Leif Wikøren Nilsen

Joh 3, 11-16

Nikodemus og kobberslangen

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten … i det … kapitlet:

Joh 3, 11-16

Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, som er i himmelen. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Bibelselskapet,  Bibel 2011, Nynorsk

Innledning / apéritif

Eg satt og tenkte på... om eg hadde lagd ei lista øve kå som e nødvendig for å overleva, kå ville det stått på den? For nogen ville lista vore ganske kort. For andre lang. Mat, klær,  venner, hus; nogen ville hadde med iPhonen også... Andre ville tenkt millitær overlevelse; eit telt, ein kniv, eit våpen, kanskje gassmaske, ein RSP. Så stussa eg litt. Eg hadde oversett ein ting. Me trenge jo luft; oksygen; me må pusta! Sammenligna kunne klart meg ganske lenge uten dei andre tingan.

Jesus hadde og ei lista på kå som var absolutt nødvendig. Lista var veldig kort. Og det var at han måtte døy. For oss. I teksta seie han: «Menneskesonen må lyftast opp». Og «Gud gav Son sin».

Jesus prøvde å forbereda disiplane sine på dette. Mange gonge. La oss bruke dagens preiketekst for å forbereda oss óg.. Gjennom historia om Nikodemus:

1

I kapitlet frå Johannesevangeliet høre me om fariseeren Nikodemus som komme til Jesus. Han plages av tvil. Du ser: fariseerne var samstemte om at Jesus - han var *ikke* den Messias som i følge Det gamla testamentet sko komma. Nei, han var ein bedrager. Meinte dei. Men Nikodemus var blitt urolig. Han hadde begynt å lure; «mjo.. men tenk om?» Så han drar. Midt på natta (sånn bare for å ikkje bli sett av for mange).. Han finner Jesus og begynne å sei noge sånt som.. «Kremt.. Jo. Du veit. Me veit. Du e ein lærar og e kommet fra Gud..» Jesus vifte vekk høflighetspratet og går rett på sak. Han snakke om å bli født på ny; som å få en ny kunnskap om Gud; åpenbart; en åndelig fødsel. Nikodemus stusse øve pratet om «å bli født på ny». Men Jesus forklare: Uten å få et nytt kjennskap til Gud kan en ikkje forstå kem Gud e. 

2

Og så minne Jesus Nikodemus om ein annen historie. Ein gong for lenge sidan - i ødemarka - var Israelsfolket plaga av slanger i ørkenen. «Ja! Ja!» Dette kunne Nikodemus ein del om. Slangene var sterke symbolbærere. I mange kulturer og mange historier. Også i jødenes historie. I fortellingen om syndefallet var slangen symbolet for kløkt og listighet. For grekerne er de symbolet på helbredelse og knytta til medisinens gud. (Ennå i dag kan du se grekernes medisingud som symbolet til apotekene: ein slange kveilet rundt ein stav.) I Egypt var slanget et symbol på liv etter døden, pga slangens egenskap med å skifte ham/skinn. Og det var noe med dette siste som var Jesus sitt tema denne gangen: For Jesus snakka jo om «å bli født på ny». Nytt liv. Liv etter døden.

I fortelligen om Israelsfolket i ødemarka var folket på flukt fra Egypt. Det var på ingen måte enkelt. Ingen «første klasse» på ein kort flytur, men en lang vandring til fots. Lite mat og lite vann og nifse møter med folk - og dyr var det som prega dei. Og ei gong var det altså spesielt ille med masse slanga som kom innvaderte leiren og beit dei. Då klaga Israelsfolket til Moses. Og Moses bad til Gud om hjelp. Og Gud ville hjelpa. Løsningen var dog overraskande og merkelig. Gud bad Moses om å laga ein statue av ein slange av bronse, og reisa den opp. Når folk blei bitt, kunne dei sjå på bronseslangen, og så sko dei bli friske igjen. Ja, det var ein merkelig «medisin». Kossen sko det å sjå på eit objekt - ein død metall-statue - konsentrera seg om «dét» - få folk til å bli friske frå slangebitt? Lika fullt var det det som skjedde - dei blei friske. Når dei såg - på kobbarslangen. Så langt var Nikodemus med.

Men så gjør Jesus noge nytt: «På samme måte,» forklare Jesus, «e det med det budskapet eg komme med. Det nye livet; Å bli født på ny; handle om at EG skal bli reist opp. Sånn som kobbarslangen.» Detta var nytt. Nikodemus kunne ikkje støtte seg te noge han hadde hørt eller lært før. Jesus sammenligner seg selv med denna kobberlangen. 

Vi veit ikkje kossen samtalen blei avslutta. Men den endte ikkje med at Nokodemus løp ut i gatene for å fortelle at han hadde forstått noe nytt. Nei. Han var fremdeles i tvil. Han forstår enda ikkje heilt.

3

Seinare møte me Nikodemus igjen. Han forsøke å berga Jesus. Rådsmedlemmene vil rydde Jesus av veien. I Joh 7, 50-52 kan me lesa:

    Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus: «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?» «Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.» 

Enda seinere møte me Nikodemus enda en gang. Denne gangen ved Jesus kors og sammen med ein Josef frå Arimatea. I Joh 19, 38-39 lese me:

    Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen. Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. 

Jeg vil tro Nikodemus såg sammenhengen med kobberlangen. Han huska på det første møtet. Og den gamle fortellingen. De som så på kobberlangen ble helbredet. Og nå var han der. Ved Jesu kross. Og såg: Jesus reist opp. Som kobberlangen. Dette nye Jesus kom med. Den nye forståelsen. «Den åndelige fødselen.» Det ingen hadde forstått. Ganske forskjellig frå bronsestatuen då, men desto meir viktig: Jesus sko døy(!) for at me sko få leva. 

Bibelen sier ikkje mer om Nikodemus. Men i følge tradisjonen blei han en disippel av den oppstandne Jesus. Endelig var han overbevist om at Jesus verkelig var han dei hadde venta på, Messias, Jødenes konge.

Avslutning / punch line

Fariseerne venta på Messias, romere og grekerne hadde en gud for enhver anledning, og mange søkte etter frelse og frihet både åndelig, legemlig og samfunnsmessig. Inkludert Pilatus, enkelte av fariseerne, og folk flest. Også i dag e mange av oss «på leit». Folk lure på og undres: kå komme me fra? kor går me hen? kå e eigentlig meininga med livet? (Svaret er IKKJE «42»...)

Svaret Bibelen kommer me; det kristne budskapet; synes nok ein del er litt «..rart»: «Kossen kan det at Jesus døde på krossen for 2000 frelsa oss?» Lika fullt var det det som skjedde... Det e ein «mysterium» som eg i fleire av konfirmanttimane undersøke «kossen detta kan henge i hop». Ja, det e «rart». Men det e jammen meg også gode grunner til «å tru». Og det e det det koke ned til. På eit eller anna tidspunkt må me velga. Enten «å tru» eller «å la vær». Enten tar me del i denna nye kunnskapen. Eller så lar me vær.

Bibelen seie at det e bare ein vei te frelse; kun eit navn det e frelse ved. Profeten Jesaja skreiv:

   Vi gjekk oss alle vill som sauer,
   kvar tok sin eigen veg,
   men skulda vi alle hadde,
   lét Herren ramma han. (Jes 53, 6)

Troa får me ikkje som ein fortjeneste. Ikkje fordi me e verdige. Nei. Det e Guds gave. Til oss. Som trur. Evangelisten Johannes seie:

    For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3, 16)

For å leva trenge eg oksygen; luft. Eg kan ikkje klara meg uten. For å vær kristen; for å eiga himmelen; trenge eg Jesus. Han død. Og hans oppstode.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

Lat oss vedkjennast vår heilage tru: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Leif Wikøren Nilsen © 2018

Kilder: Timm O. Meyer og Ragnar Gilbrant

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..