Leif Wikøren Nilsen

Eit nytt år

Om å kalle

Så er jula ferdig for i år.. Men kyrkja si juletid varer lenger enn til nyttår. Mellom anna er nyttårsdag kalla Jesu namnedag – altså nært knytta til at han vart født. Eg vil trekke fram eit ord frå denne hendinga. Eit lite ord som me ofte lett hopper over, nemlig ordet «å kalle» (gresk: eklæte).

.. Barnet blei kalla namnet Jesus .. Luk 2, 21

Same ordet gir ein peikepinn på livet Jesus hadde framfor seg: Han var kalla til å frelse folket sitt frå syndene deira. Vidare er ordet brukt mange gonger om å vere kalla til å vere ein av Jesu læresveinar, om å på-kalla Jesu namn, om å vere kalla ut av verda, om å vere kalla til evig liv i himmelen osb. Ordet kyrkje (gresk: ekklæsia) består også av mellom anna dette same ordet. Innhaldsmessig kan det omsetjast på denne måten: dei utkalte / den litle forsamlinga her på jord med bilete og von om den store forsamlinga i himmelen.

Til ettertanke: Ordet «å kalla» med heile sin fylde kunne vore meir brukt i vår daglegtale. Omgrepet»å bli ved sitt kall» kan følast trongt og rigid for nokon. Men å vere kalla til den plassen ein har i livet, óg ovanfor Gud, burde vere like naturleg som å verte kalla til å bere det namnet ein har. Uansett om det er å vere kalla som kristen, prest, lærar, sveisar, far, mor, osb eller kva kombinasjon som helst av slike namn og titlar.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..