Leif Wikøren Nilsen

Luk 13, 18-21

(Matrix)

Luk 13, 18-21

Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»

Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med? Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

Innledning / apéritif

Tenk: Har du noen gong hatt ein drøm, som var så verkeleg, at du var sikker på den var ekte? Kva om du ikkje var i stand til å vakne frå den drømmen? Korleis ville du vite forskjellen mellom drømmeverden og den verkelige verden?

Kanskje du ville svart at den ekte verden, det er den som du kan føle, smake, lukte og se. Kanskje du ville bedt nogen om å «klypa deg i armen..»

Problemstillingen e gammal. Eit filosofisk problem. Kå kan me vera sikre på? Kå kan me holda fast ved? Rene Descart sa at det einaste me kan vera sikre på, det e at me tenke: «cogito ergo sum». Ut frå det konstruerte han verden. Eg skal ikkje filosofera så langt som ham, men me kan ver enige om at denna verden er forgjengeleg. Sjølv stjerner og planeter har sin tilmålte levetid. Og når sjølv noge så uforståelig stort har en ende: fins det då noge evig? Når alt har blitt støv kå e igjen? Og kå e egentlig eit lite menneske? Kå e ekte? Og finst det noge evig? Noge som forblir når alt annet er blitt støv..

Bibelen fortel at det finst meir enn det øye kan sjå. Noge som e ekte og evig. I 2. Kor 4, 17f står det at det finst ein usynleg verden, eit kongerike som ikkje er forgjengelig. Og i dag i preiketeksta undervise Jesus om denne usynlege verdenen.

Det kan ver du føler deg som Alice. Som ramle ned i kaninhullet. At du bare vil aksepeter det du ser. At du forventer å få vakne opp. At du misslike at du ikkje har kontroll i livet ditt. Detta e, ironisk nok, ikkje langt frå sanninga.

Jesus vil at me skal vakne opp, få lyst til å vite kva Guds rike er. Sjå det. Smaka det. Føla det. Lukta det. Guds rike. Det er over alt. Det er allerede rundt oss. Sjølv nå. I dette rommet. Du kan sjå det når du ser ut av vindauget, eller når du slår på TVen. Du kan føle det når du går på jobb, er i kyrkja, bære ut søpla, til og med når du betale skatten.

«Kva er Guds rike likt?», spør Jesus.
1 Det er likt eit sennepsfrø
..svare Jesus retorisk.

Samanlikninga med sennepsfrøet, hold fram det som e likt for både sennepsfrøet og Guds rike. Poenget e ikkje så mykje sjølve veksinga, men på at noko som har ein bitteliten start, endar opp som noko stort og mektig, større enn me kan forstå. Ja, sennpsfrøet er ganske lite, og planten kan vekse seg ganske stor, så stor at himmelens fuglar kan bygge reir i det; finne ly, trygghet, ein heim.

Guds rike er slik. Det starta som noko ganske lite. Ein mann stod fram i Israel. Han samla ein liten gjeng med læresveinar. Og då han hadde vorte feira som den nye kongen på veg inn i Jerusalem, når alt såg så bra ut, blei det heile lagt i grus. Jesus vart fanga og forhørt, funnet skuldig og dømt til døden. Han blei krossfesta og døde og vart gravlagd – og tilhengarane var spredt og var heilt utan mot. Det heile kunne ikkje vore mindre. Som eit sennepsfrø, ja, lagt i ei grav. Men det stoppa ikkje der. Jesus stod opp igjen, kvinnene fant grava tom, læresveinane fekk nytt mot, og Guds rike skaut fart. Emmausvandrara. Samaria. Antiokia. Etiopisk hoffmann. Saulus. Paulus. Thomas kirka. Misjonsreiser. Roma. .. ein ringer i vann bevegelse som har nådd ut gjennom tid og rom .. like til oss som er her i dag ..

«Himmelens fuglar». Sjølv det uttrykket fortel noko om Guds rike. Himmelens fuglar er først og fremst ville fremmede fuglar, i motsetning til «tamme» kjente fuglar, som f.eks kyllingar. Og fuglane som bygger reir i treet er sjølvsagt menneske; av alle folkeslag; menneske som finn ly, trygghet, nåde og tilgjeving, ein evig familie, eit evig håp, ein heim – nettopp i Guds rike.

Merkar du det ikkje? Ein gjenklang? Ein dragning mot ham som er livets opphavsmann og fullendar? Ei djup lengting etter å ein dag vere heime der alt vil vere slik det først var meint? Å fornekte denne impulsen, denne dragninga, er å fornekte det som gjør oss til mennesker.

Igjen sa Jesus: Kva skal eg samanlikna Guds rike med?
2 Det er likt ein surdeig
..svare Jesus retorisk. Endå ei gong.

Nå e ikkje eg verken kokk eller bakar. I beste fall kan eg laga ein pizza eller to. Men eg har forstått såpass at surdeigen har ein verknad som hevingsmiddel i bakverk. Man har grunninngrediense. Fysst og fremst mel. Og vann. Og kanskje noko anna. Alt etter som. Men for at det ikkje skal bli ein hard klump trengs det hevingsmiddel. F.eks ein surdeig. Ein tar noko av den. Og «gjømar den i melet» – eltar den inn. Og så lar man deigen stå. Og surdeigen byrjar å virke. Etter ei tid har heile deigen surna. Frå side til side. Frå det inste til det ytterste. Heilt igjennom. Me treng ikkje å sjå sjølve surdeigen. Me treng ikkje forstå korleis det verkar. Men me erfarer og erkjenner at den er der: deigen har heva.

Surdeigen fortel om kå Guds rike gjer over tid. Over tid forandrast me som menneske. Ordet frå Gud betyr ein forskjell. Vandringa med Jesus lærer oss meir og meir. Krafta frå anden trøyster og styrker. Nokon kallar det for ein «helliggjørelse» - at ein blir meir og meir «hellig». Det handlar om at den som høyrer Guds rike til, strekker seg framover, forsøke å leggja av det som ikkje er godt, synden, det vonde, og forsøker å gjere det gode – like til Jesu Kristi dag.

Over tid verkar Guds rike i samfunnet. Vi som høyrer Gud til, me er i samfunnet. Og virker Guds vilje i våre liv, påvirkes også dei rundt oss. Kor er me i det daglige? Me jobber ulike plasser. Nokre på ulike institusjoner og bedrifter. Og me er med i ulike foreninger og lag. Her i Bjerkreim kunne me nemnt alt i frå KRIK til Yngres, frå organisasjoners arbeid og virke til kyrkja trusopplæring og omsorgsteneste. Variert og mangfaldig er me. Overalt.

Me auge for Guds rike kan me kalla det kyrkjebyggjande arbeid; å bygge Guds rike. Utanifrå, frå samfunnet elles, er me med i eit samfunnsbyggjande arbeid, eit arbeid som verke gode haldningar, etisk reflekterte menneske, og forebyggjande; kva landet vårt er tufta på. Og etter kvert. Over tid. Spreier me evangeliet videre ut over heile verda. Like til verdas ender.

Det som starta som noko lite; noko som for menneskje ikkje hadde stor verdi. Det verkar noko stort. Over tid.

Men. Så..
3 Dessverre... ingen kan bli egentlig fortalt kva Guds rike er. Du må sjå det for deg sjølv, oppleva det..

Ja .. for mange kan virke det som ein har leve to liv. Ett liv, der ein har sitt arbeid; som bonde eller konsulent; som butikkmedarbeider eller lærer eller sjukepleier. Man e registrert med sitt personnummer i systemet og man betaler sin skatt, ja, man har ein større eller mindre hage og onsdag morgon må man passe på å sette søppla ut til vegen. … Det andre livet skjer ein times tid ein skjelden søndag formiddag. Eller på eit sporadisk møte på bedehuset. 17. mai eller julaftan, ved dåp, eller konfirmasjon, eller vigsel eller gravferd. Ja, også for oss som går regelmessig i kyrkja eller på bedehus kan ein kjenne igjen det at dette livet som leves innenfor eit gudshus sine vegger, ofte er dramatisk forskjellig frå det første livet. Kvardagen. Det være seg korleis ein oppføre seg, korleis ein snakkar, eller kva ein gjør; i kva ein reknar som sanningar eller korleis ein samhandlar med sin neste.

Jesus utfordre oss. Det eine livet har en framtid, et håp. Det andre er forgjengelig; kun et «nu».

Ikkje prøv å vær i Guds rike, verken ved å gå på flest mulig møter eller å leve eit umulig helgenliv. Det er umulig. I stedet ... bare prøve å innsjå sannheta: Jesus kom. Han døyde. Han stod opp igjen. Han leve. Han er her nå. Han er vegen. Og sanninga. Og livet. Så vil du sjå at Guds rike byrjar å verke. Det er ikkje verda framfor augene dine som blir forandra. Det skjer inne i deg sjølv.

Avslutning / punch line

Vår fiende, han er denne synlege verda sin herskar. Han har dratt den synlige verden, øyeblikkets nytelse ned over øynene våre og gjort oss blinde for det som er evig. Djevelen vil at me skal leve livene heilt og holdent i denne drømmeverden. Han vil at me skal leve i uvitenhet om Guds rike, det usynlege, det evige. Og mange mennesker; både forretningsfolk og lærera og snekkere og bønder og elever; er bundet av denne verda på ein slik måte at dei ikkje lenger verken kan eller vil forstå det usynlege.

Når Jesus så vil forklara det som intet øye ser, for at mennesket skal klara å ane konturane av det som er evig, så bruke Jesus bileter. Guds rike er som sennepsfrøet. Som ein surdeig. Det starte med noko lite. Men veks. Og gjennomsyre alt. Heilt frå denne verda og like til den neste.

Nå gjenstår ditt val. Når gudstenesta er ferdig kan du reise deg og gå ut - og la Guds rike vere med det - du kan våkne opp i morgon og tru kva du nå enn vil tru. ELLER: Du kan ta eit steg i tru. Ta vare på orda. Gjemme Guds rike i ditt hjerte som eit lite frø. Og snart er det du som lager reir i Guds rike, finne ly, finne trygghet i ein verden elles er forgjengeleg. Og Han som er livets opphavsmann og fullender vil visa deg «hvor dypt kaninhullet går».

Kva venter du på? Kom igjen! Ikkje tru at du «kanskje» høyrer Guds rike til. Våkn opp! Du høyre til i Guds rike allerede nå! Og til evig tid! 

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Lat oss vedkjennast vår heilage tru: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..