Leif Wikøren Nilsen

Guds Lam, som ber bort synda i verda

I dette kan ein finne fred..

I teksta for 2. sundag etter Kristi åpenbaringsdag, seier døyparen Johannes: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!» Det ligg mykje nåde i desse ordane. I boka «Steingrunnen» av Bo Gierts kan ein lese om den lærde magister Savonius som prosten sender i soknebud til den døyande Johannes i Børsebo. Men med all sin lærdom klarer ikkje magistaren å roe ned Johannes i hans angst for døden. Til slutt prøver han med å si: «Om nokon i denne bygda kjem til å døy salig, så er det deg!» Den syke spør: «Kvifor?» «Du er ein betre og rederligare sjel enn nokon annan eg har truffet» seier Savonius. Då misser Johannes alt håp. Han veit om sine feil og mangler. Magisteren klarte ikkje å roe hans dødsangst. Savonius går ut og faller i gråt. Så blir det sendt bod etter ei kvinne i bygda, Katrina Filip. Og ho kjem til Johannes med eit enkelt bodskap: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda». Og i dette fi nner Johannes fred. Kom og høyr meir frå Joh 1, 29-34 i Bjerkreim kyrkje 10. januar.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..