Leif Wikøren Nilsen

Då tida var inne

Innledning / apéritif (Då tida var inne..)

Då tida var inne tala Ordet og det ble lys. Då tida var inne steig Noah fram og bygde Arken. Då tida var inne steig Abraham fram, forlot sitt hjemland og blei stamfar for Guds folk. Då tida var inne stod Samuel opp midt på natta og svara: «Her er eg Herre! Tal din tenar høyrer!» Då tida var inne gjekk David ut på slagmarka med ei slynge og nokre småsteiner. Og sånn kunne me halde fram. I jula feira me at ei gong var også tida inne til at Ordet blei menneske.

Vegen mellom juleevangeliet til dagens prekentekst er kort. Bibelen sin framstilling av Jesu sin barndom er ikkje så veldig utfyllande. Men nokre glimt er det. Utenom Lukasevangeliet hører vi hos Matteus at en engel også besøker Josef. Han trenger å blir trygg for oppgaven som stefar for Jesus. Og vi har historia om vismennene, flukten til Egypt, barnemordet i Rama og Betlehem, før den lille familien vender attende til Israel, og busette seg i Nasareth. Då Jesus var 12 år var dei i Jerusalem, men det er stillt om Jesu barndom utenom det. Ja, me forstår at han veks opp. Me kan anta at han blir utdanna som «snekker-sonen», men me høyrer ikkje meir – ikkje før Jesus er omkring 30 år og då stige han fram for Johannes ved Jordanelva. Og Johannes døypte mange i elva «til omvending for synden».

Det er nesten som me kan sei at Jesus steig fram «då var tida inne». Og Johannes står ved startstreken. Som om han gjer eit «klar, ferdig, gå!» til Jesus.

men
1 Kvifor måtte Jesus bli døypt? 

Det er fleire grunner til det. Me har allereie nevnt at dette markere starten på Jesu virke.

Videre var det viktig å bli knytta an til Johannes sin teneste. Det kunne se ut som om Johannes-etterfølgerne og Jesus-etterfølgerne var konkurerande greinar av jødedommen, men her knyttast dei altså saman.

Johannes var forløperen til Jesus. I versa forrut, i vers 11 står det «Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane.» (Matt 3, 11)

Den dåpen Jesus skulle døypa med «heilag ande og eld». Johannes sin dåp var «vatn til omvending».

Nå trengte Jesu ikkje sjølv ei omvending frå synd. Han er jo den einaste som ikkje hadde synda. Det får oss til å spørja «kva var det då som skjedde når Jesus blei døypt?» Han som er sann Gud av sann Gud og sant menneske av sant menneske, identifiserte seg med oss vanlege menneske og tek på seg «denne verdens synd». Han tok på seg denne verda sitt kår og straffa som eigentleg høyrer til oss.

Samstundes som Jesus gjer dette med Johannes dåpen skjer det også noko enda meir. Himmelen åpna seg. Guds Ande kjem dalane ned som ei due. Og ei røyst frå himmelen seier: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Alt i alt kan me seie at Jesus trådte fram då tida var inne – han var oppfyllinga av lova for oss menneske – og gjennom ham starter ein tidsalder med nåde. 


2 kva vil Gud?

I dag er det mange menneske som betrakter omverda gjennom ein eller anna form for skjerm. Tv-skjermar. Dataskjermar. Nettbrett. Smarte telefonar. Det er ikkje måte på. Ein får inntrykk i «sanntid» frå alle verda sine kantar. Fiktivt og ikkje fiktivt. Kanskje også noko «Fake news».. Eg er litt redd for at mange ikkje lenger forstår at mye av det som me kan sjå på «skjermen» verkeleg er verkeleg. Terror. Mobbing. Uthenging. Trakasering. For mange er «krig» og «flyktningar» berre eit alternativt underholdningsprogram. Men det er ikkje det. Det er verkeligheta. Og verkelegheta er prega av synda. Verkeligheta er ikkje «fake news»...

Løft blikket frå skjermen! Bry deg! Er det ikkje Guds vilje at det skal vere ein forskjell? Ja, det var Guds vilje å bli menneske. Guds vilje å bli født i ein stall. Guds vilje å bli døypt av Johannes. Guds vilje å bli eit med alle menneske. Guds vilje å ta på seg all verdsens synd og skuld. Guds vilje å ta straffa på seg. Når verda fortsatt har så mykje vondt ved seg, då står utfordringa fortsatt fast. Og Gud vil gjere forskjell.

Ja, Gud vil godhet. Og Gud vil lys. Ikkje kaos. Ikkje smerte. Ikkje død. Ja - Gud vil hjelpe. Og Gud vil frelse. Gud vil møte mennesker på flukt. Menneske som lid nød. Mennesker som lever under krig. Mennesker som er merket av denne verdens nød. Og veit du: Gud har eit verktøy for å nå ut til stadig nye menneske. Han vil bruke meg og deg. Gjennom oss, hans hellige folk, vil han vise sin kjærleik til heile verda.

Ja, tenk;
3 Kva hadde skjedd dersom ikkje noko av dette hadde skjedd?

Dersom Ordet ikkje hadde tala i opphavet – hadde ikkje alt då enno vore svart? Dersom Noah ikkje hadde bygd Arken, hadde ikkje heile verda gått under der og då? Tenk om Abraham ikkje hadde forlatt sitt hjemland, eller om Samuel ikkje hadde stått opp midt på natta? Ja, tenk om David ikkje hadde plukka opp dei små steinane.. Eller om Josef ikkje ville vore stefar.. Eller vismennene ikkje hadde kome.. Eller om den lille familien ikkje hadde flykta til Egypt.. Eller om dei ikkje hadde busett seg i Nasareth..? Ja, då hadde truleg heller ikkje Jesus stege fram for Johannes og tatt på seg oppdraget for heile verda. Og kva hadde det då vore av mi og di synd og skuld. Hadde hadde ikkje Guds offer vore, hadde ikkje me kjent Guds vilje; verken for verda eller kvart menneske. 

Avslutning / punch line (misjon)

Og nå er tida komen til oss. Gud har kalla også meg. Og deg. Eg har fått oppgåva med å vere prest og neste for kyrkjelyden her i Bjerkreim. Og like eins: Nå når tida er inne, har Gud også kalla på deg. Det er også din tur.

Og kva vil Gud av oss og med oss i dag? Er det ikkje godhet? Er det ikkje lys? Er det ikkje å hjelp? Og gje Ordet om frelsa og nåden til eit kvart menneske som har det tungt og vondt; til ein kvar som lid fysisk eller andelig? .. Så lat oss stå i tenesta. Der me er sette. Og gjere det me kan. Frimodige. Nå når tida er inne.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..