Leif Wikøren Nilsen

Frå Eden til Paradis

Om håp mindt i lidinga i verda

Jes 53

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han,
vår smerte bar han.
Vi tenkte: Han er ramma,
slegen av Gud og plaga.

5 Men han vart såra for våre brot,
knust for våre synder.
Straffa låg på han, vi fekk fred,
ved hans sår vart vi lækte.

I opphavet vandra Gud saman med menneska og menneska saman med Gud. Og sjå, alt var såre godt. Men er lenge sidan. Menneske har glemt korleis det var den gong i opphavet. Me skue heller framover. Det er slik me er. Og nokre gonger skuer me framover like til paradis. Der når historia frå opphavet oss på nytt. For ei gong skal Gud gjøre jord og himmel på nytt. Det som no er, skal ikkje meir vere. Ein ny Edens hage skal trå fram. Og nok ei gong skal me vere der Gud er. Og Gud skal være med oss for alltid.

I mellomtiden høyre me til i denne verden. Det er det me kjenner til. Det er her me lever og beveger oss. Veldig annerledes enn historia om Eden eller Paradis. I denne verden er alt slettes ikke ”såre godt”. Her finst plager, sjukdommer, forgjengelighet, det onde, det vonde, ja til og med døden rammer oss. Døden opplevast oftast tilfeldig og meiningslaus. Me kjenner at det ikkje er godt å samlast for å ta avskil med ein av våre kjære. Død, du skulle ikkje vore her. Me vil ha liv og samhold. Ikkje tap og sakn.

Men i vår eksistens, virker det også gode krefter. Bibelen f.eks, den fortel at Gud trådte ut av tid og rom. Han tok denne verdens sykdommer, det onde og vonde, ja sjølve døden, på sine skuldre. Han laga ein veg frå denna verda, til himmelen (til Paradis - eller kall det ”tilbake til Edens hage”, om du vil). Vegen går gjennom kors og grav. Gjennom tap og sakn. Vegen heiter Jesus. Nåde. Gjennom dette eig me ei von. Me trur at kjærleiken er sterkast. Ja til og med sterkare enn døden.

Me mennesker strekker oss i same retning også mens me leve her på jorda. Me bygger, me ordner, me stiller opp for kverandre, me har omsorg for kverandre, me vise kjærleik og me fortvilast når me skilles fra våre kjære. For me lever i en mangfoldig verden, ein verden der mange gode krefter virker. Også i møte med døden. Vi deler sorgen. Vi stiller opp for kvarandre. Og me minnes våre kjære – i kjærleik.

Derfor deler me også eit håp, her i kyrkja i dag. Eit håp om ein himmel over jorda. Eit håp om å ei gong vere der framme, der me får sjå Jesus – og dei som har vandra før oss. Eit håp om ein stad der sorg. Og skrik. Og smerte. ikkje lenger skal vere.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..