Leif Wikøren Nilsen

Ingen annan grunnvoll enn Jesus Kristus

Spille på lag, ikkje gløyme Gud, chili og fasader

Det står skrive i..

1 Kor 3, 4-11

    4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?

    5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: 6 Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.

    10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer. 11 For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Innledning / apéritif

Kven er Paulus? Kven er Apollos?

Paulus var den fyrste misjonæren – den fyrste som reiste langt av stad for å forkynne om Jesus. I tillegg var ein klok mann som var med og forma kyrkja si lære dei fyrste ti-20-30-åra etter at Jesus hadde fore opp til himmelen.

Apollos på si side kom frå Efesos. Han hadde blitt kristen og reise til Korint for å forkynne om Jesus. Når me i dag høyre at nokre holdt seg til Paulus og andre til Apollos, var det truleg fordi Apollos og Paulus la vekt på ulike ting i forkynninga si.

Eg vil trekke fram 4 ulike sider frå teksta:

Fyrsst om å
1 spille på lag

Det går ikke an å spille effektivt og med suksess på lag-sport ( som f.eks football ) uten at man faktisk har lært å spille på lag. Den einaste måten å bli eit vinnerlag er å innsjå at kvar og ein av spelarane har ein viktig rolle.

Eg kan umuleg vera den einaste som har fortstått at for å bli ein god fotballspelar, så må eg sentra ballen vidare te mine medspalarane. Så klart e eg ikkje den einaste som har forstått det.. MEN nogen spelara klare visst aldri å fortstå det. Ein kan sjå det blant barn, unge og vaksne, frå dei mest amatørmessige laga, og det er gjerna det som skille dei mest profesjonelle laga. Det finnes solo-spelara; spelara som e veldig flinke både til å dribla og skyta ballen, men som altså ikkje vil spela på lag; dei sentre aldri ballen vidare; dei vil på død og liv springa med ballen sjølv; heilt bort te målet, og skyta, og ta æra sjølv og aleina. Og nogen yttarst få spelara har suksess på den måten. Maradonna, Messi, Ødegaard ... eg veit ikkje kå dei heitte.. Men dei fleste gongene nogen ser bort i frå at dei e eit lag, så skjer det som alltid skjer; at nogen tar ballen frå dei, sjansen forsvinne, og det laget som var i angrep, må nok ei gong ver på defansiven for å unngå at dei kontre.

I Guds rike er me alle spelara på eit kjempe stort lag. Ja, det finst nogen solo-spelara her og, men Guds fyrste og fremste tanke e at me skal ver lag-spelara. Utfordringane og ambisjonane til vår lagsjef e simpelthen så ambesiøse at ingen av oss kan klara oppgaven aleina. Men sammen… Gud vil at Gudsrikelaget skal innsjå at me kan bli betre og betre, at me kan nå ut til jordas ende, men for å gjør det, må me stå sammen. Bare ved å stå sammen kan Gudsriket strekka seg lika frå Jerusalem for 2000 år sidan, og ut i tid og rom lika te oss som e her i Bjerkreim i dag.

Detta e sjølvsagt ingen lett øvelse. Ikkje nok med at dette har foregått i 2000 år allerede. Gud vil at me, menneska(!), skal utgjøra laget hans. Tenka seg te; me som ofte har meir enn nok med våre eigne liv og gjøremål. Me som e så mange solo-spelara, som vil klara oss sjølve, ta æra sjølv, gå vår egen veg. Du ser det i samfunnet heila tida; det skal helst handle om å realisera seg sjølv og sin egen sak, ikkje om å søka Guds vilje og hans sak. …

Men om det e nogen trøst; Sjølv på Paulus’ tid, i den fyrste kyrkja fantes det også slike utfordringa. Det var fleire”solo-spelara” allerede då. Me høyre om Paulus-sida og Apollos-sida. Eg får ein klar fornemmelse om at desse sidene helst ville holda ”ballen” for seg sjølv. Dei vil nå målet på eigen hånd. Mot detta holde Paulus fram i god lag-ånd: ”Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst”

Og det bringe meg over til det neste punktet. Det handle altså ikkje bare om Paulus, eller bare Apollos, for også

2 GUD må vere med i reknestykket..

Ein kar stoppa bilen sin ved ein bensinstasjon. Han fyllte tanken, betalte og kjøpte seg ei brus. Og så vart han ståande å sjå på eit par menn som arbeidde i vegkanten. Ein mann gravde ein serie med hol attmed vegen. Etter ham kom det ein annen mann som gravde håla igjen. Mannen konne ikkje dy seg, og gjekk bort og spurte kå dei egentlig holdt på med. ”Me arbeidde..” svarte dei.. ”Men ein av dokke grave hol, og den andre grave dei igjen – dokke gjør jo egentlig ikkje noge..!?” ”Du forstår ikkje, ” forklarte den eine arbeiddaren, ”vanlegvis e det tri av okke her – meg, Roger og Jens. Eg grave grøfta. Roger sette ned tre-stiklinga. Og Jens grave gjorda tilbake. I dag e Roger sjuk. Men bare fordi Roger e sjuk i dag, betyr ikkje det at eg og Jens ikkje kan arbeidda..!”

Når det gjelder kyrkja og bedehus – ja ”Guds rike” i all særdeleshet – så hende det at Han viktigaste ikkje har blitt med i reknestykket. Folk kan gå på møta og gudstenesta – konfirmasjonsundervisning og trusopplæring, me kan samlast i det beste av lokaler og i dei flottaste omgivelsar, ja me kan ha alt av både band og lovsong, fine klær, og tekte at ”hjarta e på rette staden”. Men om me bare e som arbeiddarane som gravde fine hol for å fylla dei igjen, hjelpe det ingen ting. Me trenge at Gud er med. Har me gjort så fint til rette, må Jesus også få bli planta i våre hjerte, Hugse me det? Eller er det bare greitt nok å komme seg heim etterpå og ”grave holet igjen”? Kor blei det av alle trus-trea som sko plantast?

Eg har nok allerede trukket dette poenget langt nok ut. Men dette er fortsatt kjernen i det å vere kyrkje. Me kan ha kyrkjer og fine møter, men blir ikkje ordet om Jesus død og oppstått for deg planta, er vårt arbeidd intet.  For som det stod: sjølv om Paulus planta – og Apollos vatna; så blei det fyrst god vokster når Gud er ein del av reknestykket.

3 Lat oss sjå litt nærare på dette bilete om å plante..

24. juli i år var eg inne i Stavanger på GladMat-festival og fekk meg ein fin chilli-frukt av han derre Chili-Klaus (som nogen av dokke veit kven er). Dette var ein svak chili som også barn kan spise som den e. Men nettopp denne frukta tenkte eg at eg sko eksperimentera litt med. Eg tok ut dei 18 frøa som var inne i frukta, og planta dei i ein liten tom og reingjort yoghurt-boks med litt jord. Eg hadde så på litt vatn og dekte til med plastfolie og sette boksen i vinduskarmen ved kjøkkenbordet. I tida etterpå har eg kunnet sidde på plassen min ved kjøkkenbordet og følge med. Itte 2 uke såg eg nogen små stiklinga som bredte ut 2 små bladar kvar. 1 uka seinara hadde dei vokse så mykje at eg planta dei om. I staden for 18 små stiklingar i eit yoghurt-beger, blei det no 18 små potter med ein stikling i kvar. Eg har og lese litt om slike planter og forstår at dei trenge mykje lys – meir enn me normalt har her i Norge. Så nå veks og trivst alle plantane så nær som éin – på kjøkkenbordet attmed vinduet – med eit ekstra plantelys rett over dei. Den største med 10 blader nå. Den minste med bare 4.

Eg må sei eg e litt overraska av meg sjølv. På tross av at eg ikkje ser store forskjellen frå dag til dag, er eg veldig fornøgd med at plantane fortsatt veks. Eg er litt som Paulus seier i teksta: ”det e eg som har planta desse små plantane her! Eg og ingen annan!”. Samstundes kjenner eg meg liten; tenke seg til kå slags under som fantes i denne eine frukta eg tok med meg frå GlaMaten – kå slags kraft som låg gjøymt i kvart einaste av desse små frøa. Det har virka! Og eg har sikkart gjort mange feil med dei allerede – og fleire komme det te å bli. Eg kan f.eks ha lyst te å gje fart på plantane, få dei til å vekse så fort at eg kan sjå det, trenge dei meir vatn? Meir gjødsel? Meir lys? Men alt EG egentleg kan gjere er ikkje noko anna enn å vere tolmodig. Eg må finna meg i å sitte stille. Rett ved sida av dei.  For ”ballen”; den er i all hovedsak hos Gud. Det er Han som sørgjer for vekst. Jaudå - Gud sender ”ballen” også tilbake til meg. Eg sjelden gong e det tid for å gje plantan vatn – og litt næring.. Men lika fort som det var gjort, så må eg ydmykt sende ”ballen” tilbake til Gud nok ei gong. Og plantan veks vidare.

Slik også i Guds rike – her i Bjerkreim. Gud spiller ball til oss: ein gudsteneste her, eit møte på bedehus her, og møte på misjonshus her, eller ein kortweekend for konfirmantar der, ein utdeling av 6års-bøker der, ein gospelmesse der og ein presentasjonsgudsteneste der.. Gud spelar ball med oss. Fram og tilbake. I det eina øyeblikket har eg ballen. I det neste øyeblikket er det du. Men for det meste at tiden ”ballen” hos Gud. Ja, for Gud er ikkje ein død Gud. Han lever. Han er nær. Det er han som sørgjer for vekst for liv og sjel. Det e i han me bevege oss og er til. Det e av Hans nåde me får det me trenge - til rett tid. Også i våre liv. I ham kan trua vokse seg serkt. Som eit stort tre. Men utan Ham, forblir trua berre eit uforløyst frø; dødt; utan rot, utan blader, utan framtid; og drømmer og håp.

Som Paulus sa: ”Jaudå, det var eg som planta, ..og det var Apollos som vatna, men det var Gud som gav vekst”

Til slutt: Det er
4 ingen annan grunnvoll enn den som alt er lagt,
                          Jesus Kristus.

Eg har hatt ein periode i livet då eg syntes Westernfilma var det heilt stora. Eg har opp gjennom sett mange westernfilma; alt frå westernparodien ”My Name is Nobody”, te klassikeren ”The good, the bad and the ugly” og lika te “The lone ranger”. Og før du spør: nei, eg har aldri fulgt noge særlig med på ”Bonanza”! Men poenget mitt nå e knytta te kossen slike filma blir laga. Dei bruke kulissa. Midt ute på prærien bygges opp ein liksomby, fasader av den eine og den andre bygningen, men det e egentlig bare nogen tomme skall. Eg blei litt lei meg då eg ut det fyrsste gong. Eg ville gjerna at handlingane sko ha funnet sted på verkelege plassar. Men nei: det var ingen saloon, ingen butikk, ikkje noge fengsel – alt var bare fasader uten innhold; trekonstruksjoner som skulle se bra ut på TV..

Og så tenke eg at mange menneska e nettopp som sånne film-kulisser. Eg e nok sånn av og til sjølv og. Ein fasade; ein utside; det eg like å presentera te andre menneska. Men e det bare det? Ein fasade? Ein framside? Men uten noge som helst av innhold?

Ei viktig side av det å vera kristen, e å ha noge bak fasaden; over og under. Å ha Jesus i hjarta sitt er ikkje bare eit tomt skall. Å gå med Jesus gjennom livet og inn i all evighet, handle om å tåla både dei gode og onde dagan; glede og sorg; ja, om ein så går i dødsskyggens dal... Å ver kristen handle om å vera så djupe av me har eit perspektiv på evigheten... Og grunnvollen for detta? Det er sjølvsagt Jesus Kristus \o/

Avslutning / punch line

Me Guds rike bygger me altså ikkje fasader uten innhold. Nei, grunnvollen er Jesus Kristus og innholdet er så langt som til evigheten og forbi. Gud er vår viktigste lagspelar. Men me har også kverandre.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..