Leif Wikøren Nilsen

Det e'kkje rettferdig

Ein, to eller tre godterier?

Innledning / apéritif

I dag har eg med meg litt godteri som eg skal dela ut.

Del ut mens eg sier: ein te deg, ein te deg, tre deg, ein te deg, ein te deg, to te deg…

Sånn. Nå kan dokke gå og setta dokke.

Kå mange la merke til at eg delte ut ein til ein del, to til nogen og tre til nogen?

Eg vil tru at nogen av dokke tenkte at: det e jo ikkje rettferdig. Nogen fekk tre! Og eg fekk bare ein!

Vel, kanskje var det ikkje rettferdig, men det var mine godteri, var det ikkje? Og eg kan dela dei ut som eg vil, til dei eg vil, ikkje sant?

Bibelen ser kanskje ut som ei heilt tilfeldig bok, men når me lese, får me plutselig se ting på ein ny måte, me får øye på det som e skjult, og me kan få øye på Guds kjærleik til oss.

1 Jesus fortale ein historie som me finne gjengitt hos evangelisten Matteus, i det 20. kapitlet, frå vers 1 til og med vers 16.

Matt 20,1-16

   1 Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin. 2 Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. 3 Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. 4 Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’ 5 Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins. 6 Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’ 7 ‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’

    8 Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’ 9 Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. 10 Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. 11 Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren 12 og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’ 13 Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar? 14 Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. 15 Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’ 16 Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»

Slik lyder Herrens ord; fortellingenog lignelsen Jesus gir oss i dag.

2 La du merke til kva som skjedde?

Det var arbeidara der som arbeidde i forskjellig tidsrom. Men alle saman fekk den same løna. Ja, til og med dei som arbeidde bare ein time, fekk den same løna som dei som hadde arbeidd heile dagen, nesten 12 tima. «Hallo!» seie dei «det e ikkje rettferdig!» Uansett om detta kunne vore ein sak for fagforeningar og avisar og TV og facebook, så svarar jordeigaren gangske så presist: «Eg e ikkje urettferdig! Blei me ikkje enige om kå møje du sko få? Har eg ikkje lov å gjør kå eg vil med pengene mine?? Ellar e du missunnelig – fordi eg e generøs?»

3 Kå skal me læra av fortellingen….?

Vel, det finst nogen som trur på Jesus frå dei e små og gjennom heile livet. Deira løn er himmelen.

Andre igjen stille opp på fritida, folk som spille bass og flygel, folk som synge på afrikansk vis, eller stille opp når konfirmantar har kortweekend. Også deira løn er himmelen.

Og så finst det nogen som legge ned møje innsats for trua, for Jesus, så møje at det påvirke familien og vennan og alle som e rundt dei. Ja, for nogen reise ut som misjonæra. Nogen blir prester, menighetsarbeidara, organista eller diakona. Deira løn e også himmelen.

Og så e det nogen som trur i det stille. For seg sjølv. Kanskje fysst i siste time. Til og med deira løn e himmelen.

E det rettferdig? At det skal gis same løn for ulikt strev?

Vel, for oss kan det kjennast urettferdig. Og nogen trur på ramme alvor at prest eller klokkar gjør seg fortent til ein betre plass. Men nei. Nådens gava, trua sitt mål, e det same for oss alle: himmelen.

Konfirmanta: i løpet av detta året håpe eg at du og kan få eit «du og eg» forhold til Jesus. Våg å vær deg sjølv. Ta deg tid. Still spørsmål. La oss respektera kverandre. Og prøv detta ut. På ordntlig. Og så håpe eg at me kan få lønn for strevet. Ikkje fysst og fremst i kroner og øre. Hellar ikkje med sjølve konfirmasjonshandlinga ein gang i overgangen mai/juni – men i himmelen.

Avslutning / punch line

Kjære Gud. Takk for din kjærleik til meg og til oss alle. På tross av våre «mål», på tross av kå me egentlig fortene, så elske du oss så høgt at du gav din Son, den einbårne, så kvar den som trur, skal kunne eiga himmelen, og ha evig liv. Ikkje meir. Ikkje mindre. Ære være…

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..