Leif Wikøren Nilsen

Josef

Gud har en plan med ditt liv

Det står skrive i 1 Mos kap 45 og kap 50:

Første lesing: 1 Mos 45, 1-6

      1 Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var. 2 Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det. 3 Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. 4 Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:

        Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. 5 Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk. 6 I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta.

Andre lesing: 1 Mos 45, 9-13

    9 Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10 Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. 11 Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» 12 No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. 13 Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.

Prekentekst: 1 Mos 50, 14-15 og 19-21

    14 Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob. 15 Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»

    19 Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? 20 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag. 21 Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.

Slik lyder Herrens ord.

 

Josef og brødrene hadde et komplisert forhold.

Men Josef hadde ein høg standard for seg sjølv. Tenk bare; Då han var om lag 10 år døde mora. Josef ble farens yngling, han fikk finere og dyrere klede, og han ble misundt av sine brødre. Ikkje bare fordi han var farens yngling, men også fordi han hadde disse drømmene. Josef var bare omkring 17 år da han fanga og solgt av brødrene (1 Mos 37, 2). Brødrene sa til faren at han var blitt drept, men Josef ble bragt til Egypt og solgt som slave til Potifar. Han fikk en «kariære» der og ble lederen av hosholdet. Potifars kone prøvde 2 ganger å forføre ham – men Josef gikk heller i fengsel – fordi det ikkje var riktig i forhold til hans tro, i forhold til Gud, i forhold til sjefen hans, Potifar. Da fikk det det resultatet at han ble falskt anklaget, og fengslet.

Også i fengselet var han på same måten. Da han fikk drømmene til tjeneren og bakeren, tolket han det – trofast. Han pyntet ikkje på budskapen – tjeneren skulle bli sett fri og bakeren dømt til døden.

Tjeneren glemte Josefs tydning, den hjelp han hadde vore. Josef blei ikkje harm. Men då tjeneren forstod at Farao blei plaga av drømmer – og ingen kunne tyde det – så huska han på Josef. Og så blei Josef kalla av Farao. Han var omkring 30 år då (1 Mos 41, 46). Han tyda drømmene. Utan å leggje skjul på noko. Og Josef blei sett til statsminister over heile landet, den nest viktigste personen i landet, utenom Farao sjølv. Så var det 7 år med mye mat (1 Mos 41, 53-54) og så 2 år med hungersnød (1 Mos 45, 6).

Så griper Josef sin historie tilbake til begynnelsen.

Brødrene og faren opplever også hungersnøden – og brødrene (utenom Benjamin – farens andre yngling) drar til Egypt for å kjøpe mat. Josef kjenner dem igjen, men de kjenner ikkje igjen ham. Josef er sint, han holder en av brødrene som gissel mens de andre drar og henter Benjamin. Når de kjem tilbake avslører han kven han er. Men i staden for å straffe dem, ber han dem alle å komme til Egypt så de kan overleve.

På underfullt vis ser me at Gud står over historia og holder si hand over oss. Gjennom prøvelser og farer, gjennom mange år og gjennom mange land – passer Gud på oss. Det som skjedde med Josef hadde ei meining; det var best at han blei solgt – for at han seinare kunne redde heile familien.

Når så faren døyr, blir brødrene redde for at Josef på nytt skal hevne seg på brødrene sine. Faren har holdt familien saman – og bevart freden – kva vil skje no?

De prøver å blidgjøre ham. Men Josef viser seg å vere god. Han har tilgitt dem. Og nå må han trøyste dem.

I alt dette ser me at drøymene til Josef nok ei gong blir oppfyllte. Han som i sin ungdom såg at brødrene skulle bøye seg for ham, har i sannhet gjort det. Ikkje berre pga hugersnød og ønske om å få mat til å overleve – men også på grunn av de har erkjent den ugjerningen de har gjort – de er syndige – de er skyldige og de har bekjent sin missgjerning – og Josef; han er den einaste som kan tilgje dem. Og dette e ein av nøklane til å forstå Josef: han hadde egenskapen til å tilgje.

Viss Det gamle testamentet har eit stort førebilete for oss, så må det vere Josef. Det er ikkje tilfeldig at man ser eit forbilde på Jesus i ham. Gjennom Josef lærer me at verken nederlag eller seirer; sorg eller en suksessfull kariære, skal få skjule det faktum at me er ei brikke ei eit større bilete; eit elska menneske av Gud, i en mangfoldig verden; og det er ikkje me som styrer historien; men han som er over alt og til alle tider. Ja. Det var mange «opp» og «ned» i livet til Josef. Men han holdt fast på at Gud hadde ein plan. Videre: Gjennom Josef lærer vi at knuste og erkjennende og bekjennende mennesker må bøye seg for Herren. Han er den einaste som i sannhet kan tilgi synd og reise oss opp som reine og rettferdige framfor Herren. Og har Gud elska oss så høgt, då skylde også me å elska kvarandre. Me skal vere tolmodige og velvillige; ikkje vere oppfarande, men heller gløyme det vonde. Alt toler me i kjærleik. For slik har Gud elska oss.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..