Leif Wikøren Nilsen

Kristi himmelfartsdag

Kå skjedde? Kå henne e Jesus? Ill: «Tommy»...

Det står skrive hjå … i det .. kapitlet, vers …-…:

Mark 16,19-20

19 Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. 20 Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.

Slik lyder Herrens ord.

 

Innledning / apéritif

Dei som kjenne meg godt, veit at eg like gode historia. I si tid var «Derrek» noge av det besta som var på TV. Seinare Herqules Poirot. Ellar «Murder she wrote». Ellar «Ringens Herre», «Harry Potter» eller «Doctor Who» for å ta nogen eksempla frå nyare tid. Men det e ein historie eg aldri blir lei av. Og det e historia som står i Bibelen. Den e fantastisk, eg kan lesa den som om det var ein dektektiv-historie eg ska prøva oppklara. Men det besta e at det e ein historie med rot i verkeligheta – som strekke seg lika inn i evigheta. Tenk; itte oppstandelsen var disiplan i full forvirring. Kå hadde skjedd med Jesus? I det eina øyeblikket kjenne dei han ikkje igjen; og i det nesta kjenne dei han igjen. Og når dei endelig begynne å få grep på det; drar Jesus opp te himmelen; tebake til Gud vår Far. Me ska kort stoppa opp med tre punkter;

1 Fysst: Kå skjedde i himmelfarten?

Ja, sjølvsagt: «Jesus blei tatt opp i himmelen». Det e omtrent sånn det står i Bibelen. Apostelgjerningan 1, 9b seie: «han vart lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira.» Lukasevangeliet 24, 51 rapportere: «medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen.» Og i dagens preiketekst leggjast det til at: «han sette seg ved Guds høgre hand».

Det e ein avskjed. Ein avskjed disiplane ikkje var heilt forberedt på. Omtrent som slutten på ein gripande film; når heltan må ta forvel med kverandre; og me med dei. Kanskje ein helt døyr. Kanskje dei av ein eller annan grunn ikkje får treffa kverandre igjen. Og  Bibelen tek helten; han som døydde og stod opp igjen; «farvel» med disiplan. Nå får Thomas ikkje lenger ta på såret i sida hans; ellar sjå hendene hans. Nå har dei sett han med eigne auge for siste gong. Her på jord.

Og reint konkret var det det som skjedde. Jesus vart usynlig. Og det fortelles at han «for til himmelen». Om himmelen e «opp» eller «der» eller «der», e av mindre betydning. Men han sette seg ved kraftens høgre hånd. Vår treeinige Gud e samla igjen. Kongen har komme heim itte fullført oppdrag.

2 Så for det andra. Kå henne e Jesus nå?

I møte med innholdet i kristi himmelfartsdag, kan ein få inntrykk av at Jesus har trukke seg tilbake. Ellar at det i beste fall e Den heilage ande som nå e «på jobb», men det e bare halve innholdet av kristi himmelfartsdag.

Preiketekta gjer innhald til andre halvdel; og svare slik på spørsmålet: «Kå henne e Jesus nå?»: Markus fortelje at når disiplane itte at Jesus hadde blitt borte, tatt opp til himmelen, så gjekk dei ut og forkynte alle stader, og då var Herren (altså Jesus) sjølv hos dei, og stadfeste Ordet med teikn.

Dessan to delane henge saman; at Jesus vart tatt opp te himmelen OG at han var med dei alle stader.

Ein ven har omtala dette sånn: Jesus vart borte for disiplane for å kunne være med oss alle – alle dager. E ikkje det ein flott tanke? Eg klare knapt å sei det meir teologisk presist. Jesus e ikkje lenger «bare» hos disiplane. Han e med oss alle. Overalt. Til alle tider.

3 historia i preika mi… ja, den komme nå…

Det var eit av dei fysste åra mine som prest. Eg hadde mine konfirmanta. Og så såg eg Tommy. Både augene mine og tanken «blonka». Det var ein fullvaksen konfirmant. Høgare enn meg. Truleg sterkare også. Med skulderlangt tjukt sort hår som han lot fingrene gli gjennom. Eg huske eg tenkte at det ikkje e kossen ein ser ut som telle, men den dagen var eg uforberedt. Og eg kategoriserte Tommy med ei gong under «M» for «merkelig».

Tommy viste seg å væra kullets ateist. Han protesterte på det eg sa, gjorde så godt narr han kunne, og klagde når eg sa at Gud var ubetinga god. Eg må innrømma at han var ein plage…

På siste konfirmasjonsundervisning, var han på veg ut, då han snur seg te meg og spør hånlig: «trur du eg nogen gong finne Gud?» «Nei,» datt det ut av meg.. «Koffår ikkje?», spurte han, «eg trudde det var det du prøve å få meg til..?» Eg lot han gå et par steg før eg fant eit svar: «Tommy? Eg trur ikkje du klare å finna Ham. Men eg e absolutt sikker på at Han komme te å finna deg.» Han snøfta, og forlot meg.

Eg var litt snurt. Forsto han ikkje det smarte svaret mitt: «Han vil finna deg!»?

Det var nogen år seinare at eg fekk høyra at Tommy hadde kreft. Før eg klarte å få meg te å besøka ham, oppsøkte han meg. Kroppen var tynn og skranten. Håret var borte. Men hadde den same gløden – stemmen var lika selvsikkar.

«Eg har tenkt på deg. Eg hørte du var sjuk,» sa eg.
«Å ja, eg e veldig sjuk. Kreft i begge lungene. Eg har bare nogen veke igjen.»
«Kan du fortella om det» spurte eg.
«Ja. Kå vil du veta?»
«Ja, for eksempel kossen det e å ver 20 år – og ska døy?»
«Vel, det kunne våre verre»
«Kossen då?»
«Eg kunne vore 50 år utan verdiar og ideala og tenkt at øl og kvinnfolk og penga e det viktigste i livet.»

Eg leita opp arkivskuffa på «M» for «merkelig» igjen.

«Men det eg egentlig kom te deg for, var noge du sa te meg ein av dei siste dagane i konfirmasjonstida» (O oppløfta hjerte! Han huska!) «Eg spurte deg om eg nogen gong kom te å finna Gud, og du sa ‘nei’. Det øveraska meg. Men så sa du: ‘men han vil finna deg.’ Eg har tenkt mye på det.» (Å så god eg hadde våre – han hadde tenkt mye på det!) «Men når doktoren gjerna ein klump og fortalte meg at den var ondarta, det var då eg begynte for alvor å leita itte Gud. Når kreften begynte å angripa organan mine, banka eg på perleporten te nevane mine begynte å blø. Men Gud kom ikkje ut. Ingen ting skjedde. Eg prøvde mitt besta, men eg klarte det ikkje. Ville ikkje Gud høyra på meg, fekk det ver. Og så gav eg opp. Eg leita ikkje lengar itte Gud. Men eg begynte å tenka på andre ting. På dei eg hadde levd livet saman med og som eg var glad i. Eg ville sei at eg var glad i dei. Så eg begynte med mor mi. Hu las nyheta då eg kom bort te henne. ‘Mor?’ ‘Ja! kå e det?’ svarte hu, men fortsatte å lesa. ‘Mor, eg vil snakka med deg.’ ‘Vel snakk! ‘Eg meine.. det e viktig.’ Ho kikka bort på meg. ‘Kå e det? ‘Mor, eg e glad i deg. Eg ville bare at du sko veta det.’ Endelig såg hu verkelig på meg. Og mor gjorde to ting hu skjelden elles gjør. Hu gråt og hu klemte meg. Me snakka heile notta sjølv om hu sko på arbeid dagen itte. Det var så godt å vera nær mor. Å gjå tårene, og kjenna klemman, å høra henne sei at hu va gald i meg og. Det var enklare med far og lillebror. Dei gråt saman med meg dei og. Og me begynte å sei veldig fine ting te kverandre. Og me sa ting som me hadde holdt hemmelig i mange år. Eg e bare lei meg for ein ting; at eg venta så lenge med å gjør det. Eg byrde gjort det for mange år sidan.»

Tommy tok ein liten pause og fekk ein triumferande glød i auga:

«Det var som om eg snudde hadde snudd meg rundt. Og så såg eg: der var Gud. Han kom ikkje når eg krevde det, når eg strevde itte det; men han fant meg. Gud like visst å gjør ting på sin måte, til sin tid. Han fant meg! Og det itte att eg hadde slutta å leita itte han!»

Eg var mållaus. Der hadde Tommy opplevd noge som e mye viktigare og mye meir universelt enn me ofte e klar over. Gud e ikkje ein eigedom me kan gjøra krav  på. Men Gud e kjærlighet. Og den som har kjærlighet leve med Gud og Gud med ham.

«Tommy», spurte eg, kan eg be deg om ein teneste? Kan du ikkje komma te konfirmantane mine som eg he nå? Det du har opplevd e mye sterkare enn eg kan fortella teoretisk.»

«Oooo..», sa Tommy, «Eg var klar for å snakka te deg, men for konfirmantane dine… men la meg tenka på det..»

Eit par daga seinare ringte han meg. «Eg komme ikkje te konfirmanttimen din», sa han. «Eg veit det», sa eg. «Men vil du fortella det for meg? Du kan fortella det til heile verda … for meg..?» «Vel, Tommy» Eg ska fortella. Eg skal gjør mitt besta.»

Avslutning / punch line

Jesus fór til himmelen. For å ver med oss alle. Og me som trur, me fortelje den historien vidare. Det minne om historien om Tommy. Ikkje sant? Den som har kjærlighet, der me gjenkjenne kverandre, ser kverandre, bekrefte kverandre, der e ikkje Jesus langt borte frå oss. Kristi himmelfartsdag.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..