Leif Wikøren Nilsen

Påske

Frå krubba til korset gikk vegen for Ham

Korleis skal eg kortfatta nærma meg eit av trua sine vanskelegaste mysterium? Det nærmar seg påske. Midt i fasten kjem ein dag der kyrkja går handelstanden en god gang. Her begynner me oppløpet mot jul, 9 månadar før tida. Kvifor? Jo, fordi ei ung jente blei svanger. Eg tenkjer på da Maria møy fekk besøk av engelen. Ho blei fortalt at ho sko bli med barn, men ikkje med ein mann; ikkje med eit menneske. Men av Gud.

Martin Luther har sagt at det største miraklet ikkje er at Maria blei med barn, men at ho trudde. Eg seier meg einig med ham. Men eit spørsmål gjenstår: Treng me å halde fast på jomfrufødselen? Det er jo så fint med Jesusbarnet i krubba og bodskap om fred på jord. Treng me å gjera det vanskelegare? Albert Einstein skal ein gong ha sagt at «ein bør forklare ting så enkelt som råd, men ikkje enklare.» Det var nødvendig at Gud kom til jorda som menneske: fordi straffa låg på menneske. Og som Gud: fordi intet menneske kunne båre denne verdas dom - og overvinna den. Jomfrufødselen handlar om å tru at Jesus verkeleg var Gud av Gud, og samstundes menneske av menneske. Han var begge deler. Det var nødvendig - for vår frelse.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..