Leif Wikøren Nilsen

Guds fulle rustning

And if our God is for us.....who can stand against?

Ef 6,10-18

    Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Innledning / apéritif

Dagens preiketekst er heilt sikkert kjent for dei fleste av oss. Når me les teksta, får me nødvendigvis eit inntrykk av at me står midt i ein kamp, ein krig. Det kan få oss til å tenkje i retning av korsfarara, heilag krig, ja, til og med ekstremistiske grupperingar og fraksjonar. Med slike tankar virvla opp, treng me å gjere nokre presiseringar. Lat oss starte med

1 Krigen (v10-12)

Paulus kalla det for ein strid og han fortel om skjold og hjelm og sverd. Det handlar om ein krig. Men kva slags krig? Preiketeksta er henta frå Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Efesus. Det var ikkje så mykje forfølging akkurat på den tida, keisarens kristendomsforfølging hadde ikkje tatt til riktig enda. Så det var ikkje den. Ja, me kan lese at dei hadde nokre interne konflikta (se Apgj 19, 23-29; 1 Tim 1, 3-7; 4, 3; 6, 20), men det er tydeleg ikkje det heller Paulus tenke seg. For Paulus såg ikkje for seg at motstandaren, var mennesker av kjøt og blod. Nei, den eigentlege krigen var av andeleg karakter. Mellom krefter og andehærar i himmelrommet.

Krigen har dratt ut i langdrag. Den pågår endå. Og den foregår over alt på jorda. Også her i Norge. Og i lille Bjerkreim. Det er ein skitten krig. Mer lumsk og forferdelig enn den mot terrorisme. Korleis kampen ende,  avhenge mye av korleis me forberede oss. Ein måte å forberede oss er å vite kven me har som motstander. Han har mange namn: Djevelen, Satan, Lucifer, slangen, løgnenes far, fristeren, anklageren, prinsen av denne verden.. 

Det er blitt gjort mange meiningsmålinga opp gjennom. Ein fortelle at to av tre mennesker meine at djevelen ikkje e ein realitet, at han berre er eit symbol på ondskap. Til og med så møje som halvparten av bekjennande kristne trur ikkje at Satan finst.. Men kampen er reell. Ein kamp mellom det gode og det onde,  liv og død, lys og mørke, frihet og slaveri, frelse og fortapelse, himmel og helvete,  Gud og djevel. Ein kamp for å vinna mennesker. Meg og deg. Tankesettet vårt. Sjela. .. Og motstanderens største våpen det e /bedraget/.

Noen av dokke har kanskje sett The Twilight Zone, ein TV-serie, med novellefilmer som tar opp tema mellom lys og skygge, vitenskap og overtro, tro og tvil, ein blanding av mysterie, skrekk og science fiction. I ein av episodane er det ein turist som reiser i sentral-europa, og blir overraska av ein storm. Han kommer tilfeldig til ein plass der nokre monker bor. Til hans overraskelse er det berre så vidt dei lar han få husly. Seinare på kvelden oppdage turisten at det er ei celle i huset, kor ein mann er innelåst. Ein gammel bjelke holder døra låst. Fangen fortel av han blir holdt fange av den eldste av munkene; den mentalt forstyrra broder Jerome. Fangen trygle mannen om å sette ham fri. Turisten konfrontere broder Jerome med kå han har oppdaga. Men Jerome fortel at fangen er ingen ringere enn Satan, «løgnernes far». Han er holdt fanga av sannhetens bjelke - det einaste hinder han ikkje kan komme forbi. Turisten tenke sitt. Broder Jerome må i sannhet vere gal. Og så snart han får sjansen, løslate han fangen. Men i det han gjør det forandre fangen seg til en forferdelig demon og forsvinne. Det går plutselig opp for den forbløffa turisten kva han har gjort. Broder Jerome trøste ham: «Stakkars deg - resten av livet ditt vil du minnes kva du har sluppet løs på verden..» «Eg trudde ikkje på deg. Eg såg ham, men eg gjenkjente ham ikkje..» resignere turisten.. til hvilket broder Jerome bemerke: «Det, det e menneskets svakhet .. og djevelens styrke..» 

Motstanderens største våpen er /bedraget/. Men me som er barn av lyset veit og at han er mindre enn Gud, overvunnet av Jesus. Lika fullt pågår kampen ennå. Og fienden er fortsatt listig og slu. Han vrir på sannheten, motstår Guds vilje, hindrer evangeliet, skaper tvil, fornektelse og forvirring. Han gjør blind, han ødelegger tru, han får mennesker til å stå mot mennesker - i alt fra familierelasjoner, til samfunn, til nasjoner og ja til og med religioner.

Så kå skal me gjør? Me må forberede oss. Me har høyrt litt om kven fienden er. Me forstår me kan ikkje sloss mot ham med bare hendene eller med konvensjonelle våpen. Men me er likevel ikkje forsvarslause. Gud gjev oss sin rustning, hans /fulle/ rustning.

2 Guds fulle rustning (v13-17)

I det øyeblikket det lukter «kristen manns blod» av oss, er me blitt soldatar. Og på same måte som me sloss mot andelege makter, er Guds fulle rustning også andeleg i sin natur. Du kan ikkje kjøpe den. Du kan ikkje få den av myndighetene eller av hæren. Men du kan motta den ved tru. Rustningen er ekte. Den er nødvendig.

Lat oss sjå raskt på dei ulike delene slik Paulus legg det fram for oss:

  • ¤ Sannhetens belte: Det handle om å vere sanne overfor vår neste, men og for oss sjølve. Og ikkje minst overfor Gud. På samme måte som alkoholikerens første og viktigste grep for å få livet på rett kjøl igjen, er å innrømme at han (eller hu) verkeleg har eit problem ... slik starte Guds rustning for oss med å holda sannheten høyt. Skusle me bort sannheta, står fallet for døra.
  • ¤ Rettferdens brynje: Det handle om rene hjarte; om å vere heilhjarta. Kva ville Jesus gjort i ein slik eller slik situasjon? What Would Jesus Do WWJD? Rettferd er ikkje ein teori. Det er noko som utøves i møte med vår neste. 
  • ¤ Fredens sko: Skoene hjelpe oss å verta ståande - og å gå framover. For oss handle det om å gå med Jesus daglig. Walk With Jesus Daily WWJD! Paulus talar nokre stadar om å halde ut løpet så me kan vinna sigerskransen. Det er eit «ja me er frelste» samstundes som det fortsatt er noe «der framme.
  • ¤ Truas skjold: I samfunnet er det ein klar tendens til at det ikkje er lov til å ta med seg trua i det offentlige rom. Om ein omtalar aktuelle sakar ut frå eit religiøst perspektiv, reagerar mange. Det er forståelig, men ikkje bra. Trua må ut av lønnkammeret; den må handla om meir enn sundag mellom kl 11 og 12. For trua er for heile livet; alle aspekt. Det handle faktisk lika mye om olje og gass som dåp og nattverd.
  • ¤ Frelsens hjelm: I den grad me klarar det: tenk på kva Gud har gjort for oss; kva Jesus har gjort; han døydde for oss; han stod opp for oss; han bar alle verdsens synder på seg; På samme måte som i Edens hage, vil djevelen lokke oss til å tvile på «om Gud verkeleg har sagt .. eller gjort».. Men frelsa er sann! Det står skrive! Det er nok av vitner! Han /har/ sona all verdsens synd!
  • ¤ Andens sverd som er Guds ord kan beskytte oss. Det handlar om å samlast om Ordet; høyra det; lesa det; grunna på det; veksa på det.

Det er opp til oss om me vil bruke Guds rustning. Med med rustningen på kan vi stå imot angrep fra fienden. Rustningen er der for vår beskyttelse. Den vil hjelpa oss å stå fast.

Når eg les historiar frå USA, er eg glad eg bur i Norge. Ei hending frå Los Angeles, skjedde tidleg om morgonen når ein politimann såg ein bil som ikkje stopte for rødt lys i eit kryss. Han må vere seint ute til arbeid, tenkte konstabelen, og slo på blå-lysa og gav beskjed til sentralen at han stoppe ein bil. Bilen kjørte til side og han kom opp på siden. Samtidig, inni bilen, tenke sjåføren: «Han veit det allerde!» og handa kvilte på pistolen han for nokre minutt sida hadde brukt for å rane ein døgnopen bensinstasjon. Veska med dei stjålne pengene låg ved siden av. «God morgen, kan eg få sjå..» mer rakk ikkje konstabelen å sei. Sjåføren hadde retta pistolen mot politiets bryst og skjøt - med berre nokre centimeters avstand. Politimannen blei slått 2 meter bakover. Nokre sekund etterpå, reise politimannen seg opp og trekke pistolen og skyter to ganger: ei gong gjennom det opne vinduet. Andre gonga gjennom døra og treffer sjåføren i beinet. «Ikkje skyt!» rope sjåføren! I sjokk kaste han ut pistol og pengesekk av vinduet. -- Det som redda politimannen var tykke lag av beskyttelse frå den skuddsikre vesten hans. Bare fra nokre centimenters avstand stoppa den livsfarlege kuler.

Bibelen anbefale ein kvar kristen å ha på Guds fulle rustning. Verdiar som sannhet, rettferd, fred og tru, kan effektivt stoppa fiendens åttak på oss.

Guds fulle rustning kjem ikkje berre med beskyttelse. Den har også to våpen.

  • ¤ Andens sverd. Me nevnte den som ein del av beskyttelsen, men eit sverd er klart nok også eit våpen. Guds ord slår tilbake. Hebr 4, 12: «For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.» jfr når djevelen freistar Jesus i øydemarka. For å nytte dette våpenet er det viktig at me faktisk kan noe av det. Difor oppfordrast det til at me stadig les Ordet. Bibelen. Husker det. Bruker det. Refererer det.

Men me har også eit anna våpen.

3 Det ultimate våpen (v18)

Etter fem år med verdenskrig, gav den amerikanske presidenten ordre om å slippe en atombombe over Hiroshima i Japan. Den 6. august 1945 blei bomba sluppet. Den hadde fått kallenamnet «Lillegutt». Eit minutt seinare eksploderte «Lillegutt». Og eit inferno av ild og røyk bredte seg ut, med slik ein kraft som verda aldri før hadde sett. Hiroshima var med eit utsletta. Tre dager seinare skjedde det same med Nagasaki. Og Japan kapitulerte. Bombene markerte slutten på den andre verdenskrig.

Ein av dei tingene storsamfunnet frykte mest, er at slike masseutryddingsvåpen skal hamne i feil hender. Det verste scenarioet er at krig skal komme ut av kontroll og gjere ende på verda slik me kjenner den. Det er det ultimate våpen.

I denne kampen om mennesker, mellom lys og mørke, mellom godt og ondt, er djevelen også redd for eit slikt ultimat våpen. Det er det kraftigste våpen Gud har gjeve sine, men merkelig nok også det våpen som for mange er vanskeligst å bruke, det siste me kjeme på å ta fram. Nemlig bøn.

Bønnens kraft. Sett me av tid kan me be Fader vår, Aftenbøn, Bordbøn, Sinnsrobønn. Men i vers 18 stod det enndog: Be! Alltid!

Tenk å be på ein sånn måte: Uavlateleg! Ein livsstil med bøn! For kyrkja.. for medkristne over heile jorda.. for alle menneske.. for heile Guds skaparverk.. Ja, det er gonger det er betre å sette av tid til bøn, rydde plass til stille stunder med Gud. Men å be er eit kall til å gjere heile livet til ein samtale med Gud - i alt me gjer. Ortodoks kyrkja har omtala dette som ein «andeleg pusting». På inn- og ut-pust ber ein bøner til Gud. Natulig. Uanstrengt. Oftast utan å tenke over det. Her i Norge har me meir ein tradisjon å be i det skjulte; i lønnkammeret. Men eg lure på:

Korleis er ditt bøneliv? blomstrende og forfriskende? ..eller kanskje sjelden eller ikkje-eksisterande? Mitt bøneliv er slik:

  • Av og til sette eg meg ned og tenke på kyrkjelyden og bed for den og den og det og det..

men oftast er det slik:

  • Eg kjøre bilen og komme på ein eller anna som er traff tidligare.. eg bed litt..
  • Eg ser ein bil som vandre fram og tilbake i vegbanen.. holde han på med ein SMS? eg bed litt for han og..
  • Eg skal til doktoren og sitte på venteværelset.. eg bed litt då og..
  • Eg er på veg til ein dåpssamtale.. eg bed litt for samtalen..
  • Eg avslutter oftast samtalar med litt bøn..
  • Eg ser på nyhetene.. og bed litt for verda..
  • Eg går ein tur søndag ettermiddag og tenke på dei eg traff på gudstenesta.. og så bed litt for dei og..
  • ..osb

Hugs av Djevelen frykte bøna. Han veit at den bære ei kraft han ikkje kan stå imot... «Det ultimate våpen»...

Avslutning / punch line

I dagens tekst gjer oss eit lite glimt i frå kyrkja i det 1. århundre etter Kristus. Då stod dei på alle måter i ein krig. Ein krig mellom det gode og det onde. Men krigen er ennå ikkje øve. Den pågår ennå i dag. Og me /er/ midt opp i det. Me kjempe ikkje for å vinna. Seieren e alt vunnet. Men me kjempe framover til den dag Gud skal gjere alle ting nye.

Her i Norge e det dei færraste av oss som ser denna kampen fysisk forran oss. Men me merke den. Gjennom lysten til det onde. Når me oppleve ulike former for brutte relasjoner. I kampen mellom lys og mørke. Så ta Guds fulle rustning på. Ta med deg Guds ord. Og be uavlateleg.

Ei lita jente brukte lengre tid på aftenbøna ei kveld. Mora spurte kvifor hu brukte så lang tid. Jenta svara: «sundagsskulelæraren sa at djevelen skjelve når han ser at ein av Jesus sine minste bed. Eg tenkte eg sko få han til å skjelva litt lengre i kveld.»

          And if our God is for us.....who can stand against?

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..