Leif Wikøren Nilsen

Dersom eg visste eg sko døy...

...kå ville mine siste ord ha vore?

Dersom eg visste eg sko døy.. gå bort.. Kå ville mine siste ord ha vore? På film og i bøga blir detta gjerna udødelege ord, store ord, løfterike ord eller mystiske ord..

Jesus hadde og nogen sånne ord. Ikkje bare ei gong men to gonge. Først på krossen. I følge evangelisten Matteus ropa han ut sine siste ord: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» før han døde. Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» (Matt 27, 46.50) Så var Jesus død. I tre dagar. Og så stod han opp igjen.

På grunn av oppstandinga var det også enno ein avskjed. Itte at han hadde vandra blant læresveinane ei stund, kom tida då han sko bli tatt opp til himmelen. Også då har han nokre «siste ord». I Matteus sin skildring, er me på fjellet i Galilea, der Jesus hadde sagt han ville møte dei. Og sjølv om Matteusevangeliet stoppar itte at Jesus har sagt dette, utan å leggje til noko om noen himmelfart, ser eg lett for meg at rette itte at Jesus hadde sagt dette, så fór opp til himmelen. Det er i alle fall det siste ME får høyra frå Jesus gjønå DETTA evangeliet.

Matt 28, 16-20

I tillegg til at me har konfirmasjon i dag, e det også treenighetssøndag i dag. Ut frå det vil eg fysst lyfte fram tre sider ved denne teksta i dag.

1: Fyrst om Jesus.

Jesus hadde alltid vore ein usedvanleg mann. Folk kom til. Han utførte miraklar og teikn og hadde eit bodskap me ikkje kan bruka kunnskap te å forstå, men tru. I Matteus 4 gjer Jesus så sterkt inntrykk på Peter at Peter forlater fiskearbeidet og faren for å følgja Jesus. I Matteus 14 kjem Jesus gåande på vatnet mens disiplane er midtvegs på veg over Genesaretssjøen. I Matteus 17 får dei sjå at Moses og Elia syner seg saman med Jesus, og at Jesus vert forvandla. Og ennå har eg ikkje nemt gongene sjuke blei friske, matunder, eller når himmelen åpnar seg og ei røst fortel «dette er Son min, han som eg elskar» (Matt 3, 17). Under. Teikn. Klår tale. Klart at folk hadde respekt for ham. Han var anderledes. Det var sikkert mange som tvila - då som nå. Men alle var enige i at han var anderledes. Og noen såg på han som ein fiende. Styresmaktene hadde tatt han te fange, dømt han, krossfesta han, og han hadde blitt gravlagd. Og så stod han opp igjen og viste seg blant dem. Han hadde såra frå krossfesting og spyd, merker av pisking og tornekrone. Og slik stod han fram ei tid. Og enno meir av hans guddommelighet blei tydeleg for læresveinane. Hans anderledeshet, hans myndighet han var ikkje bare eit menneske. Han var Gud! Vel, somme trodde. Somme gjorde ikkje. Det rådde fortsatt ei forvirring omkring Jesus. Så når me les at dei fekk auge på ham på fjellet i Galilea, er det ikkje å undast at somme fall ned og tilba ham, mens andre tvila.

2: Så litt om Den heilage ande.

Somme tilba Jesus. Somme tvila. Eg kan forstå begge reaksjonane, men eg kjenne meg mest at blandt dei som fall ned og tilba ham. Pdes kan eg tenke at «sånt skjer ikkje». Pdas legg eg til «vanligvis». Eg les kva vitnane fortel. Matteusevangeliet fx som me har lese frå i dag. Og det slår meg at dette ikkje er eit indoktrineringsdokument. Tvert imot. Dei legg fram todelinga heilt naturleg, det må være opp til den enkelte om ein vil tru eller tvile, forhalde seg aktive til hendinga, eller ignorere det heile. Mellom anna fordi det heile vert beskrive så ærleg, gjer eg eit val. Eg trur det som står skrive. Nettopp dette valet kan eg forklare til ein viss grad. Men bare til en viss grad. I Luthers lille katekisme, i forklaringen til den 3. trosartikkelen om Den Heillige Ånd, skriver Luther: «Jeg tror at jeg ikke av egen forstand eller kraft kan tro på Jesus. Men Den Hellige Ånd har kalt meg, med evangeliet (bl.a Matteusevangeliet), opplyst meg og holder meg fast i den rette troa.» (litt omskrevet og forkortet). Og eg må sei meg enig med Luther. Valget mitt; å være blandt dei som faller ned og tilber Jesus, det har eg ikkje av meg sjølv. Det er Den Hellige Ånd som virker troa eg har i meg. Og det virke vidare. Den Hellige Ånd, gav meg troa på at Jesus virkelig sto opp frå dei døde, at han har kjempa mot djevel, døden, det onde og det vonde, og vunnet og ein dag skal komma igjen. Det e ved Den Hellige Ånd eg kan tro(!) at Jesus verkeleg vil være med oss alle daga så lenge verda står.

3: Så litt om Gud Fader.

Jesus blei tatt opp til himmelen. Han gjekk tebake til Faderen. Kort frå denna delen av treeigheta e det ikkje uvanleg å tenke på Faderen som «han som står over alt og alle». Og i Faderen så legge me både skapelsen av jord og himmel, av meg og deg, «kvart eit hodehår han teller», lese me ein plass. Vel, nok om det.

4: I teksta møte med formelen «I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande».

Mens me i «Den nye rettsubjektet Den Norske kyrkja» nok har ein slagside på den andre trosartikkelen, den som handle om Jesus, hans liv, hans verk, så høyre desse tre delane lika fullt nært og uløyseleg sammen. Dei 3 delene viser oss alle ulike sider av vår Gud som altså både er ein; og samtidig tre. Vil me ha det utlagt teoretisk, kan me stemma i med Athanasius av Alexandria som levde frå 296-373:

»Dette er den felles kristne tro, at vi ærer én Gud i Treenigheten og Treenigheten i enheten, idet vi hverken blander sammen personene eller deler vesenet. For én person er Faderens, en annen Sønnens, en annen Den Hellige Ånds. Men Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds guddom er én.» (utdrag fra Den athanasianske trosbekjenneslen.)

I ein meir moderne variant, i ein lovsongsvariant, finner me songen me Evige Gud.

Kjære konfirmantar. Det har lært mye om dette i løpet av konfirmasjonsåret. Eg har undervist om dette. Oddvar Sæth har hatt om gudsbevis. Og de har fått anledning til å snakka om tru og tvil både på konfirmantleir og rundt bålet i gapahuken. Eg håper uansett at tru blir værande hos dokker i livet som ligg framføre. Og det gleder det samme for dykk som det glaldt for læresveinane for 2000 år sidan då han fortalte dei desse underlege kraftfulle «siste orda»: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..