Leif Wikøren Nilsen

Gje evangeliet frimodig vidare

Evangeliet - ei Guds kraft til frelse

Denne gongen vil eg slå eit slag for god frimodighet til å gje evangeliet vidare. I Romerbrevet har Paulus behov for å understreke at han ikkje skammar seg over evangeliet. Som han skriv: For det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. (Rom 1, 16)

Me veit noko om utfordringane Paulus stod overfor: forfølgingar, misforståingar, vranglære.. Det finst utfordringar i dag og. Mellom anna møter eg vaksne som har ein veldig blyghet omkring eiga tru. Man vil ikkje (eller tørr ikkje?) fortelje om trua, om Gud og Jesus, om himmel og æva.

Eg trur denne blygheita bunnar i ein idear om at kvart menneske skal velje sjølv. At trua er så privat og intim at ein for all del ikkje fortel om eiga tru til nokon. Ikkje ei gong til sine eigne born. Men tenkjer me slik missar me mange moglighetar: barn set si lit til sine næraste. Det vere seg både når det handlar om interesser, verdiar, moral og haldningar - så vel som når det handlar om livsanskuelse, livssyn, tru og

Me lever i eit stadig meir mangfaldig samfunn. Me møter alle slags haldningar heile tida. Islam. Sekulær humanisme. Ulike fanatikere. Mange av desse møta skjer ikkje minst gjennom sosiale medier. Difor er det viktig at me også i dag, for vår eigen del, og i møte med andre, kan ha den samme stolthet og frimodighet som Paulus hadde. Lat oss ikkje skamme oss over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse, også i dag, for kvar den som trur.

Soknepresten

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..