Leif Wikøren Nilsen

Fire venna hadde ein lam venn

Dei hadde no høyrt at Jesus var i byen

Fire venna hadde ein lam venn. De hadde hørt at Jesus va i byen, og nå ville dei bringa den lamme til Ham. Men det var uråd å komma te. ”Det e i kvart fall ikkje noen på taket, ” seie den eine. ”Dersom me lagde eit hål i taket, kunne Jesus i det minste sett te vår lamme venn.” foreslår den neste. ”Dersom me lage holet stort nok kan me kanskje få han ned te ham, ” planlegge den tredje. ”Eg he reiskap te å laga hål og tau te å fira ham ned, ” konkludere den fjerde. Eg kan bare tenka meg kossen taket var bygt: kanskje med bærebjelkar og ein blanding av leire og kvistar og strå og jord(?) som når det tørka, blei eit solid tak – på rundt 30- 40 cm tykt. Dei som va inne i huset må ha hørt at det va noen der oppe, som hakka og banka og braut seg gjennom. Eit hål stort nok te at ein voksen mann kunne firast ned på ei båre – utan å ramla – blei rive opp. At dei fekk det til utan å bli stoppa, skjønne eg ikkje, men eg kan sjå føre meg menneska, der grus og småstein og gras og småkvista ramla ned i hovudet deira. Viktige menneske reise seg og pakke seg samen for å ikkje få noe tungt i hovudet. Te slutt trår Jesus fram og kikke opp. Det blir ganske stille. Solstrålane e tydelige i alt støvet, men det skyggast av at fire menn firer ned ei båra ned med ein som er lam.

Nede i rommet tar Jesus i mot. Passe på at båra når golvet. Han kikke opp igjen – på de fire håpefulle ansikta som lene seg forsiktig øve kanten. Jesus ser ned igjen; ser på mannen som ligge på båra. Mannen e flau og tie – han e ikkje vant med å ver ”på banen”. Han har vore på sidelinja heile livet. Alle menneska fjølge nøye med. ”Kå komme Jesus te å gjør? Kå vil han sei? Vil han gjøre mannen frisk? Ellar blir han kanskje sint og gir de fire beskjed om å få den lamme ut?” Jesus gjør det ingen hadde forventa. I Bibelen les me: ”Då Jesus såg trua deira (altså trua til dei som opna taket og firte mannen ned), sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»”

Les historia i Mark 2, 1-12 eller kom til gudsteneste 18. oktober i Ivesdal kapell.

Ha ein fin haust :-)

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..