Leif Wikøren Nilsen

Korleis lyset får kome inn

Juletankar for alle

Det finst mange fantastiske menneske rundt omkring. Ein diktar, musikar og sangar som eg har sett veldig pris på er Leonard Cohen. Han døyde den 7. november. Mange kjenner til «Hallelujah» og «First We Take Manhattan». Eg vil no lyfte fram ei strofe frå songen «Anthem». Der står det:

Ring the bells that still can ring
Forget your perfect offering
There is a crack, a crack in everything
That’s how the light gets in.

Eit forslag til omsetting kunne vore:

Lat klokkene ringe som fortsatt kan ringe
Gløym ditt perfekte offer
Det er ein knekk, ein sprekk i alle ting
Men det er sånn lyset får kome inn.

Det er snart jul. Førjulstida har meldt sin ankomst for lenge sidan. «Julestria». Høge skuldre. Raskt tempo. Sju sortar. Julepakkar. Avslutningar. Samankomstar. Julekort. Det er mange føringar for at alt skal vere så perfekt. Men samstundes kjenner mange (om ikkje alle) at me berre strekkjer delvis til. For ingen av oss er perfekte. Nokre har sjukdom. Andre har dårleg råd. Det finst noen som slit med sjølvbilete. Og mange kjenner på ulike typar sakn. Kanskje over livet som ikkje blei? Eller over vener eller familie som er døde. Facebook og julekort er oftast berre fasade. Inst er me alle på ulike måtar knekte og sprukne. Men det er sånn det er å vere menneske.

Difor vil eg no oppmoda alle til å senke skuldrene. Gløym ditt perfekte offer. Ver deg sjølv. Det er lov. Ikkje minst i jula. Ei god jul handlar faktisk om at menneske ikkje strekkjer til. Julebodskapen er at Gud kom til oss. Det perfekte offer er Jesus, født og lagt i krubba. Jula handlar slik om at lyset får kome inn til oss vanlege menneske. Så lat klokkene ringe – alle klokker som fortsatt kan ringe.

God advent og god jul.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..