Leif Wikøren Nilsen

Pinsebetraktning

Kyrkja

Eg vil dela ein liten løyndom med dykk. Eg er medlem i ein organisasjon som har medlemer i heile verda. Me h våre repraresentantar i nesten alle styrerom; sjukehus, universitet, barneheimar, hjelpeorganisasjonar og mykje meir. Me driv med motivasjon og ådferdsbetring. Me har klientar frå dei minste nyfødde, til dei eldste på aldersheim. Me tilbyr fullverdige livsforsikringar og har eit spesielt tilbod på forsikringar for hjertetransplantasjonar. Vår grunnleggjar og opphavsmann er unik. Han har eigedomsrettar over heile jorda. Han veit alt og bur overalt og kalle seg for ”Far”. Nestleiaren i organisasjonen blei født i ein liten landsby. Han arbeidde som snekkar. Han eigde ikkje noko hus. Han blei misforstått av familien og hata av sine fiendar. Han blei dømt til døden utan rettargang. Tredje dagen stod han opp igjen – frå dei døde. Og eg snakkar med ham kvar dag. Organisasjonen har eksistert i snart 2000 år. Med pinse feirer me at ho blei til – at Far og Son sendte Den Heilage Ande – han som held kyrkja saman. Ja, kyrkja er den mest vidunderlege organisasjonen på jord! Han kan berre måle seg med det me er lova i himmelen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..