Leif Wikøren Nilsen

Lys våken nestekjærleik

Andakt over 1 Joh 4, 7-11 ifm Lys Våken 2014, 2018

Det fins ein del ord, tankar og følelsar som får oss til å vere lys våkne for kvarandre.

Ordet ”Kjærleik” er sånn.Berre eg nemnar ordet, lyttar me litt ekstra, hjarta slår fortare, og kinnene vert varme. Ja, om nokre få år vil mange av dykk finne ein kjærast, som de kan halde i handa, gje eit kyss. Å ha ein kjærast gjer livet både spennande, litt nifst, og merkeleg godt. For kjærestepar er gjerne aldeles lys vakne - for kvarandre..

Ja, kjærleik /er/ viktig. Men ikkje berre mellom gut og jente. TENK: Eit nyfødd barn som ikkje får kjenne at hud møter hud, at ein forelder held det kjærlig i armane sine, at det vert strykt varsomt over kinnet .. eit barn som ikkje får kjærlighet risikerer i verste fall å dø.. ELLER: ensomhet er ein av dei viktigste grunnene til at unge som gamle vert alvorleg sjuke.

MEN Gud, Gud han elskar; han elskar verda han har skapt, med sol og stjerne, med himmel og hav, med fjell og vatn og med deg og meg. Gud elskar oss. På ein fullstendig og perfekt måte. Ja – så mykje at han til og med har telt kor mange hår me har på hovudet !! ..han kjenner kva tankar som dukker opp innst inne i oss. Både det gode. Og det vonde. Han veit kven me er!

Han elskar oss ikkje fordi me er snille nok, eller gjer det me skal. Alt for ofte gløymer me jo det me skal, det me burde. Men Gud elskar oss - på tross av at me ofte ikkje strekker til. Du kan sammenlikne det med kjærleiken foreldrene dykkar har til dokker. Dei er glade i dykk på tross av at rommet ikkje blei rydda, på tross av at de ikkje gjorde det dei ba dykk om. Kor mykje meir elskar ikkje Gud oss «på tross av»..?

Ja, kjærleiken som Gud har te oss er eit føreblide for korleis me skal elska kvarandre. Høyr berre kå disippelen og apostelen Johannes skriv i 1 Joh 4, 7-11:

Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.

Er Gud så Lys Vaken for oss mennesker, så skyldar også me å være lys vakne for kvarandre. La kjærleiken væra størst; i stort og smått; i møte med alle mennesker me møter. Ja - lat oss strekka oss langt og bæra over med kverandre. Sånn byggje me venskap som kan vara livet ut.

Ja vær Lys Vakne. For dei som e rundt oss. Sei ifrå om du ser noko som ikkje er greitt. Å værte egla, mobba, slått eller holdt utanfor, er ikkje greitt. Sei ifrå! Vær vakne! Så dei kan værte ståande: tru, håp og kjærleik. Men størst av dei tre er kjærleiken! Lys vakne!

Fri bøn / Amen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..