Leif Wikøren Nilsen

Tomas

Tvilaren

Me har alle hørt om Tomas. Tvilaren Tomas. Smak på det. Tvilaren Tomas det e han som ikkje kan tru på det dei andre seier. Han må sjå sjølv. Han må kjenna det sjølv. Han må erfara det sjølv. Tvilaren Tomas har fått hørt det i 2ooo år – og han komme sikkart te å få hørt det i 2ooo te - om ikkje Jesus komme igjen før den tid: han e arketypen på kronisk tviling. Sånn står han te og me omtalt i ordboka. Vårt samfunn har peika ut denne Tomas for å ha ein på mange måtar mindre verd tru fordi han gav til kjenne sin tvil på oppstandinga. Ja, for det var oppstandinga han tvila på. Men dette e og den einaste gongen, ja, den einaste gongen, me ser hans tvilande side. Så kronisk tvilande syns nå eg e ein dryg overdriving. Men for å vær ærlig, så føle eg med ham. Sjølv om eg sko vær aldri så skråsikkar på Jesu oppstanding gjennom Bibelens sine vitnar, gjennom det folk fortel og kå eg sjølv erfare i mitt liv. Sjølv om eg er så sikkar i mi tru at eg kunne ha flytta fjell med den: eg er framleis misunneleg på han godeste Tomas. At han fekk sjå Jesus andlet til andlet. At han fekk kjenna såra i hendene og sida hans. At han fekk erfara oppstandinga så aldeles konkret. Og eg trur det er mange som misunner ham det. Så for meg er ikkje Tomas si tru ei mindre verd tru. Nei. Den er sånn ekte at eg og kan kjenna meg igjen i den.

Uansett. Tomas har denne sprekka i si tru. Ei glipe der tvilen kjeme ut. Eg vil ikkje halda tvilen imot ham – men halde den fram. For det han blir spurt om å tru på, e nesten for godt te å ver sant. Til og med me som veit kossen historia e, kan føla det for utrolig. Bare sett deg i Tomas sted. Tenka seg: eit menneske som har stått opp i frå dei døde. Han har fått hørt det gjennom dei andre disiplane. Dei andre disiplan fortele at dei hadde sett Jesus. At han leve. Men historia forblir for utrolig for Tomas. Han velje å ikkje tru på det dei seie. Ikkje før han sjølv får sjå, kjenna og erfara. Ja, ville me reagert anderledes? Ja, om nogen kjeme te deg og seie te deg: ”Vett du kå? Ho gamle Anna; ho som vart gravlagt for eit par dage sidan; hu leve; eg såg ho i dag, uttanfor forbrugen. Ja, ho såg te og me godt ut og ville at eg sko helsa.” Kossen ville du reagert? Ville du trudd det? Ville du tvilt? Ville du tatt det som ein makaber spøk.. - Eg ville nok tenkt litt på detta vitnet.. Om sorgen og savnet hadde tatt heilt øve for han og fått ham til å sjå syner på høglys dag. – Eller kanskje eg ville tenkt at det må ha våre ein an’n person som han hadde sett – ein som likna. Så derfor er det mange grunner til å forstå Tomas. At han hadde grunner til å akseptera nyheten frå disiplan. Ja, det ville beint fram våre kunstig om han aksepterte nyheten bare sånn utan vidare.

Ja, dei aller aller fleste av oss kan ikkje skilta med ein guddommeleg åpenberring av Jesus der me får sjå og kjenna og erfara ham reint fysisk. Ja, dei aller aller fleste av oss starte nettopp der: utan å ha sett, kjent og erfart Jesu. Ja, Jesus prisar oss te og me oss for salige om me trur på oppstandinga utan å ha sett ham, utan å ha kjent såra, utan å ha erfart den oppstandne Jesus sjølve – underforstått at me godtar vitnane sine utsegn om oppståda; at me vel å tru det dei fortel. – Slik blir gamle Tomas eit eksempel på mindre tru, ja jamvel eit eksempel på vantru. Ikkje for han, sjølvsagt, men for dei, for oss, som nektar eller har problemar med å tru - utan fyrst å ha fjerna all tvil. Ja, det e lett å få inntrykket i nokre kristne samanhengar at det absolutt ikkje e lov å spørre desse vanskelege spørsmåla utan å bli stempla som ein tvilar og ein vantru.

Men trua og vantrua, det er ofte eit par  som vandrar side om side. Eg har stor sans for hjartesukket mannen hadde, han som kom til Jesus med det ynsket om at sonen som vart plaga av ei vond ånd, sko verta frisk. ”Hjelp oss!” ba mannen. ”Alt er mogleg for den som trur”, svarar Jesus. ”Eg trur! Hjelp mi vantru!” svare mannen. På dette svarar Jesus med å lækje sonen. Markus 9, 14-29. – Slik er trua mi og. Eg trur. Hjelp mi vantru. Og i møte med oppstandinga.

Men det stoppar ikkje der. For når eg fyrst har våga meg utpå dei 1000 favnars dyp, når eg vågar å tru på oppståda. Då skjer det noko merkeleg. Det eg fyrst ikkje hadde, det får eg. I trua får eg sjå den oppstandne. I trua får eg kjenne på hans sår. I trua får eg erfare den oppstandne Jesus. Det skjer i Ordet som vert forkynt. I dåpens heilage bad. I nattverden. Ja, eg ser Jesu hender og føter og hjarta i kvardagen, når mennesker, drivne av Jesus, viser omsorg for kvarandre, ja, lever ut det doble kjærleiksbudet. ”du skal elske Herren din Gud av alt dit vit og av all din sjel og all din forstand. Men eit anna bod er like viktig: du skal elske din neste som deg sjølv.”

Trua vår leve i spenninga mellom tru og vantru. Trua veks seg sterkare når ein e villige til å akseptera tvilen, dei 1000 favnars dyp, spørsmålan, det ufattelege. Når me trur det som ikkje e mulig byrjer me å sjå utanfor ”boksen” så og sei, me byrjer å fargelegga utanfor strekane, og me byrjer å sjå, kjenne og erfare. I møte med den oppstandne, snus tvil te tru. Det er ein livslang veg. Trua og vantrua skal vandre saman.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..