Leif Wikøren Nilsen

Paradigmeskifte?

«Hvis en mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen»

Rett etter tragedien i Oslo og på Utøya skreiv eg ein kort artikkel på nettstaden til Bjerkreim kyrkja. Eg nemde mellom anna at denne hendinga kan markere eit skifte i korleis me alle tenker – eit paradigmeskifte.

No, over ein månad med media sine daglege oppslag, så står ei setning sterkt igjen av alt som er sagt og skrive. Og det er: «Hvis en mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen». Tenk kor fint om det blir slik me endrar måten me tenkje på. At me kan og me vil vise mykje kjærleik saman. Kjærleiken har vist seg på mange måtar: Nedlegging av blomar. Å løfte roser i eit folkehav. Kondolanseprotokollar. Holde hender. Tenne lys. – Ja, «vårt lille land» har sjeldan stått så samla – i kjærleik. Men alt det som skjedde er framleis så uverkeleg. Det er bare meiningslaust. Våre ord blir fattige. Og difor låner me nokre ord i frå Bibelen: «Kom til meg, alle de som har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile.» Matt 11, 28. Han som er Kjærleik, han ber oss kvile. Frå sorg, og redsle og einsemd. Livet er så uendeleg sårbart. Men tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa saman. Kjærleik er òg å få kvile hos Han.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..