Leif Wikøren Nilsen

Litt om faste

Om å sette nesten i sentrum..

Å faste kan bety at ein for ei tid avstår frå mat og/eller drikke – helt eller delvis. Det kan være sunt. Kanskje også nødvendig. Men en slik form for faste setter fokus på oss sjølv. Bibelen, derimot, set vår neste i sentrum for fasten:

Jes 58, 6f: Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk, at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne.

Kva betyr dette for oss? Media hjelp å rette blikket langt ut. Tsunami i Japan. I skrivande stund: trugsel om nedsmelting av atomreaktor. Og så krig i Libya. Det er redde menneskjer. Som har tapt alt ein eig. Dei er på flukt. Dei treng hjelp. Av deg og meg.

Og så har me vår eigen plett på jord. Kva for åk bærer folk på her i Bjerkreim? Kan me ta åket bort? Og kva for omsorg kan me gje kvarandre? Livet er ikkje likt for nokon av oss. Det kan handle om så mangt. Og vennskap og relasjoner blir ofte så skjørt.

La oss derfor alle strekkje oss langt, så fiendskap ikkje får råde – så kvar enkelt kan bli sett – så den som treng hjelp, får hjelp, der ein er i livet.

Bøn: Hjelp oss Gud til å sjå – at det me gir av pengar, arbeid og tid – til nesten vår her og framande ute i verda – det gjer me deg tilbake. For du har skapt oss og heile verda. Og me – me er dine forvaltarar.

Amen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..