Leif Wikøren Nilsen

Sumartankar

Me går inn i treeiningstida..

Me har nettopp lagt bak okke pinsen, 17. mai og konfirmasjon, og no går me inn i treeiningstida. No gjer kyrkja rettleiing om korleis me ska leva det kristne livet. Kyrkjefargen er grøn og minner om livet med Jesus og den einskildes vekst i trua.

Nokre dagar har likevel eit særskilt preg. I sommar har me tre slike dagar:

Jonsok ellar St. Hans er minnedagen for døyparen Johannes. Den feirast 24. juni, nøyaktig seks månader før jul. Før var denne dagen raud, fordi Johannes leid martyrdøden. Olsok 29. juli er til minne om Olav den heilage sin dødsdag i 1030. Fargen er raud, martyrfargen. Olav den heilage er minna som kristningskongen og helgenkongen. På Stiklestad oppføres kvart år «Spelet om Heilag Olav» og i Nidarosdomen er det vakenatt med bøn og ettertanke.

Til slutt har me aposteldagen, 6. sundag etter pinse. Apostlane lei alle martyrdøden. Utanom Johannes. Dagens farge er difor raud og me minnes apostlane, dei fyrste arbeidarane i Jesu kyrkje.

Treeiningstida er difor ikkje berre symbolisert med grønt for vekst og liv. Guds åkerland er også væta med raudt blod. Dette er også lærdom for okke som leve no. Sjølv om me leve i eit trygt og fredeleg land: er me villige til å gje av okke sjølv, om det skulle bli krevd? Og kor mykje? Nettopp den tanken traff meg 17. mai i år, og det mens eg song nasjonalsongen. I det tredje verset står nemleg mellom anna:

Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet.
Ja, Jesus. Også eg, når det blir kreve.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..