Leif Wikøren Nilsen

Godt nyttår

La året bli kalla eit Guds år

Godt nyttår!

Jula er snart over. Med nyttår skuer me både bakover på det gamle året og framover inn i det nye. For mange betyr det at alt blir som før.

Eg håper at alt ikkje blir som før.

Finanskrise er ikkje gøy. Ikkje skandaler eller krig eller urett heller. Eg finn ein betre og meir optimistisk hjelp i ein kyrkjedag som me ikkje feirer med gudsteneste i Bjerkreim: den 1. januar, Jesu navnedag. I ei av tekstene for dagen står det: Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv (Luk 2, 21).

Mange gløymer lett at Jesus var jøde. Han blei omskåren som skikken var og fekk sin velsignelse for livet som lå framfor ham. Og namngjevinga hans er knytta til denne dagen.

Nettopp ved nyttår kunne me óg lagt tilværa vår i Guds hender, ja, heile nyåret, og ønske oss og kvarandre Guds signing over det nye året. Måtte året 2009 få namn av å vera eit Guds år, der krise, krig og urett ikkje pregar kvardagen til verken høg eller låg.

Godt nyttår til dykk alle saman.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..