Leif Wikøren Nilsen

Til ettertanke ifm Bjerkreim kyrkje 175 år

Slekt følgjer slekters gang

38 Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. 39 Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. 40 Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» 41 Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. 42 Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»
Luk 10, 38-42

12. september feirer me Bjerkreim kyrkje 175 år. 175 år der Bjerkreimbuen har hatt høve til å sette seg ned med Jesu føter og høyre Ordet verte utlagt og levande – i same huset. Tenk på kven som har vore der før oss. Og dei som kjem etter. Kva ein har høyrt og sett og vore med på alle desse åra! Slekt følgjer slekters gang.

- Det har og vore 175 år der mange har hatt det travelt med å stelle til. Det vere seg til fest (dåp, konfirmasjon, vigsle og mykje anna) og høgtid (jul, påske og pinse, jubliear, utdelig av bøker osb.) og sorg (gravferdar, sorg- og minnesamlingar og helgemesse for å nemne noko). - 175 år der eit og same Gudshus, har våre landemerke og kjennemerke både for tida og æva og Bjerkreimsbuen. Gratulerer til oss alle!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..