Leif Wikøren Nilsen

Eg vil ha ilden...

Innledning

I teksta i dag er det døyparen Johannes som talar. Og me får høyre om Heilag Ande og eld. Han talar om å bli døypt med Heilag Ande og eld. Sjølv døypte med vatn. Til omvending.

Eg er viss på at å koma til Johannes ute i øydemarka, og å høyra han tala, og så koma te seg sjølv så ein vendar om og blei døypt av han, det må ha gjort sterkt inntrykk. Veldig sterkt inntrykk. Det Johannes stod for var kraftige saker. Men samanlikna med han som kom etter ham, var det ingen ting. Det var som motsetnadane mellom vatn og eld. Samstundes var det ein samanheng mellom dåpen han utførte - og dåpen som han lova gjennom Jesus Kristus. Eg vil trekka fram tre sider ved teksta i dag.

Kraft

Eg veit ikkje kva du synast er kraftigast av eld og av vatn.

Vatn kan brusa framover, slå mot strendene, slipe svaberg glatte som is. Eg elskar å vere trygt nede ved vannet når brenningene slår innover og vatnet slår opp - som i ein eksplosjon.

Ja, klart vatn er kraftige sakar. Eld på sin side er så kraftfull at me stenger den inne i ovnen, passar på at den holder seg på ildstedet, og at den ikkje kjem ut av kontroll. Sjølv så elskar eg elden også. “Ein gong speider, for alltid pyroman,” var det ein som spøkefullt sa til meg. Og ja, eg elskar sitte ved flammen, varme meg, stirre betatt inn i den.

Den heilage ande er forklart med mange bileter. Båte vatn og eld er blant dei. Han er kraftigare enn den største tsunami. Kraftigare enn ein løpsk brann. Men og like mild som ein sildrande bekk, eller flammen til eit stearinlys.

Lyser

Elden lyser. Den viser veg. Me har kanskje gløymt den eigenskapen. Me har jo elektrisitet. Det var noko anna før i tida....

Lys er også eit bilete på Den heilage ande, ja, på Gud sjølv. Gud sendte JK for å vise oss kven han var, kven me er; han viser oss synden vår, og kallar oss til å vende om.

Omvending

Å leve etter syndefallet handlar om å leve bortvendt frå Gud, med ryggen til ham. Omveding betyr bokstavlig talt “å vende om” til Gud. Når me gjer det, vender me noko anna ryggen. Me venner oss bort frå det som ikkje er godt i vore liv.

Då eg var ung tenkte eg om mitt eige hjerte som eit rom; ei eige sted som var mitt. Det var mange ting der. Noko eg var stolt over. Men og ein god del som eg ikkje var stolt over, heller som eg skjemtes av for eg visste det var vondt og ondt. Ei nott drømte eg at Jesus ville komme på besøk - inn i dette rommet. Eg kjempa med meg sjølv den notta. Eg ville at han skulle få koma inn, men eg ville ikkje at han skulle sjå dette hjarterommet mitt slik som det var. Men til slutt så gav eg etter. Han kom inn. Og han såg. Alt. -- Kva no? tenkte eg. Men til mi glede, dømte han meg ikkje, avviste han meg ikkje. Han kom inn og hjalp meg å rydde. Saman tok me ut det som var ondt og det var ondt. Og eg, eg kjende det var godt. Kva hadde eg egentlig grua meg for?

Det er mange måtar å beskrive omvending på. Det kan vere som denne drømmen om hjarterommet mitt. Det kan vere enno meir som i bibelteksta der han blir beskreven som med kasteskovla i handa og som skal reinsa kornet på treskeplassen. Det kan vere som å vende seg om, frå mørket - til lyset.

Oppsummering

Dåp av Johannes og dåpen til Jesus, var forskjellig. Johannes sin dåp var ikkje kristen dåp, i vår forstand. Dåpen til navnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande er kristen dåp og den gjeld all vår dåp. Samstundes beskriv den mektige ting. Kraftig som brusande vatn og logande eld. Gjeven med Heilag ande til omvending og etterfølging. Kva så me min dåp? Dei av oss som er døypte - har me verkeleg fått del i alt dette kraftfulle? Eg kjenner det jo ikkje sånn..

Jo, me har fått del i det. Det kommer ikkje an på oss. Det kommer an på Gud. For at ingen skal rose seg. Og som kristne har me berre éin dåp, éin dåp til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Kraften er der. Sjøen kan liggje rolig ein dag, men skumme og fråde den neste. Ilden kan så veik som gnisten på ein fyrstikk, men den bere fortsatt med seg kraften til å tenne det største bål. Ja, Anden viser oss veg. Han opplyser oss, verker samvittigheten i oss, og peiker på krossen. Ja, Anden lærer oss å daglig vende om - til Gud.

Ein fransk diktar fekk ein spørsmål om kva han ville ta ut av hans brennande hus, dersom han berre kunne ta med seg éin ting. Svaret hans gjer grunn til ettertanke. Eg ville tatt elden med meg, sa han. Eg ville tatt elden.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..