Leif Wikøren Nilsen

Påske

Påske er DET store

Alt for ofte; ja heile året har mange ein tendens til å fokusera på alt anna enn dette eine: at Jesus stod opp i frå dei døde.

Ei gong gjekk Michelangelo til ein av sine målarvener og sa med frustrasjon: ”Kvifor held du fram med å fylla galleri etter galleri med bileta av Jesus då han var svak, då han hang på korset og då han var død? Kvifor konsentrerer du deg om lidinga som om dét var det siste kapitlet, som om Guds historie med verda slutta med døden og tapet? Du veit, dei forferdelege scenene varte berre nokre timar. Men historia er ikkje slutt: Kristus triumferte; Kristus stod opp; og han lever!»

Maria sitt liv fekk ein ny kurs etter påskedag. Det same skjedde for disiplane. Dei måtte læra seg å leva og å forstå livet på nytt - fordi alt måtte bli sett gjennom nettopp dette faktum at Jesus stod opp i frå dei døde.

Korleis er det med deg? Har nyhenda nådd deg? Pregast du av oppstandinga? Ja, kva vil det eigentleg seie; det å pregast av oppstoda?

Ein anna mann var alltid sprudlande. Han arbeidde ved ein heilt vanleg butikk. Men butikken fekk mange kundar åleine på grunn av hans gode humør. Og dersom nokon spurde kvifor han var slik, svarte han enkelt: Jesus lever!

Slik er det å vera prega av oppstoda: ein finn unnskyldningar for å gleda og hjelpa sine medmenneske; ein let oppstoda si glede få smitta over i kvardagen; og ein feirar påske kvar dag og hele året.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..