Leif Wikøren Nilsen

Nåde for syndere

Om kvinna. Om Simeon. Og om nåde.

Luk 7, 36-50

    36 Ein av farisearane bad Jesus eta hos seg. Og han gjekk inn i huset til farisearen og tok plass ved bordet. 37 No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus låg til bords hos farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve. 38 Ho vart ståande bak Jesus, nede ved føtene, og gret. Så tok ho til å fukta føtene hans med tårene og tørka dei med håret sitt. Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven. 39 Då farisearen som hadde bede han heim, såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.»

    40 Då tok Jesus til orde og sa til farisearen: «Simon, eg har noko å seia deg.» «Tal, meister», svara han. 41 Jesus sa: «To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. 42 Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?» 43 «Den han ettergav mest, tenkjer eg», svara Simon. «Du har rett», sa Jesus. 44 Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: «Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho fukta dei med tårer og tørka dei med håret sitt. 45 Du helsa meg ikkje velkomen med eit kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. 46 Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med velluktande salve. 47 Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» 48 Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» 49 Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» 50 Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»

 

Me møter i dag ei kvinne som faller ned for Jesu føtter. Me får ikkje greie på namnet hennes. Og hu seie ikkje ei einaste setning, ikkje eit einaste ord. Like fullt er hennar handling, hennar tilbeding, hennar offerhandling, eit førebilete - framfor ein akta religiøs leiar på den tida, Simon, ein farisear.

Men før me ser mer på det må me sei eit par ord om skikk og bruk i Israel for 2000 år sidan. Då som nå, hende det at folk fekk besøk. Nokre gonger inviterte man gjester. Det kunne vere nokon ein kjente, det kunne vere nokon ein ville setje pris på. Og det kunne vere nokon ein ynskjer å bli mer kjent med. Det kan virke som at Simon inviterte Jesus for å få ein anledning til å bli betre kjent med ham.

Når nokon fyrst var invitert var det eit par ting som kunne vist vanleg høflighet. Bare tenk kossen det er i dag også: Når me får besøk, ring det gjerne på døra, og me kjeme for å lukke opp og ønske velkommen «kom inn, kom inn, hyggelig å sjå deg, der kan du sette skoene, her er ein henger til klærne dine, eg skal hjelpa deg». Og i gangen innafor er det eit spegel ein kan kikke fort om «alt er ok», ja, me har jamvel eit toalett rett i nærleiken om det skulle vere nødvendig.  På Jesu tid var det vanleg å bli ønskt velkommen med eit velkomstkyss. Føtene skulle bli vaska og ein kunne gjerne få tilbudt olje til håret - for å fikse seg - sjå bra ut. Men me les at Simon den religøse leiaren, farisearen, som har invitert Jesus, ikkje utvise nokon slik gjestfrihet overfor Jesus. Me kan bere undrast: kvifor det? Kvifor var han så kjølig, så avvetande, ja nesten fiendtlig mot Jesus?

Men lat oss fryrst stoppa opp ved 

Kvinna:

Me veit ikkje så mykje om henne. Ikkje namnet, ikkje slekta, ikkje alder, ikkje historia hennar, men me kjenner ryktet hennar. Hu var ein syndar. Og ikkje ein vilken som helst syndar. Ho var ein stor syndar. Og alle visste det. Sensasjonen i at hu faktisk dukkar opp i selskapet, kjem ikkje så godt fram i den norske bibelomsetjinga. Når det står «no var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv .. og denne kvinna kom» - så er dette ein «oi oi oi» beskjed for den som les og høyre fortellinga. I dette respekterte selskapet, kjem det plutseleg ein syndar. Ein som alle visste om. Og hu veit det sjølv. Ein notorisk syndar. Kanskje prostituert. Me kan ikkje vere sikre på det. Men denne kvinna har fått greie på at Jesus er i byen. Kanskje visste hu litt om ryjtet til Jesus, at han gjerne var ein venn med syndere? Hu bestemme seg i alle fall at det berre er ein ting å gjere: Hu må oppsøke ham. Komme til ham. Med heile seg. Med livet sitt. Hennar syndar. Alt.

Som ein lokal kjendis, med tittelen «synder», eller «ein vandrande skandale», hadde hu nok ikkje mykje anseing igjen hos dei andre som budde der. Å ta seg inn i eit selskap hos ein av byens beste, ville toppe kaka. Mange himlet utvilsomt med øynene: Hu? Her? Dette blir ein skandale! Men ingen viste henne bort. Kanskje ingen ville komme henne for nært. Eller kanskje hadde mange sjølv ein eller fleire historier med henne? At dei hadde oppsøkt henne og hennes tjenester? Kanskje var mange redde for å bli avslørt? Eller kanskje var nokre redde for at folk skulle tru at dei hadde kjøpt hennar tenester.. Det kunne kanskje vore tryggare om nokon andre viste henne bort? Men ingen gjer noe som helst. Hu får være i fred. Stemningen er ladet. Ale følger med. Og hu merke det. Pusten hennar er kort, andletet raudt og pulsen høg. Hu veit at hennar prosjekt er risikabelt. Hu veit kven mesteparten av gjestene er. Men det er ikkje dei hu kikke rundt etter. Blikket flakker. Leite etter Jesus. Og så lande augene hennar på ham. I same augneblink er ikkje dei andre gjestene viktige lengre. Alt hu ser er Jesus. Tårene presser seg på. Og hu går bort til ham og blir ståande bak ham.

Litt til som datidens skikk. Nå som da er det fint å by besøk på mat,  sitte til bords og samtale over eit godt måltid og god drikke. Så også på Jesu tid. Men det var vanlig at bordene var lave og stolene var puter. De som «satt» til bords, lå gjerne. Litt på siden. Og med litt fantasi kan du sikkert forestille deg at bena ble liggende litt bakover for at flere skulle få plass ved bordet. Og slik var det altså når Jesus satt til bords med Simon. De som er til bords ser kverandre og det som enn måtte være på bordet. Jesus var klar over kva som foregikk bak ham, men han er vendt mot bordet og Simon.

Kvinna bak ham, hadde ein plan med besøket sitt. Hu hadde med seg ei krukke med dyr salve. Hu ville gje Jesus ein gave. Kanskje lure hu på om Jesus vil vise henne bort, så hu seie i frå om at hu er der, ved å kysse føtene hans som for å sei «eg er her, eg er deg ikkje verdig, men om eg får lov, vil eg gje deg ein gåve, ein salve som er god for føtene dine..» Og idet hu kysser føtene hans, legge hu merke til at Jesus ikkje trekker seg bort. Hu blir ikkje avvist. Hu får lov. Og følelsane hennar veller opp. Hu kjenner at hu står i gjeld til Jesus. Midt i dette selskapet, på tross av hennar rykte, er det ein som er venn med henne. Hu er sett. Hu er akseptert. Hu kjenner tårene presse på. Og hu gråter. Tårene faller. Ukontrollert. Ned på Jesu føtter. Kvinna blir flau og leite rundt seg etter noko å tørke tårene bort med, men finne ikkje noko, så i farta tørke hu tårene fra føtene hans med det einaste hu har tilgjengeleg; håret hennar. Og med sitt lange hår, tørke hu føtene, og mens hu gjør det fortsette tårene å falle. Jo meir hu tørke, det meir gråte hu. Tårene vasker føtene hans - ei handling som ikkje kunne vore planlagt på forhånd. Hu kysse føtene hans igjen. Og igjen.

Kvinna er i ein følelsesmessig oppløsning. Hu gråte ukontroller bart. Det renne fra auge og nese. Håret hennar blir bløtt og blandes med støv og skitt. Lukten av den dyre olja hu har med seg fylle rommet. Alle er klar over kva kvinna gjør.

Me som lese fortellinga nå 2000 år etterpå kan gjere oss mange tanker om det som hende; kan hende du legge merke til ein ting slik som meg: gjennom tårer, vasking og velduftande olje, tilbed kvinna Jesus. Den kostbare olja, tårene og ydmykinga av å kysse føtene hans, og få håret skitna og rota til, det er ei underleg form for tilbeding. Den største offeret hu gjer er kanskje at dette skjer mens alle i rommet ser det. Fullt av menn. Menn som veit kven ho er. Kva ho har gjort. Hu er ikkje invitert. Ikkje ønska. Men kvinna tilbed Jesus dugeleg godt. Utan ord til og med. Hmm; tilbeding utan ord.. det kan vere ei utfordring for ein kvar av oss.. Men det er heller tvilsamt at gjestene for øvrig i Simons hus såg på dette som tilbeding. Nei, det er som om augene gransker Jesus kritisk og undrende. Kva vil han gjer? Dette kan vel ikkje berre fortsette sånn utan videre? Situasjonen føles pinleg, skammeleg, opprørande, men Jesus, han ser ikkje ut til å vere verken sint eller opprørt..

Lat oss vende oppmerksomheta frå denne kvinna til 

Simon:

Simons reaksjon, finne me i vers 39 der det står at han tenkte med seg sjølv «Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv.» Simon gjer seg opp nokre meininger om Jesus. Og argumentasjonen er omtrent slik: Dersom Jesus er ein profet, så bør han vete kva slags mennesker som er rundt ham. Dersom Jesus visste at denne kvinna er ein synder, ville han ikkje hatt noko å gjere med henne. Og dersom Jesus var ein profet, ville han ikkje latt kvinna rørt ham. Ja, ordet om «å røre» som Simon tenker på er eit ord som ellers er brukt om sexuell aktivitet - altså at Simon såg på måten kvinna rørte ved Jesus som svært umoralskt og usømmeleg.

Men argumentasjonen til Simon er feil. På same måte som ein kalkulator gjer deg rett svar kun dersom du tastar inn riktige tall og funksjonar, ble Simons konklusjon feil, fordi han hadde hadde feilaktige antakelser om kven Jesus var.

Simon meiner at Jesus var ein profet, noko som ville gjort ham i stand til å forstå kven det var som rørte ved ham. Og sjølv om Jesus visste kven som rørte ved ham, så handla han anderledes enn Simon forventer. For Jesus er ikkje ein profet. Han er den einaste som kan tilgjeve synder. Og det er slik han møter kvinna. Men også meir enn det. Han veit kva Simon tenker. Og han veit kva simon trenger. Difor svarar Jesus på Simon sine tankar gjennom å fortelle ham ei likning.

Nåde for syndere:

Se det for deg. Enno mens kvinna står bak Jesus og gråter og tørker og oljer føtene til Jesus, henvender Jesus seg til Simon. «Simon, eg har noko å seia deg. Det er to slags syndara i denne verda, og eit kvart menneske passar i den eine eller den andre kategorien. Det er syndere som veit dei er syndere. Og det er syndere som ikkje veit at dei er syndere.» Og så fortel han historien om dei to mennene som skylte penge.r Den eine 500 denarer og den andre 50. 1 denar var løna for ein dags arbeid - knapt nok til at ein klarte seg nettopp ein dag. 50 denarer tilsvara om lag 2 månedsløner og 500 denarar omtrent 2 årsløner. Sjølv om det var stor forskjell i kor mykje dei skylte, var ingen av mennene i stand til å betale tilbake. Difor vise utlånaren dei begge nåde, og ettergjev begge gjelda. Jesus spør så Simon: Kven av dei vil vere mest takknemlig?

Simon kan ha nølt med å svare. Han kan ha skjønt allerede då at han var fanga. Men det er berre eit korrekt svar på spørsmålet. «Den som han ettergav mest, tenkjer eg.» svara Simon. Og sjølvsagt er det slik. Jo større gjeld, jo større takknemlighet. Når Jesus så vender seg bort fra Simon, ser på kvinna som steller føtene hans, og forklarer vidare, forstår Simon at både kvinna og han er skyldige. Begge er syndara. Begge treng dei tilgjeving. Og Simon begynner å forstå at Jesus ikkje er ein profet. Han er noko meir. Og det toppar seg når Jesus seier til kvinna «Syndene dine er tilgjevne». Simon hadde argumentert feil i sitt stille sinn. Han begynner å forstå kven Jesus er. Kanskje ser han også at han også treng tilgjeving frå Jesus. Kanskje han begynner å fortstå at Jesus er Messias? Me kan ikkje vere sikre, for fortellinga stoppar der. Og me som les og høyre historia må begynne å sjå på oss sjølve.

Oppsummering / punch line

Det er berre to slags mennesker i denne verda. Det er syndere som veit dei er syndere. Og det er syndere som ikkje veit at dei er syndere. På samme måte som i historia er det ingen av oss som kan betale vår gjeld, vår synd. Me er skuldige alle saman. Kun gjennom Jesus kan me verta frelste. Dei gode nyhetene er at tilgjevinga er tilgjengeleg for alle. For kvinna i Simons hus. For Simon farisearen. For meg. For deg.

Det er blitt fortalt at ei mor ei gong gjekk framfor Napoleon og ba om nåde for son sin. Keisaren sa at sonen hadde blitt tatt for same lovbrot to ganger og at rettferdigheta krevde at han skulle døy. Men mora svarte: «Men eg ber ikkje om rettferd, eg ber om nåde». «Men sonen din fortene ikkje nåde, » svarte Napoleon då. «Kjære deg, » gråt mora, «det ville ikkje ha vore nåde dersom han fortente det. Det er nåde eg bed om.» «Du svarar godt, » sa Napoleon, «Han skal få nåde». Og keisaren sparte sonens liv.

ære være...

 

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..