Leif Wikøren Nilsen

Brann, den enkelte og samfunnet vårt

I etterkant av brann på barneskulen på Vikeså

Det er no ei stund sidan Vikeså barneskule brann. Etter kvart har dei daglege oppgåvene lagt seg til rette. Og sjølv om både ordførar og rektor peika på at dette bare er vondt og trist for alle partar, ja, sjølv om ny skule kan reisast på grunnlag av forsikringsordningar, så er det no fleire og fleire som kjenner prisen me alle må betale i det daglege. Det handlar om alternative stader å vere når ein er på skule. Det handlar om foreldra som hentar og bringer. Det handlar om lærarar som må arbeide på alternative måtar. Det handlar om å faktisk oppføre seg ordentleg i forhold til alle partar i kvardagen. Osb.

Eg får fleire tankar òg: Korleis tenkjer me eigentleg om vårt felles eige og kvarandre no? Eg tenker til dømes på skular, kommunehus, vegar, bedehus og kyrkje. Er det «det er jo bare det bygget der» eller kanskje «kommunen skal jo ha pengar til sånt – dei har jo både vaktmeistarar og reinhaldarar» og dermed ser vi ikkje at alt dette eigentleg er vårt? Eller klarar me å halde hovudet stolt heva og seie at «det der, det er skulen min. Eg er ein del av han og difor vil eg vera med og verna om han.» Dette gjeld òg andre bygg me eig i lag.

Enda ein tanke: korleis omtalar me kvarandre? Er prest eller ordførar, lærar eller medelev, sjef eller kollega, foreldre eller barn, i vår omtale «det er jo berre han/henne..» og «dei tek ikkje ansvaret sitt..» og liknande? Og sjølv om mange skal tåle kritikk, i alle fall sakleg kritikk, så handlar dette også om respekt for kvarandre. Bedrifter talar om dette med begrepet «lojalitet» – og manglande lojalitet kan i grove tilfeller vere gjenstand for om ein får vere i bedrifta eller ikkje. Tilsvarande: kor mange gonger kan me omtale kvarandre i negative vendingar før me har svekka tilliten til kvarandre og den institusjon ein står for?

Eg har ikkje patent på noko oppskrift i høve til desse utfordringane. Men eg vil halde fram at, ja, for det er viktig å omtale kvarandre og våre felles verdiar på positive måtar. Me lever saman og me eig mykje saman! Me skal vere glade i dei me lever saman med - og vårt felles eige. For me vil vere stolte av alt me har og er i Bjerkreim. For me er ein del av det. Dette er ein del av vårt eige sjølvbilete.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..