det neste handle om å bli værande igjen..

Det finst ein grunnleggjande frykt i mennesket. Den handlar om å ikkje få vere med. Om å vere latt tilbake, å bli halden utanfor. I gjøymeleken finn me dette att: På den eine sida – veit ein at den som har ‘an, kjeme. På den andre sida – det vil ikkje gøy om dei andre reknar leken for over – utan at eg er telt med..

På Bjerkreim har dokke fått noge fint i skulegarden. Kå e det?

Kossen virke den?

Har den blitt brukt?

Ville du vært så lys våken for ein som satte seg der, at du gjekk bort og fekk han eller hu med?

Når Jesus talar om at han skal komme tilbake og hente sine. Og hans kjærleik vil at alle skal få vere med! .. Og er me Lys Vakne for det Gud vil at me skal gjere; så har me alt me treng for å vere med. Det me trenge e å tru på Ham som døde og stod opp igjen for vår skuld: Jesus Kristus…

Avslutning / punch line

Eg skulle ønske at eg kunne sagt året, dagen, timen og minuttet Jesus kjeme for å henta sine. Men eg kan ikkje det. Eg e meir usikkar på dagen enn kå værmeldinga klare å seia om det blir snø ellar sol i morgon. 

Eg fant ein gong ein artig stein. Nogen hadde skrive på den og kalla den for ein «Meteorologisk stein». Litt underlig kanskje. Men i motsetting til YR og STORM og meteorologisk institutt kan denna steinen melda veret heilt sikkart. På steinen hadde de skrevet:

¤ Dersom steinen e varm, er det sol
¤ Er steinen våt, er det regn
¤ Er steinen hvit, er det snø
¤ Ser du ikkje steinen, er det tåke 

Ja, eg sko gjerna visst når Jesus kommer igjen; når denne verda tar slutt; og når æva tar til. Men ikkje noko menneske veit det. Likevel er det fire ting som e heilt helt sikkert:

¤ Jesus komme igjen
¤ Jesus komme når tida er inne
¤ Jesus komme om me e klare eller ikkje
¤ Og derfor må me væra Lys Vakne! Alltid! 

Lat oss difor vere forberedt, sånn som Noah ei gong var:

¤ Forberedt. I tru og i tillit.
¤ Lys Vakne! Så me høyre Guds stemme, og alltid ser vår neste.
¤ Så lys vakne at me skjønne ein merkelig samanheng mellom dagens tekst og leiken gjøymsel…

..16 .. 17 .. 18 .. 19 .. 20! Den som ikkje har gjemt seg nå .. den må stå!

ære være Faderen og Sonen og Den heilage Ande. Som var og er og vera skal, ein sann Gud frå æve og til æve.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..