Leif Wikøren Nilsen

Fikentrær

Bærer me frukt?

Luk 13, 6-9

6 Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. 7 Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ 8 ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; 9 kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

1 Fikentrær

De er nevnt meir enn 60 gonge i Bibelen. De var og er veldig vanlige og godt likt i Israel. Adam og Eva brukte fikenblader for å dekka sin nakenhet. Fiken var ein viktig del av hebreernes diett. Gode fikentre var ein bilete på mennesker som trur. Rotne trær på frafalne; ikkje-truande.

På ein vingard forventar man å finne druer. Ikkje fiken. Fiken vokser ved vegane – på hard grunn. Men noe spesielt hadde skjedd med dette treet. Det var planta der det stod av nokon; i vingarden; der jorda var fruktbar; så treet kunne blomstra. Og nokon hadde passar på treet så det fekk passeleg med vatn og sol og stell. Dette treet var ikkje eit produkt av tilfeldighet. Nei. Treet var der fordi gartneren hadde ein tanke for at akkurat dette treet var der det var.

Me er som dette fikentreet. Gud har utvalgt oss; flytta oss frå har og ugjestmild gjord; og gjett oss lys og framtid og håp. Han har gjett oss velsignelsar og konstant tilførsel av Ordet. Me trenge ikkje bekymra oss for morgondagen, morgondagen skal bekymra seg for seg sjølv. Gud gjev oss det me trenge – det som e nok til vår vandring her på jord; bøn, styrke, helse, velsigningar.

2 Ein dag kom eigaren av vingarden.

Han gjekk forbi dei forskjellige vin-rankene og holdt kursen til fikentreet. I dag hadde han lyst på fiken. Han såg kanskje kor store og grønne bladene var. Så han løfter på nokre bladar og forventar å finne frukt. Han finn ikkje noko. Undersøker nærmare, men nei.

Du veit kossen det e med forventning; slik barnet forventar å finne kjekke pakkar under juletreet; lønninga på rett tid; pengar til gode på skatten; forventningar om eit godt liv; ei god helse; gode vennar; mat på bordet; ein heim – eit krypinn som er ditt. Dersom svaret uteblir; pakken, lønninga, helsa, det gode livet ikkje kjeme. Då blir me skuffa. Ofte djupt skuffa. Og det «velter» seg inne i oss.

Vingardsaigaren forventa å finne fiken, men han gjorde ikkje det sjølv om han undersøkte nøye. Han vart skuffa. Sjølvsagt.

Det er mange mennesker som kan kjenne seg igjen på fikentreet. På utsiden og på avstand kan ein sjå fruktbar ut, vellykka. Eit facebook-glansbilde. Men på innsiden? Korleis står det til med oss på innsiden? I takt med aukande grad av forventningar rundt oss, har psykiatrien fått meir og meir å gjere. Barnevern styrkast. Fleire fostarheim trengs. Sjukeheim skal utvidast. «Lykkepillar» selgast som aldri før. Og sjølv om me her i Bjerkreim også i 2016 har hatt stabile dåpstall, antall mennesker tilstede på gudstenester, til nattverd, på bedehus og på lag og foreningar, så er trenden for landet nedslåande. Slike tall fortel sjølvsagt ikkje korleis du har det på innsida.. men eg kjenne få mennesker som i eit og alt kan seie med handa på hjartet at «alt er bare bra»…

3 Lånt tid

Det er vanlig å høyra folk snakka om «å leva på lånt tid». Me bruke uttrykket for å beskriva nogen som har overlevd slag, kreft, ei ulykka, ein nær-døden-oppleving. Det betyr at nogen leve som ein trudde sko ha vore død. Og når me tenke på det; det gjelde oss alle. For syndens lønn er døden.

Døden kunne nådd oss mens me var eit foster, i vogga, på leikeplassen, på skolen, på jobb, heima, på gata osv. Ja det e nok av problem som kunne gjort av med oss; depresjon, sjukdom, skuffelser, feiltak, truslar, løgn, hat, osv.

Takk Gud; for at me enno leve! Takk Gud; for at det har godt så godt som det har gjort. At me enno leve. Me leve alle som ein på lånt tid. Kvifor? Fordi Gud er nådig. Han lar nåde gå for rett. Han holde tilbake straff me syndige menneske med rett skulle fått. På grunn av Jesus Kristus.

Avslutning / punch line

Me har høyrt om eit fikentre som eit bilete på mennesket. Om me bære frukt eller ei. Som kristne er me ikkje spart for utfordringar og skuffelsar i livet. Sjukdom og motgang møter oss som alle andre. Men i Jesus Kristus er me lova ei velsigna nådetid. Om 2016 har bore med seg frukt for deg – eller ei – veit eg ikkje. Men Gud være takk for at Jesus har kjøpt oss fri. Fri til eit nytt nådens år. Jesus er gartnaren i vore liv, han vil stelle bra med oss, han være med oss, kor enn vegen går. Sånn kan me eige framtid og håp også inn i eit nytt år: 2017.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..