Leif Wikøren Nilsen

Joh 14, 23-29

Du skal ikkje ha lært mye om verden - før du finne ut at det finst mange slags organisasjoner og foreninga og gruppe og komitea. Du har alt fra Grand Prix jurier, til kunstforeningar, eller til frimurerordener for den saks skyld. Det finst gode organisasjoner som drive med alt frå fredsarbeid til miljøvern, og så e der dårlige organisasjoner som oppfordre til strid og krig. Men felles for alle e at mennesker samle seg om ein eller annen sak, ein oppgave eller ein situasjon. På godt eller vondt.

Og eg vil bare ha det sagt. Eg e og med i ein av alle dessan organisasjonan. Det e ikkje ein hemmelighet. Og nei - det e ikkje Bjerkreim sjakklubb eg tenke på i dag.. (vel eg e med der og.. men detta e .. noge ant.. la meg forklara: )

Den organisasjonen eg e med i og som eg snakke om nå - det e ein enormt stor organisasjon. Eg he ikkje øvesikt øve heile - men medlemman møte opp øve alt - for det finst mer eller mindre regelmessige og medlemsmøtan øve alt. Det vanliga e at man samlies i ulike møtelokaler. Til og med på steder der folk for øvrig har flytta i frå. Men mange plassa møte ein lika gjerne opp heima hos ein av medlemman. Og så e detta ein .. verdensvid organisasjon. Ja. Me har medlemma i kvert eit land, i nesten kvar ein krok .. i alle samfunnslag .. me e representert i styrerom .. i dei fleste politiske parti .. i millitæret .. i politiet .. i fagforeiningsforbund .. på sjukehus .. på skular .. Me har medlemma i alle aldera; frå dei minste nyføddte til dei eldste på aldersheiman; ungdomma, barnefamilia, enslige.. Det er sjølvsagt både kvinner og menn med, både taleføre og dei stille, både dei som får mykje gjort og dei som aldri får gjort noge, både kreative og nytenkande, så vel som gammeldagse og tradisjonelle, både dei som e friske og aktive, og dei som trenge all mulig slags støtte og hjelp på livets vei.

Oja.. Kå me drive med? Vel.. det e au ganske møje.. Me driver med motivasjonsforbedring ..og adferdsforbedring ..me gjer mennesker håp ..og prøver å hjelpe folk med å få eit betre sjølvbilde. Og så vernar me om alle menneskers verd.. frå livets begynnelse til livets slutt. Og som velkomstgave tilbyr me fullverdige livsforsikringar - uten all slags forbehold du høre om fra vanlige forsikringsselskap - og så har me ein slags spesiell hjartetransplantasjon... «for dei med harde steinhjerter..» og møje mer.. Vel - dessa medlemsfordelan gjes ikkje bare i velkomstgave - det gjelde for alle medlemma.. alltid..

Og så må eg fortella om grunnleggaren / opphavsmannen vår. Du ser; han e bare SÅ unik! Vettu: Han har eigendomsrettar over heile jorda. Han e så sterk og så mektig! Det finst ingenting han ikkje kan !! Og sjølv om få har sett han, så har nestleiaren likavel vist mange kven han e. Ja - det e nesten lettare å beskriva denna nestleiaren enn leiaren sjølv: du ser; nestleiaren blei fødd i ein liten landsby - for mange mange år siden. Han arbeida fyrst i farens firma. Då som snekker. Og så drog han hjemmefra. Og i 3 år var han på reisefot og la grunnlaget for det som i dag e denna .. organisasjonen. Nestleiaren lova allerede då likeverd og medbestemmelse og integretet og oppreising og verdighet på ein måte som har føregrepe sjølv vår tids samfunn og holdninger..  Men det var ikkje ein lett start. For det denna nestleiaren sa og gjorde blei ofte misforstått .. også av hans nære familie .. ja fiendan hata det han holdt på med .. og dei klarte dessverre å få han fanga ..og torturert ..og drept .. i hui og hast .. Og så vart han gravlagt. Då trudde både tilhengerne og motstanderne at det heila stoppa der, men vettu? det gjorde ikkje det..! Du ser.. etter at nestledaren var død.. 3 daga etter at han var gravlagt .. skjedde det noge merkelig.. han blei .. levande igjen!

Utrolig.. Ikkje sant?? Vel .. Ennå ei stund var han sammen med vennane sine.. før han dro av sted igjen.. men han lot ikkje vennane ver aleina. ..han sendte ein merkelig kraft(!) til medlemman.. kossen skal eg forklara den? ..som ein vind? som ein ild? eller trygghet? eller visshet? eller fred? i alle fall.. vettu.. organisasjonen blei offisielt stifta den dagen denna krafta kom!

Og koffer nemnar eg alt dette? ..i dag?? ... Jo fordi - i dag - på dokkas konfirmasjonsdag - og på Marie og Luca sin dåpsdag - nettopp i dag feire me - at detta skjedde! Du ser pinse! Det e sjølve starten på denna organisasjonen! Den som kalles «KYRKJA»! Kyrkja e itte min mening den mest vidunderlige organisasjonen som finst på jorda! Ja den kan bare måle seg med det vi er lovt – i himmelen.

Me reise oss og synge pinsen sitt høgtidsvers! Kall det «bursdagssangen» for kyrkja om du vil..

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten … i det … kapitlet:

Joh 14, 23-29

Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.

Slik lyder Herrens ord. / Heilage Gud, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

LWN©2019

Kyrkja. Jesus. Pinse. Kå e det som skjer det me lese i bibelteksta i dag? Det e visst ein avskjedstale.. Få ting e så trasig som avskjedar. Jesus forberedte disiplane på at han sko forlata dei .. at han sko lida, dø og «gå bort». Eg e sikker på at disiplene blei skremt. Når nogen man e glad i drar sin vei .. då føle man seg forlatt.. aleine.. Men vettu .. Jesus har noe fint og godt å sei.. det viktigste punktet i avskjedstalen var at dei ikkje sko ver aleine. «Eg kjem til dykk at».. sa han .. og han lovte at han og Gud vår Far sko senda Den heilage ande til dei.

Den heilage ande... kå ska me sammenligna han med..?

På pinsedag kom anden over disiplane med ild og vind og kraft og makt og store tegn og under. .. men at Den heilage ånden er her i dag, det ser skjelden på den måten nå..  Han e der mer som ein kå skal eg sei.. 

Den heilage ande.. han er som ein «heia-gjeng»....

Ordet «talsmannen» som blei brukt i teksta e på gresk «παρακλετος». Og det kan man bryta ned i «παρα» og «καλεω». På norsk: ein som står ved siden av (παρα) og taler vår sak.. roper på oss.. kaller på oss.. heier på oss. (καλεω).

Er ikkje det eit fint bilde..? Se for deg at du e med på ett eller annet i livet ditt.. og ved din side har du ein heilt personlig «heia-gjeng» som heier nettopp på deg..

Den heilage ande er vidare ein «advokat» for oss..

På latin (i vulgata) blir dene parakleten / «heia-gjeng»-personen oversatt til «advokat». Den heilag ande er nemlig også ein som forsvarer oss og passer på oss. Ein del kristne ser for seg at man bruker Anden for å forsvare og argumentera for trua si.. og det e vel noge rett i det.. men fysst og fremst handle det om å holda fast i at den som trur på Jesus som Herre; at han døde og stod opp for vår skyld, faktisk e frelst. Den hellige ånd er også en advokat på en annen måte.. som ein samvittighetens stemme, som avslører synd og egenvilje og viser oss forskjell på det som er rett og det som er galt.

Den heilage ande er vidare «evig»..

Ja han var der allerede i skapelsen. Me kan kjenne han igjen når me lese at Gud pustet livspust(!) inn i mennesket .. !! Og så vil han ennå være der til evig tid.. Han vil være der på den siste dag.. og ein av funksjonane då e at han vil stå fram som denna «advokaten» som dømmer levende og døde som det heter i trosbekjennelsen; han vil forsvara oss; og finna oss rettferdige - i kraft av det Jesus gjorde for oss!

.. I tidenes morgen og på den siste dag.. og så e han også her; her og nå..

Den heilage ande er på ein måte kyrkja sin .. livsnerve!

Som en datamaskin ikkje verker utan strøm.. eller som ein bil trenge ein eller annen form for drivstoff.. eller som kroppen trenger mat og pust og mer.. slik trenger kyrkja og ein kvar kristen Den heilage ande. Uten den heilage ande.. ville Gud vært distansert.. dvs langt borte.. oppe i himmelen.. ja at han gjestet jorda for 2000 år siden.. kunne ein fortsatt holdt fast ved.. men nå?? Hvor er Gud nå! Jo, Gud er tilstede! Ved Den heilage ande gir han fortsatt kraft, og pågangsmot, og liv og alt mulig! ...

Avslutning / Punch line

Den heilage ande.. Her i kyrkja har me ikkje så stor tradisjon på å snakka masse om han. Ein kan vei sei at han e litt beskjeden.. Poenget e meir at Den heilage ande e som en lyskastar. Han vise oss kven Jesus e. Han vise oss både det som er rett og det som er galt. Han hjelpe oss til å strekke oss etter våre medmennesker - i kjærlighet og godhet.. han gir oss kraft og mot og styrket sjølvbilde.. kan kaller oss til ulike tjenester.. han utruster oss med ulike gaver og talenter og mye mye mer.. Ja tenk; alt dette er Andens verk. Og enda har eg berre skrapt litt i overflata.

Kyrkja. Det e ein fantastisk organisasjon. Ja. Den e meir enn «bare ein organisasjon». Den framtrer litt forskjellig fra sted til sted - men den blei i alle fall offisielt starta den aller aller første pinsedagen. Og den drives enda i dag - 2000 år seinare - av Den heilage ande!.. Over 2 milliarder mennesker er med nå! ..dåpsbarna; Luca og Marie e nå ein del av den. Og de konfirmantar. Me gjer både i dåp og konfirmasjon og i livet ellers både vårt «ja» og vår «takk» og vår «amen», til vår forsvarsadvokat, heia-gjeng, livsnerve og livskraft - nettopp i dag! Måtte han som starta ein god gjerning i oss alle, fortsette med det like til Jesu Kristi dag!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve.

LWN©2019

Lat oss vedkjennast vår heilage tru: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..