Leif Wikøren Nilsen

Oppgjør etter syndefallet

1 Mos 3, 8-15

Det står skrive i Første Mosebok i det 3 kapitlet vers 8-15:

1 Mos 3, 8-15

     Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?» Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.» Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.»
          
   Då sa Herren Gud til slangen:
   «Forbanna er du,
   utstøytt frå alt fe og alle ville dyr
   fordi du gjorde dette.
   På buken skal du krypa,
   og støv skal du eta alle dine levedagar.
          
   Eg vil setja fiendskap
   mellom deg og kvinna,
   mellom di ætt og hennar ætt.
   Han skal råka hovudet ditt,
   men du skal råka hælen hans.»

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Bibelselskapet,  Bibel 2011, Nynorsk

Innledning / apéritif

Nokre plassar i Bibelen er heile - eller større deler av den kristne troa formulert i ein eller annan kjernesetning - eller eit lite avsnitt. Ein sånn stad er «Den lille Bibel», Joh 3, 16. Ein annan plass er utsnittet me har framfor oss i frå Første Mosebok. Her ser me mennesket som kjem til kort, omvendinga, og så Guds kjærleik og plan for å gjennopprette verda - eller heller «vårt forhold» til vår skapar. Lat oss sjå på desse tre delene på denne måten:

1 Gud kaller på syndere

Fysst las me at Adam og Eva høyrde lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen. Dei høyrde at Gud han ropa «Kor er dokke?»

Fysste tanken som slår meg når eg las dette, var at Gud ikkje visste kor dei var. Men det e sjølvsagt ikkje sånn. Gud veit kor dei e, kor dei gjøyme seg, og koffår dei gjøyme seg. Det e heller ikkje fordi at Gud e sint som om han var ein forelder som har tatt barnet på fersk gjerning i ett eller annet unødvendig tull. Sjå føre deg ein forelder som irettesette barnet sitt som har rulla ut heile dorullen bare for gøy, eller noge. Nei det var ikkje ein sint Gud som ropa på dei Adam og Eva heller. Men har var lei seg. Skuffa. Oppgitt. Sjå føre deg konteksten; Gud har skapt verda og alt som er i den. Han har trådt litt tilbake og kvilt seg og sett på alt han hadde gjort - og han såg at alt var såre godt. Og kronen på verket, mennesket, som han hadde skapt i sitt eige bilde, til felleskap med kverandre og med seg sjølv. Men no altså! No hadde det skjedd noko. Adam, Eva hadde synda, vendt Gud ryggen, tvilt på ham. Sjølve felleskapet mellom Gud og mennesket var øydelagt. Gud vandrar i hagen der Adam og Eva er. Han roper på dei. «Kaller» på dei. Ikkje for å finne dei. Ikkje for å være sint på dei. Men fordi han det er sjølve felleskapet mellom Gud og mennesket som nå er øydelagt. Koffår har dokker gjort det sånn at me ikkje lenger kan være sammen?

De har sikkert høyrt at Gud er ein nidkjær Gud. Som hatar synda. Er det ikkje fordi synda skiller oss og Gud? Det er det denne grunnfortellinga seier. Det er ei sorg for Gud kvar gong me gjør noko gale. Kvar gong me ikkje trur, ikkje stoler på Gud. Kvar gong me vende ryggen til Ham. For Gud skapte oss til felleskap med ham. Og synda skiller oss.

På grunn av synda, ropte Gud på Adam og Eva. På grunn av synda, må Gud kalle på oss.

2 Det bekjennande mennesket

Det hadde på ein måte vore fint om Adam og Eva av seg sjølv hadde forstått kå dei hadde gjort og komme angrande tilbake. At det var dei som søkte Ham. (Sånn er det faktisk beskreven i Koranen. Men ikkje i Bibelen.) Det fallt dei ikkje inn å gjøre noe sånt. Det var fysst etter at Gud hadde komme te dei, fysst ette at Gud kalla på dei at dei motvillig bekjenne kå som har skjedd. Fysst så komme dei med ein unnsyldning. «Du Gud, me kunne ikkje komma, fordi me e nakne. Derfor e det at me har gøymt oss.»

Ja, dei var fysisk nakne. Begge to. Og det e lett å tenka at denna nakenheten gjorde dei flaue. Hadde ikkje du og vore det? Dei fleste av oss har ein innebygd flauhet og skamfullhet for for mye nakenhet. Ikkje minst i det offentlige. Eg må innrømma at eg har hatt ein og annen dårlig drøm om at eg har gløymt å ta på meg buksa. Eller at badeshortsen ramle av etter eit superstort hopp opp i eit offentleg basseng. Ein sånn «Mr Bean opplevelse», om du skjønne kå eg meine. Den flauheten og skamfullheten Adam og Eva nok kjente på - kan dei fleste av oss kjenne igjen.

Men nakenheten i denna fortellinga strekke seg langt ut over det. For det fyssta: At Adam og Eva var fysisk nakne var egentlig ikkje noko problem. Me e jo rett etter skapelsesberetningen! Så nakenhet handle om noe meir. Kå var det Adam og Eva ikkje ville visa Gud? ... Var det ikkje synda dei hadde gjort? ... Jovisst ... Og med det i tankane, var dei nakne på ein annen måte. Gud såg dei. Tydeleg. Og klart. Og synda med. Ingenting e skjult for ham. Joda! Gud visste! Og sånn kjente dei seg nakne.

Me er fortsatt sånn. Eg har gjennom min teneste som prest høyrt på ein del bekjennelser. Det handle alltid om kossen livet på ein eller annen måte gjekk galt. Nogen skylde på alkoholen eller anstrengte relasjoner eller ønske om makt. Andre skylde på lett-tjente penger eller et øyeblikks nytelse. Felles for alle bekjennelsan e at me e skyldige. Nakne. I forhold til Gud. Flaue. Fordi Han ser! Du ser: all synd e i slekt med kverandre. Sjølv om det har gått lang tid sidan slangen og grunnfortellingen om syndefallet; sjølv om synden utfolde seg på ulik måte, så e all synd eit avbilde av den fysste synden. Fristelse handle om at me søke ein fordel, ein nytelse, og så tvile me på om «Gud verkeleg har sagt?» Og resultatet av synden e på samme måte. Me kjenne oss nakne. Bluferdige. Flaue. Skamfulle. For Gud er ikkje blind! Han ser! Alt! Også meg. Og det eg har gjort. Til og med responsen etterpå e eit avbilde frå denna grunnfortellingen; Adam og Eva gjøymte seg. Dekte seg til. Me bortforklare. Eller prøve å forandra Guds ord.

Det lille barnet som har rulla ut heile papiret på do-rullen kan finna på å skylda på hunden eller katten eller storebror eller lillesøster eller naboen. Og det e på ein måte noge søtt med det. Men barnet har faktisk best av å ta ansvar. «Jo, det var meg.. eg som gjorde det..» Det e på den måten me vokse som menneska. Og Adam og Eva kom også med historia si første bekjennelse. Dei erkjente (rektignok motvillig) at «dei var nakne», dei hadde gjort det dei ikkje sko gjør. «Du ser okke Gud. Du veit kå me har gjort. Me har gjort det me ikkje skulle. Me HAR synda!»

Også dette er ei av grunnsetningane i vår tru. Å erkjenne at me har synda. Skyldige. Og då komme eg til det tredje:

3 Guds frelse

Dette merkelege verset når Gud forbannar slangen. «Utstøytt frå alt fe og ville dyr. Du skal krypa på buke. Og eta støv.» Og så detta fiendskapet mellom slangen på dein eine sida og menneska (oss) på den andre. Pdes skal slangen, synda, bita oss i hælen. Men mennesket skal trå på hodet til slangen. Som ein evig rundans. Som ikkje tar slutt. Bit i hælen. Tråkk slangen på hodet. Bit i hælen... osv.

Opp gjennom den jødiske historien var det jo nettopp sånn. Om og om igjen falt folket fra. Prestane bar fram offer og gjorde bot. I eit lite punkt i historia var alt godt, men så gjekk det gale igjen. Om og om igjen.

Men jødane lengta også etter det endelige offeret. Den endelige soninga. Den ultimate gonga når slangen sko bli tråkka på hodet. Men verken Abraham, Jakob eller Josef kom med denne frelsa. Ikkje Elia, Moses, kong David eller døyparen Johannes heller. Ikkje noko menneske kunne gjøre slutt på synden ein gong for alle. Ikkje før Gud sjølv blei menneske.

Det mennesket ikkje kunne gjøre, skjedde likevel, gjennom Jesus. Sant menneske av sant menneske. Sann Gud av sann Gud. Han vart prøvd i alt. Alt måtte han holde ut. Og så tok Han på seg heile denne verdas synd og skyld. Og betalte straffa. Gjennom si liding og død; gjennom sin kropp og sitt blod. Og ikkje nok med det. Slangen fekk dødsstøtet! For Jesus vant! Han stod opp tredje dag! Og på den måten lagde han en vei tilbake til Gud. Adam skylte på Eva. Og Eva skylte på slangen. Me me lar skylda falle på Jesus. Ikkje fordi han har synda. Han gjorde ikkje det. Men fordi han e den einaste som kan føre oss tilbake til Gud; ta straffa på seg. Me trenge ikkje lenger gøyma oss. Vår nakenhet overfor Gud er ikkje lenger noko problem. For gjennom død og grav (i sannhet den største adskillelsen fra Gud); gjennom trua på den oppstandne Jesus Kristus; har me funne ein vei tilbake.

Avslutning / punch line

Eg starta å sei at det e noen setninger; noen avsnitt; i Bibelen som spissformulere heile den kristne bodskapen. Den lille Bibel var ein sånn. Tekstutdraget frå Edens hage e ein annen sånn. Det e mange før som har sett detta. Paulus skriv i 1 Kor 15, 21-22: «Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.» Og Johannes sitere Jesus i Joh 6, 44: «Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»

Det er godt å vite at sjølv om synden kan få oss til å kjenna oss nakne framfor Gud, så har me ein Gud som enno kallar på oss. Lat oss væra frimodige; og bekjenna våre synder; ja: erkjenna at «Gud ser!» Og la oss så ta imot frelsa einaste Jesus kan gje; han som tråkka på slangens hode én gang for alle; på Golgata.

 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..